Xbox 360 blir bakoverkompatibel

Under Microsoft sin Xbox 360-pressekonferanse i dag tidleg norsk tid, blei det endeleg bekrefta at Xbox 360 blir bakoverkompatibel.

Bakoverkompabiliteten har vore eit av dei store spørsmålsteikna ved den nye konsollen til Microsoft, og eit viktig salgsmoment som kan bety mykje for Xbox 360 sin suksess i butikkhyllene. Det har vore nemnt tidlegare at sidan Xbox 360 har ei fundamentalt forskjellig oppbygning enn Xbox, kunne bakoverkompatiblitet bli eit problem. Om det nokon gong har vore eit reelt problem, er det i så fall ordna opp i no.

Med dette får altså Xbox 360 tilgong på heile Xbox-katalogen, og du treng ikkje fylle opp hyllene med fleire konsollar enn du strengt tatt må. Det viste seg raskt at det var ein stor fordel for PlayStation 2 å vere bakoverkompatibel, og det er nok sannsynleg at Microsoft har hatt dette i tankane.

I det siste har det også versert rykter om at du kan spele Xbox titlar på Xbox 360 over Xbox Live. Med nyheita i dag er det nesten så godt som garantert at dette vil bli eit faktum.

Siste fra forsiden