Anmeldelse

Warrior Kings: Battles

I jungelen av spel og utviklarar er det ein sjanger som er i ferd med å bli fullstendig utmagra. Det er ein populær sjanger, så naturleg nok melkar visse utviklarar denna kua for alt den er verdt. Idètørke blir då eit kjent begrep, og å finne nye idear blir vanskelegare for kvar dag som går.

Side 1
Side 2
Side 3

Smarte generalar, dumme soldatar
Hadde konseptet blitt utforska i større grad enn kva det er, hadde desse vala påverka spelestilen i ein meir positiv retning. Som det er no, er dei einaste forandringane korleis herregården din utviklar seg i utsjånad, og kva konstruksjonar du får tilgang på seinare. Om alle bygningar hadde utvikla seg i takt med dine val, hadde det hatt mykje å seie for korleis verda hadde blitt oppfatta. Forskjellige kulturar har forskjellig arkitektur og design, men i WKB følest det som om dei einaste gjennomførte kulturane blir keiserlig eller renessanse. Den hedenske livsstilen blir som ei suppe av forskjellige kulturar, og det kan til tider følest som om noko ikkje heilt stemmer.

WKB har svært god kunstig intelligens. I alle fall kva angår fiendane dine. I byrjinga vil dei kanskje sende ei lite hær mot deg, og fungerar det fint vil dei fortsette med den taktikken. Skulle du derimot bygge eit tårn fyllt med bogeskytarar vil dei prøve å finne andre vegar inn. Kanskje tar dei ein stor omveg, eller så tar dei kanskje med seg ein katapult og riv ned tårnet ditt. Sikkert er det i alle fall at du aldri kan føle deg trygg. Slike forandringar i oppførslen til fiendane dine gjer at du alltid må vere eit steg i forvegen. For å hjelpe deg med dette kan du dra nytte av portretta i høgre hjørne av skjermen som viser eit billete av deg, og generalane som styrer dei fiendtlege hærene. Under desse får du sjå den totale poengsummen kvar av dei har til ei kvar tid, og du kan få eit inntrykk av kor langt dei er komne i utviklinga.

Kvar enkelt soldat har dessverre ikkje like god intelligens som generalane du kjempar mot. Ved fleire tilfelle har troppene mine stått heilt i ro medan fienden marsjerar forbi. Det beste er sjølvsagt å styre troppene sjølv, men om du er oppteken med å angripe ein base, kan det være vanskeleg å oppdage fiendar i området ditt. Oversiktskartet er så pass lite at om du ikkje følger nøye med på det, kan både det eine og det andre snike seg forbi. I slike situasjonar der du er oppteken med noko, hadde det derfor vore fint om soldatane tok litt initiativ, i staden for å la den store rambukken gå tvers gjennom ein bataljon på veg mot sentrum av basen.

Strategisk krigføring
Det er andre negative aspekt ved intelligensen som kanskje også bør nemnast. Områda i WKB kan av og til vere ganske store, noko som fører til at å finne fienden din ikkje alltid er like lett. For å få ting til å gå i eit høgre tempo kan du derfor sende ut ein speidar for å utforske terrenget. Problemet med speidaren er at når han først har funne fienden, så stoppar han opp der og finn det ikkje nødvendig å utforske meir. Dette gir riktignok meir og betre informasjon om fiendane dine enn kva portretta gir, men det hadde vore fint om han gjor meir av seg. Hadde speidaren leita fram eit par av dei skjulte vognene med godsaker som ligg rundt omkring på bretta, så hadde han verka meir nyttig med ein gong. Med litt meir initiativ kunne han og ha vore eit viktig verkty i å finne rett plassering av soldatar.

Nøkkelen til suksess i WKB er å utnytte terrenget. Å plassere dei forskjellige typane med skytarar i høgda er alltid viktig. Dei er sårbare for nærkamp, og må derfor beskyttast. Skal du beskytte basen din, er det beste å plassere dei på innsida av eit tårn. Eit tårn plassert på ein fjelltopp gir deg to viktige fordelar: Betre sikt, og større rekkevidde for skytarane dine. Så lenge desse ikkje står for langt vekke frå basen din, og du har nokre fotsoldatar til å patruljere, bør du vere godt sikra mot dei fleste angrep.Om du vel å bygge eit solid forsvar vil du igjen støte på eit problem. Du kan berre ha eit begrensa antal menneske til ei kvar tid, og bygger du mange bønder for å få inn mange ressursar, vil det påverke kor mange soldatar du kan ha. Set du mange bogeskytarar i eit tårn, vil det i sin tur påverke kor mange soldatar du kan bygge for angrep. Riktignok kan du enkelt tømme tårna, og ta i bruk dei som er inni, men då vil du umiddelbart vere svært sårbar for eventuelle angrep.

Bretta i WKB er ekstremt tidskrevjande. Det er den type spel der ting kan gå fram og tilbake i timevis før du får den opninga du er på jakt etter. Som eit resultat av dette vil nok kampanjen kunne krevje så mykje som 40 timar å gjennomføre. Om du ikkje føler det er nok, så har WKB fleire forskjellige modusar å velje mellom. I tillegg til ein standard "skirmish"-modus der du veljer brett og motstandar før du hiv deg i det, har Black Cactus implementert noko dei kallar for Valhalla-modus. Her treng du ikkje tenke på ressursar og økonomi. Før du går i gong veljer du kva hærer du skal ha, og når du startar brettet står dei der - klare til kamp. Så snart ein soldat er død, vil han kome tilbake i herregården igjen like fin. Kor mange gonger folk skal kunne kome tilbake er sjølvsagt noko du kan justere sjølv. Det einaste synlege problemet med Valhalla-modus er at sidan soldatane potensielt kan kome tilbake uendeleg mange gongar, kan slaga og bli uendelege.

WKB støttar også sjølvsagt speling over Internett. For å finne nye spel raskt benyttar det seg av GameSpys Internett-teneste. Denne fungerar absolutt ikkje. Etter tallause forsøk har Gamer.no enda ikkje funne eit einaste ledig spel. Skal du spele over Internett bør du med andre ord avtale med nokre vener på førehand, ellers kan det blir mange lange og kjedelege kveldar med lite anna enn venting. Sidan nokon å spele med har vore så pass vanskeleg å få tak i har vi funne at å setje nokon retteferdig karakter på fleirspelar-modusen blir umogleg, og har valt å ikkje inkludere den i total-vurderinga.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden