For to veker sidan blei Eirik Hyldbakk Furu Gamereactor Noregs siste sjefredaktør. Han var nummer ni i rekkja.
Magasinet har no automatisert omsetjing av artiklar frå andre språk med KI.
KI var også ein del av grunnen til at Silje Slette valde å be sjefane sine om å seie henne opp i 2023.
Tida som sjefredaktør i Gamereactor Norge gjorde at ho måtte ta avstand frå nyheitsmedia, seier ho i dag.
Tøffe krav
Slette starta karrieren som frilansskribent i Gamereactor Norge i 2018. Då var ho 20.
Året fekk dåverande sjefredaktør Suzanne Berget nok av magasinets danske eigarar. Slette greip sjansen og spurde om ikkje ho kunne få ta over.
To veker seinare blei ho sjefredaktør.
Ho var klar over kva ho gjekk til. Gamereactor hadde då eit krav om minst 15 nyheiter til dagen og éi større sak, fortel ho.
Slette kombinerte å lage eigne nyheiter med å omsetje saker frå dei andre Gamereactor-sidene rundt i verda.
Ikkje karakterpress
Gamer.no har i juli omtalt arbeidsforholda i Gamereactor Norge. Fleire tidlegare redaktørar har kome med krass kritikk mot eigarane av selskapet, og Slette kjenner seg igjen i mykje.
Samtidig understrekar ho at ho aldri opplevde press om å endre karakterar i spelmeldingar.
– Dei var nok litt mildare med meg og Eirik enn med Suzanne. Eg trur dei innsåg at det ikkje fungerte å vere så røffe, men eg fekk også høyre det ofte, seier ho.
Frå 2019 til og med 2023 jobba ho fulltid som sjefredaktør. Eirik Furu var tilsett på 50 prosent stilling.
– Eigarane gjorde ofte eit poeng av det. Fordi me hadde 1,5 stilling, burde det ikkje vere noko problem å nå krava, sa dei.
– Den einaste grunnen var klikk
Eigarane oppjusterte etter kvart kravet til 17 nyheitssaker og i snitt 1,5 store artiklar kvar dag.
– Det er ikkje vanskeleg å sjå korleis det påverka kvaliteten. Me måtte omsetje meir og skrive mindre sjølv, seier ho.
Lesarane reagerte også på korleis Gamereactor utvida dekningsområda sine. Slette fortel at ho måtte omsette saker om heilt andre tema enn spel.
– Viss det kom inn saker som genererte masse klikk, blei me pålagt å legge dei ut. Det kunne for eksempel vere saker om Donald Trump sin politikk. Den einaste grunnen for publiseringa var klikk, hevdar ho.
Det kom merknadar frå leiinga då dei ikkje klarte å oppnå publiseringskravet.
– Hadde me éi sak for lite, fekk me høyre det dagen etter. Men det kom også skryt ein sjeldan gong. Dei sa at eg gjorde ein god jobb, seier ho.
Rundt 2023 fekk Slette og Furu beskjed om at dei skulle prioritere redigering av KI-innhald.
– Eigarane sa dei skulle nedbemanne kraftig. Me skulle ned på éi stilling på 50 prosent, og eg og Eirik skulle kjempe om den plassen. Eg gadd ikkje jobbe 50 prosent, så eg bad dei om å seie meg opp. Då var eg ferdig, seier ho.
– Måtte ta avstand
Slette fekk betalt 23.000 kroner i månaden før skatt.
– Eg fekk beskjed om at eg kunne diskutere løna på sikt, men då eg tok opp dette, blei det konsekvent avslått, seier ho.
Arbeidsbelastninga var omfattande. Det er for så vidt ikkje uvanleg for redaktørar.
– Eg følte eg var på jobb heile tida. Eg var alltid tilgjengeleg, og måtte dekkje det som var interessant då det kom, både på kveld og i helger. Elles kom eg til å høyre det dagen etter, seier ho.
Slette har no ein jobb på Elkjøp.
– Då eg slutta, måtte eg ta litt avstand frå bransjen. Viss eg sat meg ned for å lese nyheiter, følte eg at eg var på jobb.
Nokre år seinare føler ho igjen at ho kan spele for å ha det kjekt igjen.
Gamereactor har blitt presentert for innhaldet i saka, men har ikkje svara på spørsmål om kommentar.
LES OGSÅ: Markus fekk sparken. No skal KI gjere jobben »
LES OGSÅ: Jon Cato sa opp fire-fem gongar »
LES OGSÅ: Fekk kjeft av sjefen på 23. desember »
LES OGSÅ: Eigarane sletta Eiriks avskjedsbrev »