Anmeldelse

Valkyria Chronicles

Nyskapande strategi

Dette er spelet for deg som vil prøve noko nytt, og storkose deg samtidig.

Andre verdskrig har vi sett svært mykje av, men stort sett frå vestlege utviklarar som gir oss det eine skytespelet etter det andre. Eit og anna strategispel har òg dukka opp, men det er ikkje denne sjangeren som haustar den største suksessen med europeisk krigføring.

Før dine tropper til seier

Vis større

Trailer: Valkyria Chronicles #3

Stikkord:
  • action
  • spill
  • playstation 3
  • taktisk
  • valkyria chronicles


Valkyria Chronicles er eigentleg ikkje sett til andre verdskrig, men det er heilt tydeleg at det er krigføring i Europa som er den store inspirasjonskjelda. Det heile skjer tross alt i Europa, sjølv om dette ikkje er Europa slik vi kjenner det. Sega har blanda stridvogner med valkyrjer og eldgammal magi, og har såleis skapt eit ganske interessant univers. Det blir ikkje så alvorstungt som dei fleste krigsspel blir, men presterer likevel å skildre eit land herja av krig på ein dramatisk måte, samtidig som det beheld ein lystig tone.

Vi følgjer Welkin, ein ung mann som bryr seg meir om blomar og dyr enn om krig, og sidan han er sonen til ein krigshelt, endar han raskt opp i førarsetet på ei stridsvogn. Å gå frå å vere ein mann av naturen, til å bli ein viktig mann i krigssona er ikkje ein enkel overgang, men Welkin gjer jobben temmeleg bra. Grunnen til at alt dette skjer, er at imperiet har bestemt seg for å invadere Gallia. Det er lett å sjå korleis dei forskjellige sidene av krigen er inspirert av andre verdskrig. Imperiet er eit stivt regiment som slektar mykje på nazistane, sjølv om sjefen sjølv ser meir ut som Cæsar.

Gallia på si side er eit vakkert og frodig land, med bondegardar og folk som gjerne er litt meir rufsete i kantane. Uniformene er meir fargerike, og ein kan tidleg få inntrykket av at spelet er litt svart kvitt i sitt verdsyn, sjølv om dette er ting som seinare blir utfordra gjennom historia.

Blomar og batongar

Valkyria Chronicles er eit uvanleg spel, og det første du vil leggje merke til er den spesielle grafiske stilen. Ved første augekast er det typisk japansk animestil, men i staden for å ty til vanleg Cel-shading for å få fram verda, har Sega utvikla sin eigen «Canvas»-teknologi som legg eit elegant skissepreg over heile spelet. I staden for å berre bruke mørkare fargar for å illustrere skuggar, brukar dei skraveringar med blyantstrekar, og kvite rammer rundt skjermen som får det heile til å sjå ut som skisser fargelagde med akvarellmåling. For å gjere det heile komplett, har utviklarane valt å illustrere lydeffektane med animert skrift. Skyt du til dømes mot ein fiende vil «ratata» hoppe opp på skjermen i herleg teikneseriestil.

Som eit ganske naturleg ledd i alt dette, blir historia fortalt gjennom ei bok. Du går aldri rundt i byar der du plukkar opp gjenstandar og snakkar med folk. I staden for fri utforsking blar du om i boka, noko som gir deg nye sider med forskjellige bilete. Ved å trykke på dei forskjellige bileta vil du få sjå ein nye filmsekvens. All dialog i spelet er framført av skodespelarar, og dei gjer ein god jobb i å få fram historia, men det er litt vanskeleg å akseptere eit Europa der alle snakkar med amerikansk aksent. Sjølv om verda er godt realisert, hadde den nok kome enda betre fram om skodespelarane reflekterte dei forskjellige regionane i spelet. Så snart den fantastiske musikken glir inn i øyra dine, har du likevel gløymt dette, så det blir ikkje noko problem.

