Uwe Boll-film blir spel

For å snu verda opp ned vil Uwe Boll no lage eit spel basert på sin eigen film.

Ikkje heilt utan grunn har den tyske regissøren Uwe Boll fått refs for sine mange filmatiseringar av kjende spel. På den etter kvart ganske lange lista med produksjonar finn vi Alone in the Dark, BloodRayne, House of the Dead, Dungeon Siege (som enno ikkje er lansert), samt ein film basert på FarCry som snart skal vere ferdig innspelt. Om det ikkje skulle vere nok har han laga ein film basert på Postal-serien, ein film han sjølv hevdar er eit kunstverk.

Uwe Boll har fått grundig slakt for kvar einaste film han har laga. Etter kvart har han blitt temmeleg lei alle kritikarane, og slenger gjerne med leppa i deira sin retning. Han tok det heile eit steg lengre ved å arrangere ein boksekamp der kritikarane skulle få denge laus på han alt dei ville. Han gløymde å informere dei om at han er tidlegare boksar.

Sjølv om han er best kjend for sine filmatiseringar av spel, er ikkje dette alt regissøren brukar ressursane sine på. Eit av prosjekta han held på med for augneblinken er filmen Tunnel Rats. Tunnel Rats er ein original film frå Uwe Boll basert på dei harde forholda under Vietnamkrigen.

GameDaily.biz fortel at tyske Replay Studios vil utvikle eit spel basert på denne filmen, og det vil ikkje bli ditt typiske og heroiske heltespel. Spelet vil fokusere på den stygge og forferdelege sida av å vere i krig. Tunnel Rats vil ikkje direkte følgje historia i filmen, men vil i staden introdusere deg for ei parallell historie med andre personar. Gjennom handlinga vil vi få ta del i dei emosjonelle utfordringane hovudpersonane vil møte.

– Som filmen er spelet mørkt, valdeleg og skitent. Vi portretterer krigen som den galskapen den er, fortel Marc Moehring, grunnleggjar av Replay Studios.

I følgje Moehring vil spelet la deg erfare den forferdelege verda soldatane befinn seg i. Du vil kunne knivstikke soldatar som søv, frese ei grotte med flammekastar, og plukke suvenirar ved å kutte øyra av fienden. Alt dette medan du etter alt å døme sakte men sikkert blir sinnssjuk. Spelet vil ha ein stor fokus på å skyte fiendar, men vil i tillegg ha rom for å snike seg rundt dei, finne feller, og å ta del i nærkamp med knyttnevar.

Tunnel Rats blir utvikla i samarbeid med Boll sin filmproduksjon. Utviklarane blir kontinuerleg oppdatert med materiale frå filminnspelinga for at spelet og filmen skal passe saman på best mogleg måte. Målet er å sleppe både filmen og spelet samtidig, tidleg neste år. I tillegg fortel Uwe Boll at han gjerne vil selje spelet og filmen i ei samlepakke når filmen kjem på DVD.

Tunnel Rats kjem til Xbox 360 og PC tidleg neste år.

Siste fra forsiden