Anmeldelse

Turok Evolution

Det var tidleg i 1997 at Turok for første gang blei sluppe laus på verda. Fem år og tallause oppfølgjarar seinare er det på tide erobre den siste generasjonen med konsollar. Det har vore hypa opp som det største som hittil har skjedd med konsollverda. Tusenvis av britar har til og med søkt om å få skifte namn til Turok, berre for å få nokre ekstra pund i lommeboka. Dette bør vere bra.

Side 1
Side 2
Side 3

Historia er absurd nok, som det passar seg. Kva forventar du deg eigentleg når ein indianar skal skyte seg veg gjennom hordar med dinosaurar og øgler med maskingevær? Du er Tal'Set, høvding for Saquinane. I eit siste slag mot den onde Kaptein Bruckner blir du på merkeleg og mystisk vis transportert inn i ein anna dimensjon. Bak deg følgjer Kaptein Bruckner. I denne verda må du kjempe mot den onde Lord Tyrannus og hans soldatar, øglemenn kalt slegs. Men det er ikkje så viktig. Det einaste som eigentleg betyr noko i Turok er vel å skyte dinosaurar, og å ha mange farlege leiketøy til disposisjon.

Eg var ikkje særleg imponert ved første augekast. Grafikken er vel ikkje av det beste vi har sett på PS2. Med loadetider på opptil 30 sekunder, og busker og tre som dukkar opp i lause lufta. Dette kunne ha vore gjort betre med den krafta vi finn i konsollane no for tida. Når Turok for første gang tar steget inn i den siste generasjonen med konsollar, forventar ein nesten at det skal sjå spektakulært ut. Dessverre gjer det ikkje det. Det første som slo meg var at det eigentleg ikkje såg ut som om særleg mykje har skjedd sidan dagane på Nintendo64. Mange dinosaurar er veldig runde og unaturlege i formene, og teksturar er ofte flate og livlause.

Kjem du nær dinosaurar er det til tider vanskeleg å sjå om utviklarane i det heile tatt har tatt seg bryet med å legge til viktige detaljar som auge og nase. Eit eksempel er dei store brachiosauruslika som ligg rundt omkring på visse baner. Kjem du nær dei ser det heile ut som ein brun udefinerbar masse. Brachiosauren er berre ein av mange brune dinosaurar. Acclaim har tydelegvis gått ut frå at alle dinosaurar var brune, kanskje med unntak av stegosaurus. Etter alle dei fantasifulle fargane vi har sett på dinosaurar frå Jurassic park blir dette rett og slett tamt i forhold. Den kjedelege fargebruken fører til problem når du møter dei dinosaurane og fiendane som ikkje er på storleik med ein T-rex. Nokre gongar ser du ikkje at du blir angripen før ein raptor hoppar opp i ansiktet på deg med vidopne kjevar.

Dei første bretta i turok fungerar mest som ein slags tutorial, du spelar eit par brett der du spring rundt og slår ned nokre raptorar, og blir kjent med kontrollane. Deretter blir du kasta opp i salen på ein enorm pterosaur. Dette er vel det einaste i Turok som er nytt. Der er nye våpen og fiendar, men heile opplegget er heilt likt det vi har sett før. Etter å ha prøvd å kontrollere dette beistet eit par gangar er det lett å bli irritert over at du ikkje kunne fått kontroll over eit litt tammare dyr. Dette dyret her vil i alle fall ikkje gjere som du vil.

Den tida det tar deg å lære dette dyret å kjenne, er vel omtrent så lang tid det tar for ein dyretemjar å temme ein hest. Flyr du opp i høgda må du vere forberedt på at dyret brått stuper nedover, og når du flyr mellom klipper og fjell, kan eit slikt kast vere svært øydeleggjande. Sjølv om flygeoppdraga er eit interessant tillegg i Turok universet så blir det slitsamt etter kvart.Multiplayer funksjonen er bra. Banene er godt designa og har bra balanse. Men dessverre så blir det heile fullstendig øydelagt av dei store svarte rammene på toppen og botnen av skjermen. I single player er dei ikkje eit problem, men når du skal spele i split-screen blir det veldig vanskeleg å sjå kva som føregår.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden