Westwood-veterananes nye strategispel har fått dato

I Grey Goo får vi krigføring og basebygging i god, gammal stil.

Grey Goo er eit tradisjonelt strategispel frå Petroglyph Games, eit studio stifta av ei rekke veteranar frå Command & Conquer-skaparane hos nedlagde Westood Studios. Spelet er i grove trekk eit tradisjonelt strategispel i sanntid der du må byggje basar og soldatar før du går til krig mot mostandarane. I eit nytt blogginnlegg på nettsidene for Grey Goo har dei avslørt at spelet blir tilgjengeleg på Steam 23. januar.

Petroglyph hadde planar om å gå i gong med ein omfattande betatest. Etter at alfatesten tidlegare i år gav dei langt meir verdiful informasjon enn forventa, har dei i staden valt å gå direkte til full lansering.

Avansert intelligens

Basebygging og krigføring i Grey Goo.

Ei av dei mest spanande sidene ved Grey Goo er den kunstige intelligensen som er basert på konsept frå militærorganet DARPA. Den kunstige intelligensen skal i følgje utviklarane vere dynamisk og i stand til å reagere på det du gjer, slik at du aldri vil oppleve dei same situasjonane to gongar.

I Grey Goo reiser vi til ein fjern planet der menneska prøvar å byggje ein ny sivilisasjon. Der får dei derimot konkurranse frå to andre rasar. For å vekkje planeten og romvesna til live har Petroglyph fått hjelp av ingen ringare enn WETA Workshop, effektstudioet som har vekt Ringenes Herre- og Hobbiten-filmane til live.

Petroglyph Games har lang erfaring innan strategisjangeren. Dei utvikla for ei årrekke sidan det solide Star Wars-strategispelet Star Wars: Empire at War, seinare laga dei startegispela Universe at War: Earth Assault og End of Nations.

Siste fra forsiden