Middle-Earth: Shadow of War tar nemesis-systemet til eit nytt nivå

Monolith Productions viste fram orkedominering på E3.

Ringenes Herre-spelet Middle-Earth: Shadow of Mordor briljerte med bunnsolide kampmekanikkar, saman med det nyskapande nemesis-systemet. Kvar gjennomspeling blei forskjellig, då fiendane dine endra seg i takt med dine handlingar. Blei du drepen av ei orke, så ville orka hugse det neste gong du møtte den, og kome med kommentarar. Nokre av desse var særs morosame, og den same humoren har blitt tatt over til Middle-Earth: Shadow of War.

Kvar fiende representerer ei ny forteljing

Sjå korleis historia i spelet blir. (Video: Warner Bros.)

Det nye nemesis-systemet utvidar mekanikkane til at ein kan skape ein heil hær, med fotsoldatar og kommandørar. Du kan ta med deg både orker, uruk-haiar, troll, dragar og andre uhumskheiter i kampen mot Sauron, som du finn rundt omkring i det store, opne Mordor. Alle du ser kan bli med i hæren din, og vere med deg i å storme festningar kontrollert av Sauron. Førebuing til angrep har fått stort fokus i Shadow of War, der ein får detaljstyre korleis befalstrukturen i hæren din skal vere før angrep.

Monolith Productions viste fram korleis fiendane dine endrar seg på E3-konferansen søndag kveld, blant anna med orka «Pushkrimp the Machine». Det nye spelet byggjer små forteljingar rundt kvar fiende du møter, og går mykje meir i djupna enn det Shadow of Mordor gjorde i 2014.

Få med deg alt frå E3 »

Siste fra forsiden