Vakkert indiespel utsett til neste år

Vi får ikkje spele spanande Ori and the Blind Forest i år likevel.

Ori and the Blind Forest er eit todimensjonalt eventyrspel som hentar mykje inspirasjon frå spel som Castlevania: Symphony of the Night og Super Metroid. Vi får ei stor verd å utforske. I spelet styrer vi ein liten kaninliknande skapning som reiser på eventyr gjennom ei rekke store område, men det som har vekt mest oppsikt sidan kunngjeringa tidlegare i år er den slåande vakre grafikken.

Vi blei først lova at Ori and the Blind Forest skulle kome oss i hende før jul, men no fortel utviklarane via nettsidene sine at dei treng litt meir tid for å gjere ferdig spelet. Av denne grunn har spelet blitt utsett til tidleg 2015. Vi har ikkje fått nokon nøyaktig dato, men det er framleis eksklusivt for Xbox One, Xbox 360 og PC.

Visuelle krumspring

Ori And The Blind Forest blir eit svært vakkert spel.
Microsoft Game Studios

Vi tok ein kikk på Ori and the Blind Forest under E3-messa tidlegare i år. Vi fekk ikkje mykje tid med spelet, men kunne raskt konstatere at det ser ut til å bli noko heilt spesielt. I alle fall på den visuelle fronten. Sjølv om utviklarane sa alle dei rette tinga, var det spelmekaniske litt vanskelegare å få eit godt inntrykk av. Vår mann sleit litt med å få tak på spelet i løpet av dei få minutta han fekk av speletid:

«Ori and the Blind Forest er et spel som viser at det er mogleg å lage spel som ser mykje betre ut enn dagens higen etter fotorealisme i stortitlane. Ingen andre spel kunne måle seg grafisk under messa i sommar, og få framkalla like mange spørsmål. Vi veit no at det ser pent ut – no må Moon Studios overbevise oss og spelarane om at det ikkje berre er eit pent spel, men at det også har ei god djupne under den blankpolerte overflata.»

Om du kunne tenkt deg å prøve deg på nokre andre todimensjonale spel, men ikkje har lyst til å vente til neste år, kan du ta ein kikk på Dust: An Elysian Tale og Guacamele.

Siste fra forsiden