Anmeldelse

The Sims

2003 er det store året for The Sims. I år er det tre år sidan dette fenomenet tok over heimane til folk, og forvandla mange av oss til sosiale avvik. På desse tre åra har The Sims solgt over 20 millionar kopiar, og uttallige ekspansjons-pakkar, offisielle eller uoffisielle har blitt pumpa ut til massane. I år tar The Sims for første gang det store steget inn i nytt og uutforska territorium.

Side 1
Side 2
Side 3

Forståeleg tullpreik
Sjølv om språket i The Sims er oppdikta vås, så er det genialt oppdikta vås. Om du så slår opp i Oxford Dictionary vil du ikkje finne dette språket her på trykk. Likevel er det ikkje noko problem å forstå humøret til karakterane dine. Tonefallet dei brukar i forskjellige samanhengar gjer det enkelt å forstå kva dei føler. Om ikkje tonefallet skulle vere nok, har du jo alltids humør-menyen som viser korleis dei har det. Dette er kanskje den mest essensielle delen av heile spelet. Er du ikkje i stand til å halde dei forskjellige målarane godt oppe på den grøne delen av grafen, så har du eit problem. Det beste er å ta seg av ein kvar negativ tendens så tidleg som mogleg. Ser du at simmen byrjar å få dårleg hygiene sender du han i dusjen før det blir ille.

Om du derimot likar å plage dei, kan du vente til han går og sniffar på armhulene og lagar misfornøgde lydar. Ein normal person hadde gått i dusjen på flekken om han stinka som pesten, slik er det ikkje i The Sims. Om simmen din er smart nok til å gå i dusjen avhengjer av dine val då du skapte han. Valte du til dømes å gjere han til ein ryddig person, vil slikt vere heilt naturleg. Skapelseprosessen er ein hårfin balanse. Vil du gjere simmen din veldig flink på eit område, vil andre område lide, og endar du opp med ein slem sim, kan det føre til problem når du må ha vener for å få ei høgre stillig i jobben din.

Spelet er lagt opp så enkelt som å styre eit simulert liv kan vere. Det meste foregår med X-knappen. Du trykker på ting, gjer valg med piltastane, og trykker på X igjen for å få dei til å gjere det du vil. For å enkelt halde oversikt over dei forkjellige behova Simmane dine skulle ha, kjem det opp forkjellige enkle informasjonsblokker om du trykker på piltastane. Enkelt, ikkje sant? Det vanskelegaste steget i The Sims for ein urutinert spelar er nok byrjinga. Kome inn i ei rutine som sørgjer for å halde Simmen din i godt humør. Det kan vere ein slitsam prosess, men svara på depresjonane til ein digital person er ofte enklare enn du trur. Det er fantastisk kva ei overdådig seng med ”Play in Bed” modus kan gjere for humøret.

I tillegg til den nye grafikken, er det to store forandringar i The Sims. Når du første gang startar spelet har du valet mellom å spele ordinær The Sims-modus, eller den nye Get A Life-modus. I GAL (Get A Life) er det di oppgåve å leie ein Sim gjennom livet. På start-menyen vil du finne ei liste over dine mål for det aktuelle steget i livet ditt. Mål som må fullførast er alt frå å bli promotert på jobben, til å score med nokon på ein fest. Det første som må gjerast er å låne pengar av mamma, slik at du kan flytte ut. Det heile endar med førtidspensjonering i din eigen villa. Om dette ikkje verkar interessant, så bør du vite at mange ting du kanskje vil dekorere huset ditt med, ikkje er tilgjengelege før du har låst dei opp ved å nå eit mål i GAL-modus.

Korte døgn
The Sims er eit spel du lett kan bli veldig irritert på. Simmane gjer alt veldig treigt, noko som resulterar i at det kan bli veldig vanskeleg å halde dei i godt humør. Den tida du bruker på å sende simmen på toalettet, få seg mat, eller gjere eit vågalt forsøk på å ha det litt moro, brukar simmen din til å bli utstliten og gretten over for lite søvn. Slike ting har lett for å ende opp i ein vond sirkel, og det skal ikkje mykje til for å oppfatte at døgna er alt for korte. I utgangspunktet bevegar simmane seg svært treigt over skjermen. Dessverre har ikkje Maxis gjort det mogleg å variere hastigheita i spelet i særleg grad. Riktignok kan du spole med R1, men du har kun ei hastigheit å spole med, noko som ofte blir for treigt.

I PC-versjonen kan du velje mellom tre, og PS2-versjonen lider av dette. Ofte kan du bli sittjande å vente på at simmen din skal bli ferdig med ei oppgåve, og denne ventetida kan bli ganske kjedeleg i lengda. Eit anna problem vil vise seg når simmane sovnar. For å sleppe å vente lenge medan karakteren din søv, går tida automatisk mykje raskare om natta (eller når simmen din måtte finne det nødvendig å sove). Problemet som viser seg er at om du driv simmen din som ein slavedrivar kan denne til tider sovne midt på parketten, noko som igjen får tida til å kaste seg inn i ein maraton. Det er ikkje alltid like lett å få med seg om dette skjer, spesielt om du har meir enn ein sim i huset, og det er lett å kaste vekk kostbar tid.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden