Anmeldelse

Warrior Kings: Battles

Strategispill i sanntid er i ferd med å gå tomme for luft, men nokre verdige utfordrarar dukkar opp med jamne mellomrom, for å entre trona som kongen over alle strategispel. Om Warrior Kings: Battles kjem seg så langt er heller tvilsomt, men eit par gode idear får vi i alle fall servert.

Den spede byrjinga
Warrior Kings: Battles (frå no av WKB) slektar mykje på spel som Age of Empires, og i nyare tid Age of Mythology. Den største forskjellen mellom WKB og dei fleste andre strategispel er at du ikkje vel rase eller side før du startar eit brett. Om du blir god eller ond, eller noko midt i mellom, er det avhengig av val du gjer i løpet av spelet. Dei første av desse vala kjem ganske umiddelbart. Noko av det første du kan bygge er ei kyrkje, eller ein totempåle. Bygger du pålen kan du naturleg nok ikkje bygge ei kyrkje etterpå, sidan ingen prest med respekt for seg sjølv vil respektere at du tilber ein anna gud enn hans.

Det første som skjer når du startar spelet er at du blir tildelt fire bønder og ein herregård. Neste oppgåve blir å bygge ein landsby, og landsbyen blir hovudsenteret for innsamling av ressursar. Når du gir ein bonde i oppgåve å enten samle materiale eller høste mat på ein gard, blir alt levert til landsbyen. For at du skal få nytte av ressursane må du derfor ha ei vogn til å frakte alt inn til herregården. Dette kan av og til få innsamlinga av ressursar til å verke unødvendig langsam, spesielt i byrjinga av eit brett.

Nokre bygningar må byggjast innanfor bymurane. Det meste som har med bygging av ei hær, oppgraderingar og ressursutnytting må plasserast innanfor dei. Når du først startar eit brett er bymuren berre ein firkanata stolpemur. Når du skal bygge noko, vil bymuren automatisk utvide seg for å gi plass til den nye bygningen. Muren må riktignok byggast opp manuelt rundt den nye bygningen, men dette tar bøndene seg av automatisk. Å ha hus og bygningar innanfor murane gir deg betre beskyttelse mot angrep, men det kan og gjere det mykje vanskelegare å organisere byen din. På nokre kart er herregården din plassert svært nær ein skog, og det blir då uunngåeleg at du endar opp med å bygge innover i skogen. Sidan du ikkje kan bygge mur gjennom tre, vil du då raskt kunne merke at fienden brått har fri tilgang til å rasere alt du eig og har.

Den langsame vegen mot kaos
I dei første bretta kan du eigentleg ta deg den tida du treng, men når du bevegar deg lengre inn i kampanjen, vil det raskt vise seg at å finne den rette fordelinga av bønder for å få inn mest mogleg ressursar så fort som mogleg blir svært viktig. Fiendane dine vil avansere mot deg ganske tidleg, og har du ikkje ei hær vil dei massakrere alle bøndene dine, og sjansane dine for å overleve er svært små. Derfor er "barracks" noko av det første du bør bygge. Her kan du bygge fotsoldatar med spyd, samt bogeskytarar. Å bygge desse infanteristane går heldigvis raskt. Derfor, så lenge du har ressursane til det, vil det ikkje ta lang tid å samle ei lita hær.

Som nemnt tidlegare vil tidlege val avgjære kva du kan bygge seinare, noko av det første du må gjere er å velje om du vil vere hedning eller ein tilhengjar av Gud. Bygger du ein totempåle vil du seinare få tilgang til fantasimonster som "behemoth" og demonar. Bygger du kyrkja vil du kanskje få hjelp av Gud sjølv. Det er fleire retningar å velje mellom: Hedensk, renessansen og det romerske keiserriket. Utav desse tre kan du også velje to kryssningar: Keiserlig-renessanse, og hedensk-renessanse. Det heile verkar kanskje litt forvirrande, og det er det. Sjølv om det er ein interessant vri, følest det ikkje alltid heilt gjennomført, og det kan vere vanskeleg å vere heilt sikker på kva du eigentleg er.

Warrior Kings: Battles Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 6. mai 2014
  • Plattform: Windows

Forsiden akkurat nå

Til toppen