Kommentar

Black Week er noko vas

Berre legg ned heile greia, takk.

Illustrasjon / Maia Lønning

Black Friday. Cyber Monday. Singles Day. Black Week. Snik-Black Week. Black Month. Og så vidare.

Denne årlege kjøpefesten har vakse i både omfang og omsetning for stort sett kvart år som har gått.

Men heile konseptet har blitt ein dårleg vits.

Rekordmange varer har fått høgare pris i forkant av Black Week, og stadig færre produkt er på sitt billigaste i løpet av november.

Meiningslaust

Desse overskriftene ser me kvart år.

Nettbutikkane nektar for at dei medvite lurar nokon. Kanskje er det først og fremst seg sjølv dei lurer.

For folket sin tillit til rabattane fell. Seks av ti stolar ikkje på tilboda på Black Friday, som er ei auke frå fjoråret.

Kven som helst kan sjå gjennom bortforklaringa til nettbutikkane, viss ein berre kikkar på prishistorikken for tilboda.

Gamer.no har som tradisjon å lage kjøpsanbefalingar for spel og gamingtilbehøyr til Black Week, og dei siste åra har me i aukande grad kunne kopiere artikkelen frå fjoråret.

Dei er ofte dei same produkta som kjem på sal igjen og igjen. Sjeldan er dei nemneverdig billigare enn fjoråret.

I år har det kome nye reglar for butikkane. Desse seier at for at ein rabatt skal vere «reell», må dei ha hatt førprisen i minst 30 dagar.

I lys av dette, kan Prisjakt melde at prisen på rundt 800.000 varer auka med minst ti prosent i oktober. No er det økonomar som spekulerer om at oktoberauka kan påverke Noregs Bank val om ny renteheving i desember.

Med andre ord kan Black Friday bidra til å gjere bustadlånet ditt dyrare.

Alt dette kjem på toppen av at den norske krona har gått ned i valutakjellaren, som gjer det svindyrt å kjøpe elektronikk frå utlandet for butikkane.

Kva var det eigentleg eg kjøpte?

Noreg og store delar av Europa går tøffe tider i møte. Likevel kjem éin av tre nordmenn til å handle i løpet av Black Week.

Det er mogleg å spare nokre kroner viss ein veit kva ein driv med, og ikkje kjøper ting ein ikkje treng, men ofte finn ein betre kjøp andre tider på året. Timesal, januarsal, sommarsal eller kva det måtte vere.

Det er mykje det same.

Ingen tvinger oss til å kjøpe, men jungelen av reklamar påverkar oss. Slik er det berre.

Men du treng faktisk ikkje ny mobiltelefon eller 75-tommar OLED-tv kvart andre år.

Kanskje hugsar du den massasjepistolen du kjøpte på 50 prosent rabatt på Black Friday i fjor, som du brukte éin gong – som du visste at du ville bruke éin gong –, og som du ikkje har gidda å kaste. Den ligg vel i kassen saman med dei batteridrivne talglysa med fjernkontroll som du trudde kona ville ha?

Eller kva med dronen du handla i 2020, den som du strengt tatt ikkje veit kvar er lenger, men som du absolutt kjem til å få bruk for på den Spania-turen kompisane dine snakkar om kvar gong de møter kvarandre.

Også er det den elsykkelen, då. Den var jo så rimeleg, og så kjekk å ha! Berre synd at han har sperra inngangen til sportsbua dei siste fem åra.

Det er lett at noko slikt hamnar i handlekorga saman med det ein faktisk treng og har ønska seg.

Hald deg unna

Dei største rabattane finn du uansett på bruktmarknaden. I teknologiens verd er det sjeldan nemneverdig forskjell på den flunkande nye modellen og den førre.

Dei aller fleste klarar seg like godt med eit skjermkort frå 2018 som eit frå 2023.

Éin gong har kanskje Black Friday vore nødvendig hjelp for dei med dårleg råd som verkeleg treng å skifte ut vaskemaskinen eller må handle julegåver, men i dag er det først og fremst ein festmånad for handelsstaden.

Hovudproblemet med dette kapitalismens alter som Black Friday er, er at det legg opp for eit enormt kjøpspress i ei tid der me har eit behov for å drastisk redusere forbruket vårt.

Ikkje støtt det.

Siste fra forsiden