Anmeldelse

Worms 3D

Etter ein del år med veldig mange spel om dei kjende og kjære markane, kan ein eigentleg ganske lett trekke konklusjonen at dei alle saman var veldig like. For å forandre på dette har Team 17 til slutt teke steget ut i 3D. Om det fører mykje nytt til serien kan diskuterast, men det er utvilsamt eit steg i riktig retning.

Side 1
Side 2

Våpen som seier "bæ"
Som vanleg er det mange forskjellige våpen å velje mellom. Alt frå gamle damer til sprengande bananer, men dette er vel ikkje noko nytt. Med ei lang rekke spel i serien er det vanskeleg å bli imponert over våpenutvalet. Det er akkurat det same, og vi har sett det før. Sjølv om våpena er i 3D denne gangen, bringer det ingenting nytt til spelet. Til å byrje med har du eit begrensa utval våpen, som inkluderar den typiske bazookaen, hagle, og varmesøkande rakettar. Ved å utføre oppdrag kan du få tak i nye. Heldigvis er det noko nytt her for å gjere det heile litt meir givande. Ved å bruke Wormpot-maskina kan du lage tilfeldige oppsett for eit brett. Ved å dra i spaken på denne maskina får du tre innstillingar som vil tre i kraft når du startar ein omgang. Desse kan gjere alt frå å gjere visse våpen kraftigare, til å la det regne kassar med utstyr. I tillegg har du ei oppslagsbok for å studere dei forskjellige våpena i nærmare detalj.

Det har skjedd eit par forandringar i intelligensen til markane. Før kunne det vere eit slags sjølvmordsprosjekt om du ville spele aleine. Motstandarane dine traff på kvart skot, og viste ingen teikn til svakheiter. Slik er det på ingen måte lenger. Det kan av og til verke som om mennesket endeleg har sigra over datamaskina. Markane viser sine augeblikk med tvilsamt nøyatig presisjon, men det er langt oftare du kan byrje å lure på om dei har synet i orden. Dette gjer eigentleg spelet betre. Å spele mot maskina er ikkje fullt så vanskeleg lengre, og tilfeldigheiter har meir å seie, både for deg og maskina. Dessverre blir den kunstige intelligensen av og til hakket slapp. Når du kan bane deg gjennom eit brett nesten utan å ta skade blir det for enkelt. Samtidig overraskar markane av og til med å treffe på kvart skot, noko som umiddelbart blir for vanskeleg. Om den kunstige intelligensen hadde vore litt meir balansert mellom desse motpolane, hadde den vore så og seie ideell.

Eit fargerikt spel
Alt i Worms 3D kan sprengast til himmels, og det er nok det som er grafikkens sterkaste side. Som før kan du lage dine eigne baner ved å velje alt frå størrelse på landmassane, høgde og kor mange gjenstandar som skal vere plassert rundt omkring. Alt er presentert i flotte og sterke fargar som burde verke innbydande på både nye og gamle spelarar. I likheit med dei tidlegare spela har du også fleire forskjellige tema å velje mellom, til dømes krig og pirat. Det er riktignok ein merkbar mangel på teksturar, dei fleste objekt er kun i ein farge, med litt skyggelegging. Det er minimalt med teksturar i spelet, og der det er teksturar legg du gjerne ikkje merke til dei sidan dei er blasse og uskarpe. Animasjonane på markane er som du kan forvente deg. Dei ålar seg rundt på kartet, og reagerar på kva du gjer. Siktar du på ein mark, ser han på deg med store nervøse auge, før du fyrer av ei salve. Animasjonane kunne med fordel ha vore meir varierte, sidan dei same uttrykka dukkar opp gong på gong.

Lydsida har aldri vore den sterkaste sida til Worms-spela. Greit nok, du har mange stemmer å velje mellom når du lagar eit lag, men utover det er det ikkje mykje å skryte av. Når du sprenger nokon, om det så er med ein sau eller varmesøkande rakettar, er det den same lyden kvar gong noko eksploderar. Det er ikkje meir lyd i spelet enn kva som er høgst nødvendig, noko som skapar eit litt sterilt lydbilete. Kvar type område har sin eigen musikk. Frå krigsmarsjar til skrekkmusikk. Det er ikkje mykje variasjon i musikken, og dei fleste låtene har eit lett krigstema, noko ein kan forvente frå eit slikt spel. Dette gjer eigentleg ikkje noko, sidan musikken fungerar bra slik den er. Den ligg tilbakelent i lydbiletet og gjer ikkje mykje av seg. Det hadde uansett vore fint med noko nytt i forhold til dei tidlegare spela, sidan det høyrest veldig likt ut.

Konklusjon
Den siste generasjonen meitemarkar gjer eit vellukka forsøk på fornye serien. Dessverre blir det for lite variasjon i lengda, og spelet har ein lei tendens til å bli kjedeleg når ein har spelt ei stund. Spelet manglar dybde, og vil raskt framstå som berre meir av det gamle. Har du allereie spelt Worms, og har eit par versjonar i hylla, vil ikkje Worms 3D by på noko nytt. Har du spelt Worms før, har du også spelt dette. Worms 3D gjer uansett ein glimrande jobb i å tilby litt enkel moro ei stund. Har du lyst til å slappe av litt, og har ikkje tid til å setje deg inn i eit innvikla spel, er Worms 3D som skapt for akkurat deg. Worms 3D er eit svært underhaldande spel, i små doser. I likheit med dei tidlegare spela er Worms 3D på sitt aller beste når du samlar nokre vener for å sprenge eller skyte markar ei stund. Som eit spel for kun ein person, blir det fort kjedeleg, og mistar sjarmen etter kort tid. Det er enkelt og greit for lite nytt til at det skal halde på oppmerksamheita lenge nok.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden