Utsetjing for Wasteland 2

Stort budsjett har skapt eit enormt spel.

Ein av dei første og største Kickstarter-suksessane var inXiles Wasteland 2-kampanje. Utviklarane sanka inn nesten 3 millionar dollar i løpet av den månaden kronerullinga var aktiv, og dette tillet utviklarane å lage eit mykje større spel enn dei originalt planla.

Spelet har no blitt så omfattande at inXile har sett seg nøydde til å utsetje spelet. Dette fortel Brian Fargo i ei ny oppdatering på Kickstarter-sida deira. Originalt skulle spelet lanserast til hausten, men dei ligg no seks veker etter skjema, og vil i staden fyre laus betafasen i oktober.

Fargo skriv at teamet ikkje har støtt på nokon problem, og at utsetjinga utelukkande er fordi dei har for mykje innhald til at dei kan få det ferdig i løpet av den timeplanen som var låst fast. I motsetning til Double Fine som nyleg fortalde at dei hadde laga eit spel så stort at dei gjekk tom for pengar, fortel Fargo at økonomien framleis god i inXile, og at alt er trygt innanfor budsjettrammene.

Slik blir Wasteland 2 sjåandes ut.

Neste stopp: Beta

Første stopp for inXile no er å gjere ferdig alt innhaldet i Wasteland 2. Når det er gjort vil betaen gå av stabelen, og der vil folk som har støtta spelet få teste spelet og vere med på å luke ut eventuelle problem. Når den fasen er ferdig vil utviklarane evaluere kvar dei er, og setje ein ny lanseringsdato.

Wasteland 2 er på sett og vis den andre oppfølgjaren til det post-apokalyptiske rollespelet Wasteland frå 1988. Den første var det legendariske rollespelet Fallout som eigentleg skulle vere Wasteland 2, men blei omdøypt sidan utviklarane ikkje eigde namnet Fallout.

I likskap med Fallout er Wasteland sett til ei øydelagd verd der du tek kontroll over ein bande krigarar. I motsetning til dei siste Fallout-spela blir Wasteland 2 eit tradisjonelt rollespel sett frå fugleperspektiv.

Les også: Deep Silver gir ut butikkversjonen av Wasteland 2 Les også: Torment-oppfølgjaren sette Kickstarter-rekord

Siste fra forsiden