Feature

Virtual Reality på E3

Her er dei kulaste VR-spela frå årets E3

Dark Souls-folka bryner seg på VR, og Bethesda held fram satsinga.

Insomniac

Virtual Reality-marknaden har blitt meir og meir metta på lågbudsjetts indiespel i Early Access. Den har ein akutt mangel på storspel. Difor har VR vore ein av dei store snakkisane på E3 dei siste åra. Folk ivrar etter å få bryne seg på komplette opplevingar som ikkje berre verkar som tekniske demonstrasjonar, men som faktisk byr på morosame spelmekanismar og givande historieforteljing.

Det har vore litt her og der, men førebels har dei store gutane i spelindustrien vore avventande. Ubisoft kom med det første storspelet i 2016 med Eagle Flight, og Bethesda var den som verkeleg satsa på VR i fjor med Skyrim VR, Doom VFR og Fallout 4 VR. Eagle Flight var ikkje heilt det store, og Bethesda har berre portert sine eigne spel over i VR – det med varierande grad av suksess. Fjorårets L.A. Noire VR var eit lyspunkt, men slike opplevingar er sjeldne.

Under årets messe har me sett fleire utgivarar rette merksemda mot VR. Sjølv om maskinvara framleis er i ein tidleg fase, er det stor etterspurnad i marknaden for fleire opplevingar. Me har berre lagt ut nokre få nyheitssakar om VR frå E3, så me tenkte at me kunne ta ein gjennomgang av dei kulaste spela som har blitt vist fram på messa.

Wolfenstein: Cyberpilot

Kjem til: HTC Vive og PSVR i 2019.

Todd Howard var i eit generøst humør på E3-konferansen deira måndag morgon. Etter å ha annonsert eit samarbeidseventyr sett i Wolfenstein-universet, fyrte Bethesda like greitt til med eit fullverdig VR-spel òg. Wolfenstein: Cyberpilot lar deg ta kontroll over nazistanes krigsmaskineri, og bruke det mot dei. Frå traileren ser det litt ut som eit «wave»-forsvarspel, men me veit førebels lite om kva det faktisk går ut på. Me kryssar fingrane for at dei gjer noko skikkeleg ut av dette, for generiske skytespel utan forteljing treng me verkeleg ikkje meir av i VR. Stemmelinjene til B. J. Blazkowicz lovar i det minste godt.

The Elder Scrolls: Blades

Kjem til: Alt mellom himmel og jord som har ein skjerm. Kjem allereie i haust, og er gratis.

Bethesda var som i fjor den fremste forkjemparen for VR blant dei store utgivarane. Høgdepunktet til Bethesdas konferanse var kanskje The Elder Scrolls: VI-annonseringa, men det var ikkje det einaste spelet frå The Elder Scrolls-universet dei kom med. Me fekk nemleg lyd om to nye Elder Scrolls-spel – sjølv om det eine var bittelitt meir interessant enn det andre.

The Elder Scrolls: Blades er i utgangspunktet eit mobilspel, som kjem til alle moglege plattformer, deriblant VR. Konseptet byggjer på suksessen til Fallout Shelter, og skal vere eit rollespel der alle plattformer deltar i den same verda. Ein får oppleve alt mellom huleområder, arenakamp og utforsking av naturen i Nirn.

Spelet har tre ulike modusar. Abyss er ei kjellar/huleutforskingsoppleving, byggja på rougelike-element. Her er det om å gjere å kome så langt som mogleg i ei endelaus hòle. Modus nummer to er Arena, ein stadium for ein-mot-ein-kamp med andre spelarar over nett. Elles har kvar spelar eit hub-område, som er utgangspunkt for spelets oppdrag og historiedel.

Kampsystemet verkar skreddarsydd for mobil, noko som får meg til å tru at det bør fungere godt med VR òg. Spel som Fruit Ninja VR og Beat Saber har litt den same kontrolleringsstilen, og dei er sabla morosame å bruke tid på.

Les også
Devil May Cry 5 er annonsert

Prey: Mooncrash

Kjem til: HTC Vive i sumar. Ubekrefta til PSVR og Oculus Rift.

Bethesdas tredje VR-oppleving kjem i forbindelse med Prey-utvidinga Mooncrash. Det som i utgangspunktet er ei ti timar lang historieutviding til 2017-spelet, blir lansert saman med to nye VR-modusar. Det her er teknisk sett ikkje eit spel i seg sjølv, men VR og aliens er alltid ein god kombinasjon.

Det nye innhaldet til spelet lar deg hive på VR-brillene for å jakte på monster i ein fleirspelarmodus, Typhon Hunter. Frå det Arkane Studios har forklart, verkar det som spelmodusen er ein slags versjon av Prop Hunt, berre at det å finne gjenstanden som gøymer seg kan bli noko meir fatalt enn elles.

