Turok var ikkje død

Acclaim drog sine siste andedrag i fjor høst, og med det var naturleg for mange at Turok også sang på siste verset. Fredag kom nyheita om at Turok lev i beste velgåande.

Buena Vista Games har kjøpt rettigheitane til Turok. Dinosaurjegaren som først dukka opp i teikneseriar i 1954, vil dukke opp på nytt i spel utvikla av det nyoppstarta selskapet Propaganda Games. Propaganda Games er eit underselskap av Buena Vista Games, og selskapet inneheld veteranar frå Def Jam- og NBA Street-seriane frå Electronic arts.

- Gjennom innbydane ny teknologi, speldesign og grafikk, er det vårt mål å ta Turok til nye høgder. Denne merkevara si rike, prehistoriske setting og blodtørstige monster, gir oss ein fabelaktige palett med innhold til å skape det mest intense og action-fulle opplevinga for nestegenerasjons-konsollar, seier Josh Holmes, visepresident og studio general manager for Propaganda Games.

For dei fleste er nok Turok best kjent frå serien som starta på Nintendo 64, og seinare utvikla seg i det som mange ikkje ser på som ein heilt vellukka serie. Kva vi har i vente no gjenstår å sjå, men Turok er i alle fall på veg til handholdte, dagens- og nestegenerasjons konsollar.

Siste fra forsiden