Sniktitt

World in Conflict

Vi har besøkt Massive Entertainment for ein grundigare kikk på eit av årets mest lovande strategispel.

Med unntak av nokre svære Ground Control 2-vimplar, er det lite som skiljer Massive Entertainment sine lokale i Malmø frå eit typisk kontorbygg. Kanskje bortsett frå den svært så avslappa, men tydeleg livsglade gjengen som jobbar der sjølvsagt. Du får meir inntrykket av å ta steget inn i ein kompisgjeng enn eit seriøst firma som leverar strategispel på stornivå. Dei kastar ikkje bort tida heller. Etter ein kjapp presentasjon av spelet, var det raskt tur for å få teste ut World in Conflict sin kampanje-modus.

Se trailer fra spillet

Vis større

Trailer: World in Conflict #2

Stikkord:
  • action
  • krig
  • spill
  • pc
  • World in Conflict
  • strategi
  • krigsspill
  • nettspill


I så og seie alle strategispel har du dei; rasane. Dei er både brød og pålegg, det som skiljer eit spel frå eit anna. Eit spel demonstrerer gjerne sine styrker ved å la deg spesialisere deg innanfor ein rase, lære deg korleis du skal angripe dei andre rasane, og ta med deg pokalen heim etter ein knusande siger. Magnus Jansèn, sjefsdesigner på World in Conflict seier det rett ut først som sist:

– Vi har to sider, og dei har sine forskjellar, men dei er først og fremst kosmetiske.

Forskjellane ligg i kva einheiter du vil styre. Du kan velje mellom fire roller, der kvar av dei er fokusert på eit spesielt felt. Ved å spele som infanteri, vil du til dømes kun få tilgong på forskjellige typar fotsoldatar, samt transportvogner for å frakte dei. Ei anna rolle vil la deg fokusere på tyngre skyts som stridvogner, medan du ved å velje luft-rolla kan kontrollere ein skvadron med fly eller helikopter om du heller vil det. Den siste rolla er "Support", og den er litt vanskelegare å definere, men er minst like viktig. Denne rolla vil blant anna la deg reparere andre einheiter, samt støtte opp med anti-luft rakettar, og langdistansevåpen.

Desse rollene blir kun tilgjengelege i den lagbaserte fleirspelar-modusen, og du blir nødt til å lære deg korleis dei fungerar for å bli god i spelet. Om alle på eit lag bestemmer seg for at dei vil vere tøffe menn i panservogner, er det sikkert moro ei stund, men om det andre laget kjem med eit infanteri fullasta med anti-stridsvogn-rakettar, er du brått ikkje så høg i hatten lenger. Det gjeld å fordele rollene fornuftig, og det er ingen av dei som er "best". Om du for ei stakka stund får det for deg at infanteriet er dårleg fordi du dør alt for raskt, må du berre innsjå at du må velje riktig infanteri for ein gitt situasjon. Om du sender infanteri med maskingevær mot ei stridsvogn, blir du raskt overkøyrd (bokstaveleg talt).

Etter kvart som du mistar einheiter, vil du sjølvsagt ha behov for nye. I staden for å bygge ein base med brakker og forskningslaboratorium, vil du kjøpe deg nye einheiter med poeng du får ved å spele. Når du kjøper nye soldatar, vil desse kome inn i fallskjerm. Du kan sende dei dit du vil, så lenge det er eit område du har kontroll over. Deretter er det berre å klikke på dei med musa, og beordre dei dit du vil som i alle andre strategispel.

Samarbeid er viktig

Samarbeid er viktigare enn noko anna i World in Conflict. Om du har eit lag med god kommunikasjon der alle kjenner sine roller, og veit kva dei skal gjere, er det opplagt at det vil fungere mykje betre enn eit lag der alle tar det som ved første augekast ser tøffast ut.

For å få til dette, må ein ha god kjennskap til dei forskjellige einheitene, og kva rolle dei spelar. Det er dette kampanjen har som mål å lære deg. Kvart kapittel vil gi deg kontroll over eit begrensa antal einheiter. I motsetning til fleirspelar-modusen får du ikkje velje kva einheiter du vil bruke. Du blir heller tildelt einheiter som passar for det oppdraget du skal ut på. Du vil til dømes ikkje alltid få lov til å bruke helikopter eller stridsvogner. Nokre gongar må du bruke infanteri eller langdistansevåpen.

