Uncharted 3-regissøren har sagt opp jobben

Justin Richmond har bestemt seg for å prøve lukka hos suksessrikt MOBA-studio.

Sony Computer Entertainment

I løpet av dei siste månadane har vi sett ei lang rekke oppseiingar hos ulike Sony-studio. Tidlegare i veka blei det klart at Sony hadde sagt opp fleire stillingar hos SCE London Studio, Guerilla Cambridge og Evolution Studios. I februar blei det kjent at God of War-studioet Santa Monica Studio kutta i staben, kort tid etter å ha flytta inn i nye og større lokale.

Tidleg i mars blei det òg kjent at Uncharted-forfattar Amy Hennig hadde slutta i Naughty Dog, og det blei hevda at ho hadde blitt pressa ut av kollegaer, noko ho sjølv ikkje har kommentert.

Uncharted 3-regissøren tar farvel

Kvar går vegen vidare for Nathan og Elena?

No har ein ny Uncharted-veteran slutta hos Naughty Dog. Denne gong er det Uncharted 3: Drake's Deception-regissør Justin Richmond som har sagt opp. Til IGN har han utbrodert avgjersla si:

«Eg har bestemt meg for å forlate Naughty Dog. Eg elskar selskapet og folka der, og eg veit at dei vil halde fram med å lage fantastiske spel. Etter å ha tenke nøye gjennom det har eg no byrja hos Riot Games. Dei held på med nokre verkeleg innovative greier eg ikkje kan vente med å ta del i.»

I haust blei det kjent at Richmond skulle samarbeide med Amy Hennig om å skape Uncharted 4 for PlayStation 4. Sjølv om dei to viktige figurane no har slutta i Naughty Dog, fortel Sony til Eurogamer at dette ikkje vil ha innverknad på utviklinga av spelet.

Det gjenstår å sjå kva Richmond vil gjere hos Riot Games. Han er best kjend for å ha regissert Uncharted 3: Drake's Deception, men han hadde og ansvar for fleirspelarmodusen i Uncharted 2: Among Thieves, noko som sikkert kan kome godt med hos fleirspelarsentrerte Riot Games.

Om du er nysgjerrig på korleis Naughty Dog utviklar spela sine, har dei laga ein eigen dokumentar om utviklinga av storspelet The Last of Us.

Siste fra forsiden