Zelda-inspirert eventyr får Steam-lansering

Kanskje kan Oceanhorn gjere ventetida på Links neste eventyr lettare?

Oceanhorn: Monster of Uncharted Seas er eit Zelda-inspirert eventyrspel frå det finske utviklarstudioet Cornfox & Brothers. Spelet blei lansert som eit mobilspel på iOS hausten 2013, og har sidan blitt så populært at over ein million spelarar har tatt turen innom finnanes fargerike verd.

I ei rykande fersk pressemelding får vi vite at Oceanhorns dagar som eit eksklusivt mobilspel snart er over. Eventyrspelet tek turen over til Steam 17. mars, og vil gje eit nytt publikum sjansen til å utforske både hav, grotter og fargerike område.

Japansk inspirasjon

Fargerike eventyr i Oceanhorn.

The Legend of Zelda-serien til Nintendo har vore ei stor inspirasjonskjelde for Cornfox & Brothers, noko som er lett å sjå. Med sin fargerike stil, og fokus på å løyse gåter, kjempe mot fiendar, og ikkje minst sigle på bøljan blå er Oceanhorn omlag så nær ein kan kome eit Zelda-spel utan å kjøpe ein Nintendo-konsoll.

I tillegg til å by på eventyr i klassisk Zelda-stil har utviklarane fått hjelp frå kjende japanske komponistar for å fylle spelet med velklingande musikk. Både Final Fantasy-komponist Nobuo Uematsu og Mana-komponist Kenji Ito har bidratt med komposisjonar til spelet.

Vi tok ein kikk på spelet i ei av våre månadlege mobiloppsummeringar, og meinte det var eit solid eventyr med god historie og herleg stemning.

Det neste spelet i The Legend of Zelda-serien er i full utvikling no, og regissøren lovar at spelet blir massivt, og pressar Wii U til det yttarste.

Siste fra forsiden