Video og info fra Zelda: Twilight Princess

På Nintendo sin pressekonferanse i dag blei det stor jubel då det gikk opp for alle at det var ein ny Zelda-trailer som rulla over skjermen, og det var nokre interessante detaljar å spore. Som mange har antatt frå tidlegare videoar, som blant anna viser ein ulv i måneskin, kan Link omforme seg til ein ulv. Hyrule har blitt innhylla i eit mørke, og når Link bevegar seg inn i dette blir han omforma til ein ulv. Her får han hjelp frå ein katteliknande humanoid ved namn Midna. Videoen viser Link med Midna på ryggen i forskjellige situasjonar, både i og utanfor kamp.

I tillegg til å vise Link i fleire kampsituasjonar, mot både skjellett og svarte monster som fell ned frå eit hol i lufta, kunne vi sjå Link springande rundt blant folk, gjennom skogar, og padlande i ein kano. Musikken er orkestral og dramatisk, noko som igjen understrekar at dette er ein heilt anna Link enn vi fekk sjå i The Wind Waker.

Videoen viser også meir av Link på hesteryggen i full kamp, og ei kappekledd kvinne (Zelda?). På sitt eventyr for å redde Hyrule frå den visse undergang må spelarane tenke smart for å løyse oppgåver, finne våpen, og for å kome seg vidare. Undervegs må han få hjelp frå mange karakterar, både gamle og nye.

Det nye eventyret til Link kjem til våre breddegrader i november, og i mellomtida kan du kose deg med dei nya bilda og den nye videoen. Om dette ikkje er nok kan vi minne om at Nintendo bekrefta at eit Zelda-spel for Nintendo Revolution er under utvikling.

Kommentarer (11)

Forsiden akkurat nå

Til toppen