25
Anmeldelse

The Adventures of Elliot: The Millennium Tales

Så uoriginalt at det nesten gjer vondt

Alt er på plass, men magien manglar i Square Enix sitt ferskaste eventyr.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Square Enix

Eg kjenner eg byrjar å bli veldig metta på heile HD-2D-greia til Square Enix. Å spele det eine spelet etter det andre med ein avart av denne stilen er som å stå fast i ei sigande myr eg ikkje ser ein veg ut av.

Det held. Eg treng ikkje meir. Eg treng ikkje enda eit spel som visuelt er nær ein blåkopi av det førre.

Visst har vi fått nokre flotte spel i denne stilen. Triangle Strategy er eit av dei beste taktikkspela i moderne tid, og Octopath Traveler 0 tok endeleg serien til dei høgdene den alltid har streba mot.

The Adventures of Elliot: The Millennium Tales vil derimot fort gå i gløymboka.

Klart vi skal redde verda, men først må vi finne ein hatt!
Øystein Furevik/Gamer.no

Var det nokon som sa Zelda?

The Adventures of Elliot er i praksis eit moderne Zelda-spel inspirert av dei gamle klassikarane, då først og fremst The Legend of Zelda: A Link to the Past. Ved sidan av dette har utviklarane krydra med litt Secret og Mana.

Utgangspunktet er ganske enkelt og uoriginalt. Vi får ei avhandling om problema i verda, kongen hyrer inn den renommerte eventyraren Elliot, men alt er sjølvsagt verre enn frykta sidan kongens næraste betrudde viser seg å vere skurken sjølv, på jakt etter stadig meir makt i ei historie vi har konsumert uendeleg mange gongar før.

Med seg på reisa får Elliot den ulideleg fea Faie. Ein skapning som masar i eit sabla kjør med ei vanvittig irriterande stemme som strengt tatt er godt levert av skodespelaren, men blir kaos for hjernen etter kort tid. Heldigvis kan du skru av mykje av maset hennar, men det har ikkje stor nok effekt.

Ho elskar å fortelje deg kva du skal gjere, helst før du får sjansen til å finne ut av det sjølv.

Saman legg desse to ut på eit eventyr for å finne stadig nye krefter og verkty for å nedkjempe den slemme skurken.

Bomber må til.
Øystein Furevik/Gamer.no

Velfungerande oppskrift

Dei første timane er The Adventures of Elliot eit skikkeleg solid, og underhaldande eventyr bygd på tradisjonsrik lest.

Du får utforske verda med ferske auge, og lar deg distrahere av alt som dukkar opp nær deg. Kister, grotter, ruinar, og vegar som leiar mot noko, men kva?

Dette spelet veller over av dei tinga moderne Zelda-spel manglar, og byr på eit uendeleg mylder av ting å gjere, stadar å sjå, og skattekister å opne. Det er nesten umogleg å følgje den raude markører som viser kvar historia fortset, for du berre må sjekke den greia i nærleiken først. Nokre gonger får du pengar, andre gongar betre våpen, og ikkje reint sjeldan nye bloddråpar som gir deg betre helse, i god Zelda-stil.

Blant favorittane finn vi òg krystallar som kan brukast for å lage magicite, magiske steinar som gir våpna nye krefter som blant anna større rekkevidde eller høgre sjanse for kritiske angrep.

På reisa finn du stadig nye våpen, frå sverd, til spyd, gripeklopisk og ikkje minst bomber som kan opne nye vegar. Alle kan oppgraderast ved å seinare finne nye skattekister med betre versjonar.

Det fungerer skikkeleg bra, og med eit stødig og velkjent kampsystem er det lett å ha det moro. Vi daskar laus på fiendar, ladar opp større angrep, eller dreg fram skjoldet når det blir naudsynt. Etter kvart kan ein til og med bruke Faie til å blant anna setje fyr på fiendar. Moro.

Kampsystemet er eigentleg kva du gjer det til.
Øystein Furevik/Gamer.no

Tidkrevjande tidsreiser

Det som dreg spelet ned er det som skjer nokre timar inn, når ein omsider finn ut at dette er eit spel med tidsreiser som tema.

Dette er i og for seg greit, fleire spel har gjort dette bra, men The Adventures of Elliot er ikkje eit av dei.

I starten går det fint, når du har berre eit par ulike tidsepokar å reise mellom. Då er det greit at dei ulike tidsaldrane eigentleg er heilt like bortsett frå nokre få kosmetiske skilnader.

Det byrjar derimot å skurre litt når ein kjem til den tredje tidsalderen og må traske gjennom det same kartet ein gong til, gjennom dei same grottene og på sett og vis spele spelet for tredje gong på ganske kort tid.

Etter kvar låser ein opp soner ein kan teleportere til og frå, men det er ikkje nok til å forhindre utmattinga som oppstår av den uendelege repetisjonen. Det er ei grense for kor mange gongar eg orkar å navigere dei same grottene, og kjempe mot dei same fiendane.

Eg blir litt sur, for dette er eit spel som heilt tydeleg kunne ha vore mykje betre. Spora etter storleik er her. Vi møter mange døme på korleis ein må utnytte tidsreiser for å låse opp nye vegar, men det er gjort på ein keitete måte der du ikkje ein gong kan markere viktige stadar du helst bør kome deg tilbake til utan å gløyme dei bort.

Nivådesignet på fleire av grottene og område er i deirmot skikkeleg bra, kreativt og fullt av artige utfordringar som testar arsenalet ditt. Det er berre synd ein må traske gjennom mykje repetisjon for å kome dit.

Ei og anna praktisk gåte dukkar opp.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

The Adventures of Elliot: The Millennium Tales er blant dei svakaste Square Enix-spela på ei stund. Det er likevel eit underhaldande spel som byr på ein del god moro, men repetisjonen set diverre inn ganske tidleg, og historia er ikkje god nok til å i alle fall halde meg gåande.

Eg er også ganske metta på presentasjonen. Det både høyrest og ser ut som alle andre HD-2D-spel frå Square Enix, og eg synest kanskje det er på tide å pensjonere denn gimmicken til fordel for noko anna. Dette spelet er så uoriginalt at det nesten gjer vondt.

Det sagt, det er mykje å like i dette spelet. Spesielt godt likar eg korleis vi får eit stadig vaksande arsenal med våpen som kan modifiserast for å yte etter ynskje.

Hadde utviklarane brydd seg litt mindre om å fortelje ei generisk historie, kutta på reisene i tid, og heller fokusert på å lage fleire unike grotter, kunne dette blitt ei mykje betre oppleving.

The Adventures of Elliot: The Millennium Tales lanserast på PlayStation 5, Switch 2, Xbox Series S/X (testa) og Windows 18. juni.

0
The Adventures of Elliot: The Millennium Tales
Mykje potensiale som aldri heilt når mål

Siste fra forsiden