Viva Piñata til DS

Papirdyra utforskar nye horisontar i handhaldt format.

Under Comic Con-messa som gjekk føre seg førre veke, annonserte Rare at dei er i ferd med å utvikle ein versjon av Viva Piñata til Nintendo DS. Spelet vil bli i same gate som Viva Piñata som kom til Xbox 360 før juletider i fjor, i staden for eit festspel som det nyleg kunngjorde Viva Piñata: Party Animals.

Detaljane rundt spelet er svært få akkurat no, men på det offisielle brukarforumet til Viva Piñata har ein utviklar hevda at dei som er i tvil om kor godt gameplayet i spelet let seg overføre til DS, vil bli «positivt overraska». I følgje Kotaku vil spelet gi oss eit ovanfrå og ned perspektiv, medan kontrollsystemet vil bli forbetra ved å ta i bruk trykkeskjermen.

Viva Piñata til Xbox 360 let deg byggje opp din eigen hage for å friste dei forskjellege Piñataene til å busetje seg der. Samtidig må du forsvare dei mot inntrengjande udyr, og sørgje for at du ikkje har husdyr som hamnar i konflikt med kvarandre.

Det er ikkje sagt noko om når DS-versjonen av Viva Piñata kjem i butikkane, men vi kjem tilbake med meir informasjon når vi får den.

Siste fra forsiden