XCOM: Enemy Unknown får dato

Til hausten er det klart for å jakte romvesen.

I 1994 dukka UFO: Enemy Unknown opp i Europa. I dette spelet fekk du ta kontrollen over spesialstyrka X-COM. Denne styrka hadde som oppgåve å handtere invasjonar frå rommet, og samtidig takle den stort sett overlegne teknologien dei utanomjordiske gjestane hadde å by på.

Spelet var eit turbasert strategispel der du sendte eit knippe soldatar rundt i forskjellige miljø i jakt på små, grå menn, og mykje meir. Du kunne plukke med deg utstyret til romvesna, og forske på det i ettertid for å betre kunne utruste deg sjølv. I tillegg hadde spelet eit solid fokus på basebygging og handtering av ressursane du hadde til din disposisjon.

Kan det smake med litt taktisk krigføring?

For to år sidan blei eit nytt XCOM-spel kunngjort av 2K Games, men det er lite med dette spelet som minna om den gamle klassikaren, spesielt sidan spelet viste seg å vere i førsteperson. Difor var gleda stor hos mange då det tidlegare i år blei kunngjort at Firaxis jobbar med ei nytolking av den gamle klassikaren.

No har 2K Games i ei pressemelding kunngjort at XCOM: Enemy Unknown, som nytolkinga heiter, vil dukke opp i butikkhyllene for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 12. oktober.

I likskap med originalen vil XCOM: Enemy Unknown vere eit turbasert og taktisk spel der du skal sanke utanomjordisk teknologi, forske fram nye våpen, og gradvis byggje opp spesialstyrkene dine for å handtere truslane mot planeten vår.

– Eitt av måla våre med nytolkinga av XCOM er å utvide opplevinga samtidig som vi hugsar på kva som gjorde UFO: Enemy Unknown til eit av tidenes beste PC-spel. Det er viktig å skape ei oppleving som appelerer til både eksisterande fans og nykomarar til XCOM-verda, som er nettopp det vi gjer med XCOM: Enemy Unknown, fortel 2K-visepresident Sarah Anderson i pressemeldinga.

Les også: De første smakebitene på nye XCOM Les også: Strategi-XCOM støtter mods

Siste fra forsiden