Etter nokre filmsekvensar vil du raskt sjå eit lite kart i boka, noko som tyder at du må ut i kamp. Det er her Valkyria Chronicles verkeleg skil seg ut frå alt anna som så langt har kalla seg taktisk strategi. Kva taktikk eigentleg betyr er ganske relativt i forhold til kva verdsdel du kjem frå, men om du er frå Japan betyr det nok sannsynlegvis turbasert krigføring på eit rutenett. Spel som Ogre Battle: The March of the Black Queen og Fire Emblem var med på å skape denne sjangeren, og den har ikkje utvikla seg stort sidan desse spela.

Ta vel imot Valkyria Chronicles, for dette er eit spel som tydeleg hentar mykje inspirasjon frå klassiske taktiske strategispel, samtidig som det vrir om på det, og skapar noko heilt nytt. I staden for å låse seg fast til eit turbasert mønster der du er nøydt til å bruke akkurat den soldaten spelet fortel deg at du kan bruke, står du fritt til å bruke akkurat dei du vil, og sjå bort frå dei andre. Samtidig er dette eit turbasert spel med element frå tredjepersons-actionspel, og dette kastar deg inn i kampane i mykje større grad enn andre taktiske strategispel.

Å vrake og velje

Boka som driv historia vidare, fungerer samtidig som ein hovudmeny der du gjer alle val. Du kan til dømes velje kva soldatar du vil ha med i hæren din. Dette er svært viktig, for før kvar kamp må du velje kva soldatar du vil ha med deg frå hæren. Forskjellige slag vil stille forskjellige krav til kva det er nyttig å ha med seg, men du har alltid rom for å forme dine eigne taktikkar, og å velje akkurat dei soldattypane du helst vil ha med deg. Du har eit lite, men godt utval å velje mellom, og alle har sine spesielle bruksområde. Til dømes har du soldatar som er svært kraftige mot stridsvogner, fotsoldatar som er effektive mot det meste, og soldatar med sniperrifler.

I tillegg finn vi soldatar som ikkje er sterke mot noko som helst, men som likevel får ei svært viktig rolle i kampane. Eit godt eksempel på dette er speidarane. Dei kan springe lengre enn alle dei andre soldatane, samt at dei har lettare for å oppdage fiendane. Speidarane kan òg raskt få ei anna og svært viktig oppgåve. Når ein av soldatane dine blir drepen, vil han bli borte for alltid, med mindre du når fram til han før fienden gjer det. Sidan speidaren kan gå langt, er han ideell til å gjere akkurat dette. Ein anna og svært viktig soldat er teknikaren. Han gjer ikkje mykje skade sjølv, men han kan reparere stridsvogna til Welkin, samt fylle opp ammunisjonen til dei andre soldatane om dei skulle gå tom.

Dette er likevel ikkje alt som skil soldatane frå kvarandre. Som sagt har du soldattypar, men blant kvar type, har du personar. Du har kanskje seks fotsoldatar i hæren di, men dei er alle forskjellige. Alle soldatane har positive og negative eigenskapar, eller potensiale som spelet kallar det. Dette kan vere alt frå støvallergi og forakt for menn, til ein kjærleik for natur, samt gode vener ein kjempar betre saman med enn andre soldatar. Ved å studere kva slags område du skal ut i, kan du setje saman ei gruppe med soldatar som enten vil støyte på mange problem, eller som kan utnytte ting til sin fordel.

Ta kommandoen

Når du omsider har bestemt deg for kven du vil ha med deg i ein kamp, demonstrerer Valkyria Chronicles raskt kvifor det skil seg ut frå andre taktiske strategispel. Først og fremst må du ikkje bruke kvar soldat i kvar runde. I liknande spel har som regel kvar soldat ein tur kvar runde, men i Valkyria Chronicles har du ei mengde kommandopoeng du kan bruke akkurat slik du sjølv vil. Om du vil bruke kvar soldat, kan du gjere det, men om du vil bruke den same soldaten om igjen fleire gongar, så er det opp til deg. Det einaste du mistar på det, er at dei kan gå litt mindre kvar tur i løpet av runda, samt at sjansen er større for at dei vil gå tom for ammunisjon.

Når du vel ein soldat, får du direkte kontroll over han. I staden for å velje på eit kart kvar han skal gå, glir spelet over i tredjeperson, og du kan styre han akkurat dit du vil. I denne fasen av spelet er du alltid sårbar. Om du kjem inn i skotlinja til ein fiende, vil han skyte på deg inntil du har funne ein stad å gøyme deg, eller til du går til motangrep. Når du vel å angripe, stoppar spelet, og du får opp eit sikte på skjermen. Dette siktet viser eit omtrentleg omriss av kva du vil treffe, samtidig som spelet er hjelpsamt nok til å fortelje deg kor mange kuler du treng for å drepe ein fiende.

Dette blir raskt ein svært viktig del av spelet, sidan du berre kan angripe ein gong per tur, og kvart angrep brukar få kuler. Nokre soldatar har til dømes fem eller ti kuler per angrep, og du kan på denne måten lett finne ut om det er verdt å ta ein sjanse eller ikkje. Om du treng tre kuler for å drepe ein fiende, og du er nær han, er du nesten sikra eit positivt utfall. Om fienden i staden ligg i graset, og du treng 30 kuler for å drepe han, bør du heller finne på noko anna, som til dømes å hente inn Welkin med stridsvogn.

Engasjerande kampar

Valkyria Chronicles er eit svært robust spel på alle måtar, men det som verkeleg gjer spelet til ein vinnar, er dei gjennomtenkte og utfordrande karta som verkeleg let deg bruke alle verktya spelet gir deg. Omlag alle kart gir deg så mange moglegheiter at du verkeleg står fritt til å ta med deg akkurat dei soldatane du vil. Om du vil plassere tre soldatar i bakgrunnen med sniperrifle, medan fotsoldatane spring inn, kan du gjere det. Om du vil sende inn ein og ein soldat for å infiltrere fienden sitt område, kan du gjere det. Spelet let deg verkeleg gå fram på akkurat det måten du sjølv vil, og dette gjer kvar kamp veldig engasjerande.

Det er ikkje korte kampar vi snakkar om her. Du bør ikkje bli overraska om du brått innser at du har spelt i ti timar sjølv om du eigentleg ikkje kan hugse å ha vore med i så mange kampar. Eit slag tar tid i Valkyria Chronicles, og dette er tid det brukar på å suge deg inn og gi deg kjensle av å verkeleg ta viktige avgjersler midt i ei krigssone. Skulle du ikkje meine det er bra med kampar som kan ta ein time, kan du hendig nok lagre når som helst under ein kamp, slik at du aldri treng tenkje på tidspresset.

Når ein kamp er over får du pengar og erfaringspoeng etter innsatsen, og desse kan du bruke som du sjølv vil. Frå boka kan du velje å gå til hovudkvarteret, og her kan du velje å blant anna oppgradere dei forskjellige soldattypane, samt kjøpe betre våpen og utstyr. Det er fritt fram for å distribuere pengar og erfaringspoeng etter behov, noko som gjer det veldig lett å fokusere på det du ser på som dei svakaste punkta i hæren din.

Konklusjon

Det er eigentleg på tide at det kjem eit skikkeleg japansk rollespel til Playstation 3. Dette er ein sjanger Xbox 360 praktisk talt har ete opp dei siste åra, og Valkyria Chronicles kjem nok som ei velsigning for mange Playstation 3-eigarar der ute. No er ikkje Valkyria Chronicles et typisk rollespel, sidan det er eit taktisk strategispel, men det gir deg den gode historia, og dei engasjerande kampane vi forventar frå slike spel.

Det er eit svært unikt spel som tør å tråkke ny grunn i staden for å tvihalde ved gamle lover og reglar. Samtidig er det nydeleg å sjå på, og gir eit herleg avbrekk frå realisme. Valkyria Chronicles er eit ekstremt vellykka forsøk på å gjere noko nytt, og byr på mange timar med fantastisk underhaldning.

Valkyria Chronicles er i salg fra fredag 31. oktober, kun for Playstation 3.

Siste fra forsiden