I eit oppdrag måtte eg til dømes kome meg gjennom ein by, og dei trange gatene den bydde på. Om eg hadde sendt inn ein haug med stridsvognar for å gjere dette, ville ting raskt teke lang tid, og vognene ville sannsynlegvis ha køyrt seg fast medan fienden bombarderte dei frå avstand. Ved å sende inn infanteriet, kunne eg raskt flytte meg gjennom byen, og med rakettkastarar kunne eg smadre hus som skjulte soldatar. Ein anna detalj med infanteriet er at du kan ta over køyrety. Til dømes fant eg ein bil med påmonterte langdistanserakettar. Ved å skyte soldatane som styrte og forsvarte denne, kunne eg ta i bruk maskineriet sjølv, noko som auka mi dødbringande kraft betrakteleg.

Les også
Anmeldelse:

Noko som sterkt driv fram engasjementet gjennom kampanjen, er korleis Massive fortel historia om Sovjetunionen sin krig mot vesten. Vi finn forskjellige filmatiske sekvensar som fortel historia, men det sluttar ikkje der. Massive har valt å fortelje historia heile vegen gjennom spelet, og ikkje kun i mellomsekvensar. Det skjer ting heile tida medan du spelar. Du kan høyre ordrane som blir gitt, og sjå resultatet utfalde seg på skjermen kort tid etterpå. Alt skjer medan du spelar, og det gir eg eit inntrykk av å verkeleg vere i ei krigssone.

Dynamisk kamera

Det første du vil legge merke til i World of Conflict er korleis kameraet blir kontrollert. Du ser rundt deg ved å flytte musepeikaren til enden av skjermen. Samtidig flyttar du kameraet sin posisjon med WASD-tastane. Dette gir deg eit veldig dynamisk og instinktivt oppsett. Om det skjer noko i den eine enden av kartet, kan du berre rette blikket den vegen, og få med deg det som skjer. Du har eit minikart for å raskt kome deg til forskjellige område, men du er ikkje begrensa til dette. Minikartet endar eigentleg opp med å nesten bli ignorert, sidan det er sjeldan du eigentleg får bruk for det.

Dette kamerasystemet har gjeve utviklarane ein del å tenke på. Ikkje berre får du sjå alt, men det skal sjå bra ut òg. I spel med låste kameravinklar, er det lettare å presse inn avansert grafikk, sidan spelet ikkje må laste inn mykje heile tida. I World in Conflict kan du sjå overalt, og dette har gjort det vanskelegare for Massive å få inn nok detaljar til å imponere folket der ute. Det er uansett ingen tvil om at Massive har gjort ein enorm jobb. Spesielt eksplosjonane er noko av det beste eg har sett i eit strategispel, der den massive utviklinga av røyk raskt kan legge store område svarte.

I eit spel med fastlåste kameravinklar vil ein stor ekplosjon raskt dekke for mykje av skjermen. I World in Conflict kan du med det frie kameraet enkelt flytte på deg slik at du ser alt, uansett kor mange enorme eksplosjonar det skulle vere på skjermen. Du kan i tillegg øydeleggje alt i spelet. Både bygningar og den omliggande naturen kan brenne ned til grunne, og Massive har nyleg lagt inn øydeleggbart terreng. Dei store hola i bakken ein stor eksplosjon vil skape, kan raskt bli utnytta til strategiske fordelar. Du kan bruke desse gropene som skyttargraver om du vil.

Dette bringer oss over til andre våpen du får tilgong på. På venstre side av skjermen vil du finne eit panel for spesialvåpen. Dette er alt frå lasergeleida bomber, til napalm og atombomber. Du har derimot ikkje tilgong på alt umiddelbart. For å bruke desse våpena må du ha nok poeng. Poenga tikkar stødig og kontinuerleg oppover, og du vil alltid få fleire. Kor mykje det kostar å bruke eit slikt våpen varierar etter kor mykje dei er i stand til å øydeleggje. Det er opp til deg om du vil bruke dei svakare våpna ofte, eller heller bruke dei verkeleg dødbringande våpna ein gong i blant.

Konklusjon

Massive Entertainment satsar alt på å skape dynamiske og engasjerande kampar der du ved å gjere gode taktiske val vil kunne overkome ein kvar situasjon. Den engasjerande forteljarstilen som gir deg kjensla av at noko skjer heile tida lovar svært godt, og bringer eit engasjement til spelet vi ikkje ser for ofte. Samtidig let fleirspelar-modusen deg gjere akkurat det du vil. Du er alltid midt i krigssona, og kan rette di fulle merksemd mot å styre akkurat dei einheitene du sjølv trivst best med. Om du aller helst vil ta kontrollen over flygande skvadronar, står du fritt til å gjere akkurat det, medan dei andre på laget tar seg av det som skjer på bakken. World in Conflict ser ut til å ha alt det treng for å bli eit av årets store spel. Det er pent, engasjerande og kontrollane sit som støpt. Det er all grunn til å glede seg.

World in Conflict kjem til PC i september og Xbox 360 til hausten.

Siste fra forsiden