Xbox One får ny Evolve-beta i januar

På nyåret får du igjen sjansen til å jakte, eller bli jakta.

2K

Evolve er det nyaste spelet til Turtle Rock Studios, utviklarane som for nokre år sidan gav oss det intense zombiespelet Left 4 Dead. Som i Left 4 Dead er samarbeid svært viktig i Evolve, men der ein i zombiespelet var fire overlevande i kamp mot bølgjer av zombier, møter vi i Evolve eitt enkelt fryktinngytande monster.

I ei fersk pressemelding får vi vite at Evolve vil få ein ny beta 15. januar, eksklusivt på Xbox One. Frå dag ein vil spelarane igjen få bryne seg på Hunt-modusen der fire spelarar skal jakte og drepe eit spelarstyrt monster som stadig veks i styrke.

Frå 17. januar vil derimot spelarane få bryne seg på Evecuation. Dette er ein dynamisk kampanjemodus som tek alle modusane og karta i spelet, og skrur dei saman til ei samanhengande utfordring som går over fem kampar.

Nye monsterutfordringar i vente

Evolve set eit jaktlag opp mot eit mektig monster som blir stadig sterkare.
2K

Så langt har betaspelarar berre fått bryne seg på Hunt-modusen, men spelet byr i tillegg på tre andre modusar. I Nest-modusen skal jaktlaget finne og øydeleggje monsteregg medan monsteret gjer sitt beste for å forsvare dei. I Resuce-modusen blir det heile snudd på hovudet, og jaktlaget må redde overlevande frå eit blodtørstig monster. I Defend må spelarane forsvare seg mot monsteret medan dei fyller drivstoff på romskipet sitt.

Betaen vil la spelarar låse opp både nye jegarar og monster, og alt du låser opp etter kvart som du spelar vil du kunne ta med deg inn i det fulle spelet, når det blir lansert 10. februar.

Vi var svært imponerte over det vi fekk erfare då vi prøvde Evolve under E3-messa tidlegare i år, og meinte det var ei av dei beste overraskingane i nyare tid:

«Evolve er ei av dei mest positive overraskingane eg har møtt på i nyare tid. Det latar til å bli eit intenst og hektisk spel med enormt underhaldningspotensiale. Dynamikken mellom monsteret og jegarane er veldig solid, og endrar seg samtidig dramatisk etter kvart som spelet går sin gang. Der du startar tynn og spinkel, veks du deg gradvis til å bil eit enormt og livsfarleg beist.»

Medan du ventar på betaen kan du ta ein kikk på den ferske Evolve-traileren nedanfor:

Siste fra forsiden