Årets siste vårmånad bydde på eit solid mylder av spel i ulike sjangrar. I mai kosa vi oss med romgrøss i Directive 8020, racing i Forza Horizon 6, heltedåder i Lego Batman: Legacy of the Dark Knight, bybygging under vatn i Life Below, og ikkje minst agentmoro i 007 First Light.
No står sommaren for tur, og tradisjonen tru roar spelbransjen litt ned no, og dei største utgjevarane reduserer lanseringane til fordel for nyheitsslepp via uendeleg mange presentasjonar gjennom den heller tvilsame E3-erstattaren Summer Game Fest.
Mange spanande spel får vi likevel.
Gothic 1 Remake
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 5. juni
Kongedømet Myrtana har blitt innvadert av blodtørstige orkar, noko som har fått kongen til å setje alle fangar til å grave etter magisk malm, men alt går gale, og brått endar ei magisk barriære opp med å omkranse heile kolonien der du no må leve eit farleg liv. Denne kolonien skal by på ei levande verd der både personar og dyr følgjer rutiner og eigne behov.
Gothic 1 Remake lovar å bli ein trufast nyversjon av det 25 år gamle rollespelet frå 2001. Heile spelet har blitt bygd opp frå grunnnen av, sjølv om essensen skal vere den same. Utviklarane lovar at spelet vil vere det veteranar hugsar, men at denne nye versjonen forbetrar opplevinga med blant anna meir detaljerte oppdrag, meir avanserte datastyrte figurrutiner, samt eit flunkande nytt kampsystem.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gothic 1 Remake
Denshattack!
PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 17. juni
Om det finnest ein stad i universet ein burde kunne prøve ut spinnville idear, burde det vere i spelverda. Denne månaden kjem ein av desse banale ideane som er så teite at det nesten berre må funke til live. Spelet heiter Denshattack! og her skal vi styre eit tog gjennom eit hektisk og fartsfylt eventyr der du i rolla som nettopp eit tog skal trikse, grinde og suse gjennom dei største byane i Japan.
På ferda vil du måtte hamle opp med andre japanske tog, og ikkje minst overvinne alt frå magiske mech-jenter, til mobile slott og mekaniske markar. Det heile blir pakka inn i ei ekstremt fargerik pakke, der enkle former og sprek design gjer sitt for å skape ein heilt unik versjon av Japan som susar forbi i rekordfart.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Denshattack!
The Adventures of Elliot: The Millennium Tales
Plattform: PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 18. juni
The Adventures of Elliot: The Millenium Tales er det neste spelet frå teamet som har skapt både Octopath Traveler og Bravely Default. The Adventures of Elliot er derimot noko ganske annleis. Sjølv om spelet nyttar den same HD-2D-stilen som Octopath Traveler, bytar dette spelet ut turbaserte kampar til fordel for action i sanntid.
Elliot kan bruke sju forskjellige typar våpen som alle byr på unike eigenskapar og effekter. Med seg har Elliot fea Faie, og to spelarar kan samarbeide om å spele, der ein spelar Elliot og den andre spelar Faie. Saman vil dei to legge ut på ei reise som skal famne fleire tidsaldarar i eit eventyr som vil ta dei tusen år.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Adventures of Elliot: The Milennium Tales
Hell Let Loose: Vietnam
Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 18. juni
Om Call of Duty blirr hakket for smått for deg, og du treng noko meir ambisiøst med langt fleire spelarar, er det ikkje utenkjeleg at det er Hell Let Loose: Vietnam du har venta på. Her skal to mannsterke lag med 50 spelarar på kvart lag ryke i tottane på kvarandre som enten dei amerikanske styrkane, eller den Nord-Vietnamesiske hæren.
Spelet lovar seks veldige kart som vil by på alt frå fjell til jungel, og dynamisk ver. Spelet byr på heile 17 roller spelarane kan velge mellom, og nokre av dei kan kommandere føyrety som stridsvogner og helikopter. Spelet lovar ei rekke taktiske moglegheiter, frå koordinering av styrker, til bygging av tunnelar for å overraske fienden.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hell Let Loose: Vietnam
Star Fox
Plattform: Switch 2
Ute: 25. juni
Star Fox er ein ny versjon av Nintendo 64-spelet Star Fox 64, eller Lylat Wars, som det heitte i vår del av verda. Dette er derimot langt frå første gong akkurat dette spelet har fått ein ny versjon, då dette allereie har skjedd på både 3DS og Wii U. Som i Star Fox 64 vil Star Fox bli eit romskipspel på skinner der spelarens fokus vil ligge på å skyte ned alt som skulle dukke opp av fiendar.
Spelet vil vere tru mot originalen i så stor grad at ein kan bruke Nintendo 64 Wireless Controller, om ein skulle ha denne. Utover dette blir spelets kontrollar utvida til å kunne bruke musefunksjonen på JoyCon 2-kontrollarane for meir presis skyting. Star Fox vil òg by på fleirspelarmodusar der du både kan konkurrere, eller spele på lag. Om ein spelar på lag vil ein spelar vere pilot, medan den andre er skytter.
Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Fox
Mykje rart i vente
Sportselskarane lev godt denne månaden. EA Sports UFC 6 lar deg banke gode vener og fiendar i ringen, medan NBA The Run byr på basketballmoro. Om det i staden er fart du tørstar etter, vil kanskje #DRIVE Rally tilfredstille behova dine.
Witchspire er på si side eit overlevingsspel der du trer inn i rolla som ei heks som gjerne reiser på eventyr med andre hekser. Solarpunk er eit anna spel i same sjanger der du skal bygge hus og dyrke mat i ei verd full av flytande øyer.
Om du først og fremst vil at fokuset skal vere på hygge og dyrking av mat, kan kanksje Tales of Seikyu som no tek turen ut av ein vellukka Early Access-periode vere noko for deg.
Om du heller vil ha den gode historia spørs det om kanskje Road to Empress II kan by på det du vil ha. Dette er ein interaktiv film full av harde val som tek oss med til gamle Kina.
Vidare finn vi mykje rart denne månaden. Tabletop Tavern er eit rouglite strategispel som blandar Total War med kortmekanismar, lovar å by på ein brutal kampanje. I Underchoice skal du gjere noko heilt anna, nemleg å styre ein bunker etter at verda utanfor har blitt for farleg.
Arms of God blir langt meir hektisk. Dette autokampspelet byr på blod, gørr, metal-musikk, og mange overdådige våpen.
Juni byr på gamle spel på ny, og blant høgdepunkta finn vis The 7th Guest Remake, Dead or Alive 6 Last Round, R-Type Tactics I • II Cosmos, Final Fantasy VII Rebirth som kjem til Switch 2 og Xbox, samt kosespelet Wanderstop, sære to a T som kjem til Switch 2, noko det har til felles med fotballspelet eFootball Kick-Off!.
Det var alt for juni, god speling, og sjåast om ein månad.