Den andre modusen, TranStar VR, blir skildra som ei «escape room»-oppleving sett til månebasen i Mooncrash. Du blir plassert i eit stort rom, og må løyse ei rekkje puslespel for å kome deg ut. Som i Prey er det gjenstandar som må resirkulerast, slik at du kan lage verktøy som kan hjelpe deg med å sleppe unna.

Transference

Kjem til: Førebels uvisst. Kjem ut i haust.

Dette VR-spelet blei annonsert allereie på fjorårets pressekonferanse, men me fekk sjå nokre nye bilete i år òg. Elijah Wood, kreativ regissør for spelet, dukka opp på Ubisofts konferanse for å vise kva spelet går ut på.

Spelaren går inn i rolla som sonen til ein forskar. Faren verkar å ha eit noko omtrentleg forhold til røynda, og har studert familien over lang tid. Studiane lèt faren skape ein simulasjon av familien, som sonen blir sendt inn i. Du må hoppe rundt i dei ulike familiemedlemmenes perspektiv, og løyse oppgåver for å kome deg ut i røynda igjen.

Bileta frå traileren gir hint om at dette blir ei oppleving av det skrekkelege slaget, og spelet er klassifisert som ein psykologisk thriller. Med tanke på tematikken vil eg tru det er naturleg å trekkje parallellar til fjernsynsseriar som Black Mirror. Noko som sjølvsagt blir konge i VR.

Trover Saves the Universe

Kjem til: PSVR. Ukjend sleppdato.

Justin Roiland (stemmen til Rick and Morty) er ikkje framand for Virtual Reality. Eit av dei mest populære VR-spela på Steam er nettopp eit Rick and Morty-spel, sjølv om det er ein smule kort.

E3-traileren til Trover Saves the Universe viser fram ei VR-oppleving som er tydeleg inspirert av Rick and Morty-universet, med humor i same gate. Det er vel ikkje utenkjeleg at det blir ein crossover av noko slag ved hjelp av portalverktøyet til Rick.

Roiland blei intervjua om spelet på PlayStation Live. Trover Saves the Universe er visstnok eit actionplattform-spel, der utviklaren Squanch Games har lagt stort fokus på nyskapande mekanismar for rørsle. Ein kan forvente same tone som i tv-serien, med ei samanhengande forteljing.

Spelet kan spelast i både VR og på vanleg PlayStation 4, og det vil vere nokre små forskjellar mellom dei to versjonane. Visse vitsar vil berre kome i VR-versjonen, og vice versa.

Déraciné

Kjem til: PSVR, ukjend dato.

FromSoftware er kanskje best kjend for Soulsborne-spela, men kom med ei overraskande framvising på Sonys konferanse natt til onsdag. I saman med deira nye spel Sekiro: Shadows Die Twice, viste FromSoftware eit VR-spel.

I Déraciné inntar du perspektivet til ei ånd, mana fram av ei ung jente. Poenget er å løyse pusleoppgåver for å overbevise elevane på ein skule om at du finst, og deretter hjelpe studentane ved å bruke nokre evner som ånda har.

Traileren byrjar med Dark Souls-musikk og ei forteljarstemme som minnar ein del om dei gamle heksene i Dark Souls 2, før stemninga endrast fullstendig. Me blir tatt med nedover tomme gangar i ein skule, og vist rundt i den gamle skulens mange rom. Det er uvisst kva spelet eigentleg går ut på anna enn skildringa over, så her må me smøre oss me tolmod.

Stormland

Kjem til: Oculus Rift i 2019.

Spider-Man-spelet til Insomniac har fått stor merksemd på årets E3, men det er ikkje det einaste utviklaren held på med. Dei viste også fram det komande VR-spelet deira, Stormland. Dette er det fjerde VR-spelet frå utviklaren, og er langt meir omfattande enn dei første opplevingane.

Her får du ta rollen som ein androide i utforsking av ei open verd, med den klassiske «anything you can see, you can walk to»-floskelen. Androiden er ein slags gartnar i denne verda, og har som oppgåve å verne den mot inntrengarar. Du har granatar, skjold og pistolar i arsenalet ditt for å gjere nettopp dette.

Spelet har ein del interessante mekanismar å kvile på. Blant anna kan figuren din fly, og utviklaren har lånt klatresystemet frå Climbey – som er særs god underhaldning. Den visuelle framstillinga til Stormland ser elles aldeles fantastisk ut, så dette er kanskje det mest lovande spelet på lista vår i år.

Konklusjon

Det er framleis lite å sjå til dei verkeleg store satsingane innan VR. Bethesda er den klart mest ivrige utgivaren, og me ventar framleis på å sjå meir frå Valve si mystiske VR-satsing, men elles har E3 vore relativt skuffande for VR i år.

Eg tviler på at det som blei vist fram på dei store konferansane kjem til å gjere noko særleg med spelaranes behov for fleire storspel, men i det minste har me ei handfull opplevingar å glede oss til. Mange av dei beste PC-spela er òg på veg til PSVR, som til dømes Space Pirate Trainer og Beat Saber.

Les alt me har skreve om E3 2018 her »

Siste fra forsiden