Anmeldelse

Transformers

Transformers. Det er lett å bli nostalgisk av eit sånt ord. Eit barnerom fyllt med utslitne leikar, og timar framfor TV-apparatet. Samtidig er det vanskeleg å unngå den gnagande følelsen av at visse ting skal ein ikkje tukle med.

Side 1
Side 2

Om du enda ikkje har fått med deg at eit Transformers-spel har vore på veg må du ha levd i ei boble det siste året. Spesielt den imponerande grafikken med tilsynelatande uendeleg synsvidde, har skapt overskrifter. Dette er også heilt rettferdig. Transformers ser fantastisk ut. Det kan vere vanskeleg å forstå at dette i det heile tatt er mogleg på PlayStation 2. Fjell og dalar strekk seg så langt auget kan sjå, medan elver buktar seg framover medan dei glimar i sola.

Ei enorm verd Ein blir slått av ei enorm trang til å utforske. Gi blanke i alt som heiter struktur, for å berre springe rundt og sjå seg omkring. Det du etter kvart sikkert vil innsjå, er at sjølv om du føler du spring i evigheiter møter du aldri veggen. Det seier liksom aldri stopp. Banene følest verkeleg enorme og vidstrakte. Tranga til å utforske er noko som vil halde seg sterk heile spelet gjennom. Hovudgrunnen til dette er Minicons, små robotar som kan gi deg forskjellige nye eigenskapar. Dette kan vere alt frå nye våpen, til vinger. I tillegg har alle Minicons fargekoding. Om du set saman fleire av same farge vil du få bonus på energien din. Energi er i Transformers ein fellesnemnar for både helse og ammunisjon. Om du står på ein bakketopp og ser lyset av ein Minicon i det fjerne, blir gjerne alt anna uinteressant for ei lita stund.

Det er klart at å vere i besettelse av desse små robotane er ein fordel, og det blir dette historia også omhandlar. Dei superslemme Deceptions er sjølvsagt ute etter å fange alle saman. Og det er opp til Optimus Prime, Hotshot og Red Alert å stoppe dei. Strukturen i spelet er ganske enkel. Du må kome deg fram til eit mål, eventuelt få nye direksjonar, for til slutt å ta knekken på ein knallhard Deception. Bortsett frå dette er du fri til å gå fram korleis du vil. Du har ingen alternativ for korleis du vil utføre oppdraga dine, men du er fri til å leite fram det du kan finne av Minicons før du går til sjefskampen. Om du ikkje skulle ha funne alt på ein bane vil du sjølvsagt kunne gå tilbake seinare for å gjere grundigare arbeid.

Eit tradisjonelt action-spel Om ein ser bort frå Minicons ei lita stund vil ein finne at Transformer eigentleg ikkje byr på mykje nytt. Det er eit heilt tradisjonelt action. Det som gjer spelet bra er moglegheitene du har. Du kan velje sjølv om du vil vere den store og tunge Optimus Prime, eller ein mindre og raskare Hot Shot. I tillegg kan du sjølvsagt transformere deg frå Autobot til køyretøy når som helst. Dette viser seg raskt å kunne redde deg ut av mange situasjonar. Transformasjonen går også så fort at du aldri vil tape tid på å "skifte ham". Finn du til dømes ei samling med Decepticlones kan du rykke inn, fyre av nokre rakettar, for så å lokke dei med deg som bil. Alt medan du er på trygg avstand. Det viktigaste kjem uansett i form av Minicons. Kva av desse du vel å benytte deg av kan drastisk forandre opplevinga di.

Skulle du hamne i den situasjonen at du har lav energi, er det ein ganske tradisjonell metode du brukar for å fornye energien din. I tillegg til å kunne bruke Minicons for å gjere deg sterkare, vil alle fiendar du sprenger i lufta legge frå seg energikuler. Mengda og krafta på desse varierar i grad med størrelsen og krafta på fiendane. Til ei kvar tid vil ein Minicon følgje etter deg. Denne kan du lenke saman med for å oppnå ei slags "bullet time"-effekt. Sidan dette tømmer energien din ganske raskt bør du bruke den med omhu.

Dessverre er det sjeldan ein ikkje må setje fingeren på noko, og slik er det også i Transformers. Det første som sannsynlegvis kjem til å irritere deg grenselaust er det håplause kontrolloppsettet flysekvensar har. Ved å utruste deg med ein spesiell Minicon får du vinger, og når ein først får vinger forventar ein å kunne fly med dei. På dette punktet hatar Transfomers deg, det er eit spel som vil du skal lide. Det brettet du vil finne vingene på er midt i atlanterhavet. Du vil måtte fly mellom små skjer som stikk opp av sjøen, og for gus skuld, ikkje hamne under vannflata.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden