Anmeldelse

The Sims

Om det er online-speling eller konsollar du er interresert i, slepp du ikkje unna lengre. The Sims er her, og dei er her for å bli. Sjølv om The Sims er den største kassasuksessen nokon sinne er det mange feller å gå i når ein slik tittel skal lanserast i nye versjonar, noko lanseringa av The Sims Online er eit godt eksempel på. Kundar er misfornøgde, og ting har ikkje gått heilt som planlagt. På PlayStation 2 derimot, ser det ut som om Maxis har sett omtrent kvar einaste felle fleire mil på førehand, og har dansa rundt dei med ein eleganse du skal sjå lenge etter. The Sims på PlayStation 2 er like bra, om ikkje betre enn på PC.

Ingen grafisk prestasjon
Den nye grafikken er ikkje det første du vil legge merke til i The Sims. Riktignok er alt i 3D denne gang, men om du trur dette er eit spel som vil tyne kvar lille dråpe kraft ut av den svarte maskina di, tar du feil. Nokon stor grafisk prestasjon er The Sims ikkje, men for alle som har spelt originalen, vil alt virke kjent med ein gang. Alt frå elektroniske artiklar til busker på plenen din er heilt likt originalen. Trass i at grafikken i utgangspunktet er ganske enkel, så hindrar ikkje det at den raskt viser den største svakheita til The Sims. Spesielt når du har besøk, viser grafikkmotoren seg frå ei lite flatterande side. Dårleg framrate og hakking pregar til tider spelet. Ein anna detalj som er ganske irriterande er når nokon skal dusje, eller gå på toalettet. Då dukkar det opp ein enorm, kvadratisk sladd for å skjule det ein ikkje snakkar om. Denne verkar mot hensikta si, riktignok skjuler den ting, men den trekk meir oppmerksomheit mot nakne kroppar, enn vekk frå dei.

Likevel har overgangen til 3D for det meste vore positiv. I PC-versjonen har du kun fire vinklar å sjå ting frå, medan på PlayStation 2 kan du rotere på dei analoge stikkene for enkel navigering gjennom huset ditt. Ikkje berre er navigeringa enkel, men det er mykje lettare å finne fram til uromoment. Ta for eksempel insekt som dukkar opp på gammal mat og skitne toalett, i PC-versjonen kunne desse av og til gøyme seg på plassar der kameraet ikkje kom skikkeleg til. No kan du enkelt kome til overalt, og ingen plass ligg gøymt. Om du ikkje er av typen som bryr deg med insekt, er det berre å ansette ei frekt kledd hushjelp som tar seg av all møkk som skulle dukke opp.

The Sims PS2

The Sims Xbox

The Sims PS2 PS2 Windows Xbox

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 31. januar 2003
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: Maxis

The Sims Xbox Xbox Windows PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 4. april 2003
  • Plattform: Xbox
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: Maxis

Forsiden akkurat nå

Til toppen