Wasteland 2 får betre grafikk

Og rollespelet vil få betre støtte for modding i framtida.

Wasteland 2 er ein av dei største folkefinansieringssuksessane dei siste åra. Spelet sender oss ut i ei brun og mørk postapokalyptisk verd full av farer. Spelet var aldri blant dei penaste der ute, men i følgje ei fersk oppdatering på Wasteland 2s Kickstarter-sider vil spelet snart få seg eit lite ansiktsløft.

Teamet hos utviklarane inXile er no i ferd med å migrere Wastlenad 2-koden frå Unity 4.5 til Unity 5. Ei av godene med denne overføringa er tilgang på nye effekter, og utviklarane har den siste tida jobba med å legge til fysisk skuggelegging.

Ved sidan av dette byggjer utviklarane nye element inn i karakterbygginga, men for mange vil nok dei meste spanande nyhenda vere at oppgraderinga til Unity 5 vil tillate langt betre støtte for brukarskapte modifikasjonar, og inXile fortel dei ikkje er i tvil om at dette vil la dei tilby langt betre modifikasjonsverkty i framtida.

Med mystikken frå Fallout 2

Postapokalyptisk moro i Wasteland 2.

Det originale Wastland blei lansert i 1988, og spelet er opphavet til den langt meir kjende Fallout-serien. Fallout skulle opphaveleg vere Wasteland 2, men måtte endre namn sidan utviklarane ikkje hadde Wasteland-rettane.

Etter at inXile fekk tak i Wasteland-rettane lanserte dei ein Kickstarter-kampanje for å skaffe midlar til utviklinga. Den kampanjen blei ein suksss, og det ferdige spelt blei lansert i fjor haust, til solid respons frå vår mann Marius:

«Wasteland 2 har den same kjensla av innleving og mystikk som eg opplevde då eg spelte Fallout 2 i gamle dagar. Det har også ein gjenspelingsfaktor som mange moderne spel manglar. Wasteland 2 er morosamt å spele, spanande å utforske, og på trass av nokre feil og manglar, bringer det gleda ved datamaskinrollespel tilbake til aldrande spelarar.»

inXile har i seinare år bygd seg ei karriære på å utelukkande lage uavhengige spel finansiert gjennom folkefinansiering. Akkurat no er dei i full sving med Planescape: Torment-oppfølgjaren Torment: Tides of Numenera, og snart vil dei lansere ein Kickstarter-kampanje for eit nytt The Bard's Tale-spel.

Siste fra forsiden