Xbox One-eksklusive Quantum Break kjem i 2015

Finske Remedy viser fram sitt nyaste storspel i fersk trailer.

Microsoft viste fram Xbox One for første gong i fjor vår, viste dei samtidig fram kva finske Remedy har jobba med i tida etter solide Alan Wake. Deira nyaste spel heiter Quantum Break, og blandar TV med spel i det som må kunne kallast eit temmeleg ambisiøst prosjekt.

I dag har Microsoft i ei pressemelding stadfesta at spelet ikkje rekk årets julesesong, men i staden kjem til neste år. Om det blir tidleg eller seint neste år seier dei ikkje noko om. vi får derimot vite at spelet mest sannsynleg ikkje vil bli å finne på årets E3-messe, sidan dei først vil vise fram spelet for fullt under GamesCom-messa i Köln på seinsommaren.

TV møter spelmediet

At grafikken blir lekker i Quantum Break er ganske tydeleg.
Microsoft

I spelet følgjer vi Jack Joyce som må kjempe ein beinhard kamp for å unngå at tida slik vi kjenner den blir fullstendig øydelagt. Tid blir såleis ein naturleg del av spelet, og i dei korte glimta vi får sjå frå spelet i videoen nedanfor, kan vi sjå at Joyce kan manipulere tida.

Kva du endar opp med å gjere i spelet vil få direkte innverknad på TV-delen av spelet. Medan du spelar vil du etter kvart få sjå historiesekvensar med ekte skodespelarar. Desse episodane vil omhandle skurkane i firmaet Monarch, og kva som skjer i kvar episode vil bli påverka av kva du gjer i rolla som Jack Joyce.

Om du ventar lengtande på at Remedy skal lage ein oppfølgjar til Alan Wake er det ikkje sikkert du ventar forgjeves. Utviklarane måtte skrinleggje planane om ein oppfølgjar grunna trege salstal. Spelet enda likevel opp med å få solide bein, og har runda over 3 millionar selde eksemplar. At serien har eit publikum er det ingen tvil om, og utviklarane er tydelege på at dei gjerne vil gjere meir i Alan Wake-universet.

Siste fra forsiden