Anmeldelse

Treasure Planet

Disneys siste storfilm er ein framtidsvisjon av Robert L. Stevensons kjende forteljing om Jim Hawkins møte med Long John Silver, og livet på dei sju hav. Ein klassikar som både små og store har hatt stor glede av opp gjennom tida. Det er vel eigentleg mange moglegheiter med ein slik lisens, så kva har Bizarre Creations funne på i denne samanheng? Eit plattformspel.

Side 1
Side 2

Det er eit under eigentleg. Med alle desse Disney-filmane som har flomma over oss opp gjennom tida, endar spela alltid opp som det same. Eg kan eigentleg aldri hugsa å ha sett Simba frå Løvenes Konge springe rundt og hoppe på småkryp som måtte kome i vegen hans. Eg har heller aldri lagt merke til Pochahontas' behov for å samle myntar for å kome seg vidare i livet. For å sei det sånn: Om ein skal døme etter spelet, blir det mange myntar og hopp på stakkars Jim Hawkins i den siste filmen frå Disney. Kva er det med desse myntane eigentleg? Kvifor er dei ein så viktig ingrediens i kvart bidige plattformspel? Er det mangel på kreativitet frå utviklarane si side, eller er det rett og slett ei livstruande frykt for å faktisk gjere noko nytt for ein gangs skuld. Myntar er passè, det er kjedeleg, det er oppbrukt. Bli ferdig med det!

Denne tanken har kanskje slått Bizarre creations då dei sette seg ned for å finne ut kva dei skulle finne på med denne lisensen. Så kva fant dei på? Grønne gasskuler, i tillegg til myntane. Ikkje nok med det, men vi har heile to typar grønne dingsar som flyter i lufta og praktisk talt tryglar deg om å plukke dei opp. For å gjere heile greia enda betre så får du knapt nok lov til å gjere deg ferdig med eit brett om du ikkje har alle desse. Spesielt frustrerande er denne sankinga av myntar og gass på baner der du brukar surfebrettet til Jim, kanskje den einaste variasjonen frå dei stereotypiske blåbærplukkinga.

Å snu brett kjapt i nitti grader for å få tak i ei kule, som du i tillegg har tidspress for å nå, er ikkje så veldig lett på eit surfebrett som går 500 mil i sekundet. Eg kan ha misforstått noko, men er ikkje dette eigentleg eit barnespel? Disney-filmar er som regel sikta mot eit yngre publikum, så då burde kanskje spela og vere det. I så fall hadde det kanskje vore ein ide å skru ned vanskelegheitsgrada eit par hakk. Dei fleste ungar er ikkje kjende for å ha den største tolmodigheita, så å fly rundt på ei bane for å få tak i irriterande grøn gass, utan den fjernaste aning om korleis du skal få tak i den, er vel ikkje eit smart trekk.

Når historia gjentar seg sjølv
Det er ikkje kva Bizarre Creations har gjort med spelet, som gjer meg forbanna. Det er alt det dei ikkje har gjort. Her har vi eit tema, Sjørøverøya i verdsrommet, ut på eventyr, hiv og hoi, og alt det der. Dei kunne ha gjort dette om til eit eventyrspel, og med hell. Det er mykje å ta tak i her. Om Bizarre Creations hadde lagt til ein del eventyrelement, tatt vekk myntar, tatt vekk gass, og lagt til ein multiplayer-modus så kunne dette blitt bra. Det er rett og slett ein forbrytelse at det ikkje er multiplayer her. Der du ikkje må drive presisjonskøyring er surfebrettet ganske morosamt. Nei da, den eine tingen som kunne gjort dette spelet verdt å ta i, er kasta og gløymt.

Eg skal ignorere plattformdelen av spelet ei stund, og heller fokusere på Treasure Planets positive side. Første gang eg prøvde surfebrettet tenkte eg: "Wow, dette er jo ganske kult!" Det er kanskje ikkje spesielt nyskapande eller grensesprengande, men det er moro å fly av garde på brettet til Jim. Det går svært fort, og nokre gjennomtenkte baner tileigna dette brettet er ein fin tanke. Problemet er desse ballane av gass som du kanskje la merke til at eg nemnde tidlegare. Gleda av fart blir liksom ikkje så stor når du må fokusere på å finne alle desse.

Å plukke dei opp er ei anna sak. Sjansen for å suse rett forbi dei i den høge farten er stor, og å køyre forbi same ballen gjentatte gangar er ikkje så moro. Det kan ha med uflaks å gjere, men det kan og ha med plasseringa å gjere. Når du må time eit hopp på eit spesielt punkt får å kome i rett høgd for kvar gassballen din befinner seg, seier det seg sjølv at det blir ein del mislukka hopp. I tillegg har jo farten din, og vinkelen du kjem mot hoppet frå ein god del å seie for korleis det går i lufta. Alt i alt så er det begrensa kor morosamt det er å køyre gjennom den same bana ti gongar.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden