Anmeldelse

Valkyrie Profile 2: Silmeria

Eit av årets mest unike og engasjerande spel gjer ting fullstendig på sin eigen måte.

Å anmelde japanske rollespel er like moro som å sitje utanfor prøverommet medan kjærasten din prøvar klede. «Javel?» tenker du kanskje, og får ein smart idé om at eg hatar sjangeren og difor er uskikka til å ta fatt på oppgåva. Tvert imot, det er få sjangrar eg set meir pris på. Det er berre denne uendelege torturmøla av manglande inspirasjon og kreativitet ein må gå gjennom kvar gong ein skal skrive om det. Smak på denne: «Dette er eit japansk rollespel med turbaserte kampar på tilfeldige tidspunkt». Om du er ekstra kreativ kan du kanskje skrive: «kampane kjem utan forvarsel og du må vente på tur før du kan slå».

Det spelar inga rolle kor moro du har det i dei tre hundre og femti timane spelet varar. Du endar nesten alltid opp med å gjenta den same røkla kvar gong du skal setje i gong med å forklare kva spelet går ut på.

Kva gjer du då når eit spel dukkar opp som gir deg eit heilt anna problem? Du veit ikkje heilt kva du skal sei. Du skjønar kva du gjer, og du skjønar kvifor du gjer det, men korleis skal ein forklare det? Korleis skal ein forklare at noko som frå ein eindimensjonal synsvinkel kan framstå som å gå baklengs med truger, faktisk er noko av det mest unike og kreativt imponerande innan speldesign du nokon gong vil leggje auga dine på?

Blendande vakkert

Valkyrie Profile 2: Silmeria er fordømt vakkert. Det bankar skiten ut av PlayStation 2 og får den snart pensjonerte maskina til å hoste ut sine siste krefter i eit slagsmål som burde få det til å ryke av den stakkars maskina. Det er så fargerikt og velgjort at ein får litt problem med å akseptere at det faktisk står PlayStation 2 på emballasjen. Greitt nok, vi finn ikkje dei reine linjene den høge oppløysninga maskiner som Xbox 360 og PlayStation 3 tillet, men det er ikkje nødvendigvis det som er det viktigaste. Nokre gongar er sjel minst like viktig, og er det noko Valkyrie Profile 2: Silmeria har nok av i alle former, er det sjel.

Historia startar med introduksjonen av Alicia, ei prinsesse som lid ein tragisk skjebne. Ho delar personlegheit med valkyrja Silmeria, og endar opp som ei brikke i eit dramatisk spel mellom gudane og menneska. I denne historia er ikkje sjefsguden Odin ein snill gammal mann som vandrar blant folket og har seg med jotnedamer. Han er ein tyrann, og dette har menneska sett seg leie på. Så leie at fleire av dei manar til krig mot gudefolket. Nøyaktig kva Silmeria og Alicia har med dette å gjere skal eg vere snill og halde for meg sjølv, men det utviklar seg til å bli ei temmeleg episk forteljing. Det hadde kanskje blitt nokre hakk betre om skodespelet var like episk som i Final Fantasy XII, men musikken gjer opp for det. Motoi Sakuraba er kanskje ein av dei dyktigaste komponistane sollandet har å by på, og det beviser han til det fulle i Valkyrie Profile 2: Silmeria.

Så kva er det som kan framstå som å gå på truger i bakvendtland (i motvind)? Dei som har spelt Valkyrie Profile på PSOne, eller nyutgjevinga på PSP vil raskt kjenne seg igjen i Valkyrie Profile 2: Silmeria. I staden for å styre kameraet fritt, og springe som ein vil over store område, blir du kasta inn i noko som minnar meir om plattformspel frå tidleg nittital, som til dømes dei gamle Metroid-spela. All utforsking i spelet skjer ved å springe mellom høgre og venstre, og det gir spelet ei heilt spesiell atmosfære.

Fredelege og fiendtlege område har nokre få forskjellar. I grotter og liknande vil alt ligge som eit flatt bilete framfor deg, sjølv om det i aller høgste grad ser levandes ut. I landsbyane blir det heile litt meir organisk. Vegane snur og vender på seg, men sidan du alltid spring mellom høgre og venstre, er det berre kameraet som justerar på seg. Alicia sin posisjon på skjermen er og blir den same. Skal du inn i eit hus, eller gå til nye område gjer du dette ved å gå inn eller ut av skjermbiletet, akkurat som i ei lang rekke gamle plattformspel.

Heltar etter døden

Eit av dei viktigaste elementa i Valkyrie Profile 2: Silmeria er einherjarane. Ein einherjar er sjela til ein død krigar (eg sa spelet var fullt av sjeler). I følgje norrøn tru henta valkyrjene einherjarane med seg til guderiket for at dei skulle bli med i hæra til Odin. I Valkyrie Profile 2: Silmeria kan du finne einherjarar på forskjellege område, og du kan få dei med i di eiga vesle hær. Målet med dette er først og fremst å byggje dei opp slik at du kan setje dei fri, noko du tener på i form av at du får forskjellege krystallar du kan fordele på alle dei andre krigarane dine. Dette gjer dei enda sterkare, noko som gjer heile erfaringsprosessen til ei konstant utfordring der du byggjer opp krigarane dine meir og meir.

Sjølv om du etter kvart byggjer deg opp ei solid samling med krigarar, både av vanlege menneske og einherjarar, får du berre ha med deg fire av dei i kamp. Dei forskjellege krigarane kjem som alt frå tunge krigarar til magikarar og bogeskytarar, noko som gir deg mykje rom til å setje saman ei gruppe med krigarar akkurat slik det passar deg. Samtidig må ein òg leggje vekt på å setje saman krigarar som fungerar i hop. Dette fordi komboangrep så og seie er som sol for blomar i dette spelet. Om du ikkje får inn ein einaste kombo ryk du på rumpa ut av kampen ganske kjapt.

Kvar krigar har sine angrep lagt til enten firkant-, kryss-, sirkel- eller trekant-knappen på kontrollaren. Når du krigar mot ein fiende skjer alt i sanntid, og krigarane angrip umiddelbart når du trykkjer inn knappen deira. Avhengig av kva våpen du har gjeve dei forskjellege krigarane, vil dei kunne utføre alt frå eit til tre angrep berre ved å trykke gjentekne gangar på knappane deira. Dette kan kanskje lett høyrest ut som ein simpel trykkefest der raske trykk betyr siger, men dette kunne ikkje ha vore lengre frå sanninga. Ved å koordinere angrepa til dei forskjellege krigarane riktig, vil du kunne utføre enorm skade i kamp, der du elles knapt ville lage ei svak ripe i lakken på rustninga til fienden.

Alt handlar om å få krigarane dine til å fungere som ei<<>> eining. Du utfører ikkje artistiske kombinasjonar i det uendelege med kvar enkelt karakter. I staden angrip du med dei forskjellege krigarane når du ser ei opning, utnyttar deira sterke sider, og byggjer opp om dei svake. Nokre krigarar er kanskje frykteleg fysisk sterke, men det hjelper lite om dei ikkje kjem seg gjennom fienden sitt forsvar. Om du til dømes møter ei gigantisk bille med eit ugjennomtrengeleg panser, må du vippe den over på ryggen før du kan dele innmaten i to. Dette får du ikkje til ved å hamre laus som ein gal mann. I staden må du finne ein krigar med eit angrep som kan få til akkurat dette.

Dette er kjernen til den enorme underhaldningsverdien til Valkyrie Profile 2: Silmeria sitt kampsystem. Du må tenkje ut forskjellege angrepsmønster for dei fleste fiendane du møter, og dette gjer ikkje berre kvar kamp like engasjerande som den første, men det blir konstant betre etter kvart som du lærer deg å beherske spelet. I staden for å heile tida repetere bruken av forskjellege knappetrykk, er kampane i Valkyrie Profile 2: Silmeria nesten som gåteløysning. Du må utforske fiendane, finne ut kvar dei er svake, for så å gradvis finne nøkkelen som låser opp taktikken du må ta i bruk for å slå dei. Det er ei enorm tilfredsstilling som aldri gir seg.

Du kan alltid bli betre

For å gjere krigarane enda meir skikka til kamp, kan du trene dei opp i forskjellege ferdigheitar. Dette er gjort på ein ganske kreativ måte i Valkyrie Profile 2: Silmeria. I staden for å kjøpe nye ferdigheitar, eller låse dei opp etter kvart som du stig i erfaringsnivå, vil du måtte finne dei ved å setje saman forskjelleg utstyr. Alt av våpen og utstyr har forskjellege eigenskapar. I tillegg har dei ei rune, og kvar nye ferdigheit du vil ein karakter skal ha, må låsast opp ved å setje saman riktig kombinasjon av runder.

Dette er noko som raskt får utslag for eventyra dine. Du finn kanskje ut at du manglar ei rune for å få låst opp ei ferdigheit, og med det endar du opp med å springe ut på jakt etter monster som kanskje har utstyr med denne runa på seg. Akkurat det burde ikkje plage nokon, når kampsystemet er så velgjort som det er her. Når ein i tillegg får erfaringsbonusar og fleire gjenstandar ved å drepe fiendane kjapt, er det forferdeleg vanskeleg å leggje frå seg kontrollaren.

Konklusjon

Nokre spel sluttar aldri å vise deg nye ting. Uansett kor mykje du skulle spele, og uansett kor godt du trur du forstår spelet, skjer det alltid noko gjer spelet enda betre. Valkyrie Profile 2: Silmeria er eit slikt spel. Det er vanskeleg å forstå alt i byrjinga, men etter kvart som du spelar, og forstår systema som ligg i botnen for både utforsking og kamp, finn du meir og meir å glede deg over.

Valkyrie Profile 2: Silmeria er eit rollespel som gjer ting heilt på sine eigne premissar, og ved å finpolere alle detaljar har utviklarane skapt eit meisterverk av skyhøge dimensjonar. Sjølv om spelet er eit fullstendig utradisjonelt rollespel, er det utan tvil eit av årets beste. Når produksjonen i tillegg byr på eit fantastisk vakkert spel med nydeleg musikk, er alt klart for eit langt og engasjerande eventyr.

Siste fra forsiden