25
Anmeldelse

Final Fantasy VII Remake Intergrade

Mektig imponerande

Final Fantasy VII Remake er nesten ikkje til å tru på Switch 2.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Square Enix

Det tok si tid, men no – nesten seks år etter spelet først blei lansert på PlayStation 4 – er Final Fantasy VII Remake Intergrade ute på Xbox og Switch 2. Det mest spanande akkurat no er sjølvsagt kor godt Square Enix har klart å få spelet til å køyre på Switch 2, ein konsoll som ikkje heilt klarar å spele på same nivå som PlayStation 5 og Xbox Series X.

Switch 2-versjonen er bygd på Final Fantasy VII Remake Intergrade-utgåva, ein forbetra versjon av spelet som kom i 2021, eitt år etter PlayStation 4-versjonen, og inkluderte eit heilt nytt kapittel med ninjajenta Yuffie i hovudrolla.

I praksis betyr det meir visuell pynt enn i originalversjonen. Vi får betre lys, og ikkje minst ei rekke forbetra teksturar, noko som var nesten pinleg synleg i originalen, der kvaliteten kunne vere veldig ujamn.

Dette er unekteleg eit lekkert spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Veldig imponerande

Sjølv om Switch 2 er ei markant svakare plattform enn nokon av dei dagsaktuelle konkurrentane, er det vanskeleg å ikkje bli imponert når ein først startar opp Final Fantasy VII Remake Intergrade på Nintendokonsollen.

Dette er unekteleg Final Fantasy VII Remake, og det ser ut nøyaktig slik ein hugsar at det gjer. Sterk bruk av lys og god teksturering vekker verda til live, og når Cloud saman med aktivistane i Avalanche tar seg inn i den første makoreaktoren, er det som om ingen endringar har blitt gjort.

Utviklarane hos Square Enix har gjort ein fenomenal jobb. Dette spelet har openbert blitt bearbeida hardt for å kunne køyre på Switch 2, men det at ein ikkje umiddelbart ser kva som er gjort, seier sitt.

Når ein ser nærare på det byrjar ein likevel å sjå ting. Samanlikna med PlayStation 5-versjonen blir det kjapt tydeleg at oppløysinga har fått seg ein knekk. Kopla opp mot ein TV køyrer spelet i 1440p, medan det blir skalert ned til 1080p i handheldt modus, medan vi får 30 bilete i sekundet i begge.

Dette er den mest umiddelbare forskjellen.

Håret er den første staden ein merkar at ting er gjort.
Øystein Furevik/Gamer.no

Osar av stemning

Final Fantasy VII Remake blei lansert på PlayStation 5 i sin Intergrade-versjon, var det med ei lang rekke visuelle forbetringar. Betre lys, betre skuggar, betre teksturar og volumetrisk tåke var blant høgdepunkta.

Alt dette er med vidare i Switch 2-versjonen, om enn bearbeida. Vi kan sjå at skuggane ikkje er av like høg oppløysing, og kan variere noko. Cloud kastar til dømes pen og skarp skugge på seg sjølv, men skuggane rundt han, dei som ikkje har like stort blikkfang er gjerne av lågare kvalitet. Snarvegane viser seg òg på andre område, då spesielt på håret til Cloud, som tydeleg endrar oppløsying basert på kva som skjer, og kor langt frå kameraet han er.

I rolege scener der han står og pratar får vi så detaljert hår som berre japanske frisørar er i stand til å mane fram, medan det får eit kornete og skravert preg når rørslene blir kjappe, eller han er eit stykke frå kameraet.

Det er likevel lett å gløyme når ein spring rundt i Midgar tar inn utsikta, eller kjempar mot fleire av spelets hissige fiendar i raske og engasjerande kampar.

Vanskelegare å gløyme er storleiken på spelet. Med sine 256 GB lagringsplass skal det ikkje mykje til å fylle opp, men når Final Fantasy VII Remake Intergrade er på heile 90 GB går det enda kjappare.

Det er ikkje mykje motstand om ein slår på Streamlined Mode.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spelet som spelar seg sjølv

Nytt med Switch 2- og Xbox-versjonane av Final Fantasy VII Remake Intergrade er det Square Enix kallar «Streamlined Mode». Dette er kort sagt ein måte å gjere spelet enda enklare på, og det blir strengt tatt så blotta for utfordring at det nesten spelar seg sjølv.

Med «Streamlined Mode» får du maks helsepoeng, maks magipoeng, og du gjer 9999 skade med kvart angrep. Det heile blir dermed plankekøyring veldig kjapt. Når ATB-målaren som gir deg tilgang på alt av spesialangrep også alltid er full, blir det lett å gi Sephiroth akkurat så mykje juling som han har gjort seg fortent til.

Greit for dei som synest spelet er langt nok, og eg mest interessert i historia.

Denne modusen blir òg tilgjengeleg som gratis oppdatering på PlayStation 5 og PC same dag som Switch 2- og Xbox-versjonane er ute.

Skuggane er eit av område det er lettast å sjå forskjell. PS5 til høgre.

Konklusjon

Om du er ein av dei som har venta i seks lange år på å få spele Final Fantasy VII Remake Intergrade, men heller venta på Switch 2 i staden for å kjøpe det på PC eller PlayStation, er tida no moden.

Square Enix har gjort ein imponerande jobb i å få dette allereie lekre spelet over på Switch 2. Det er ingen umiddelbare og openbere nedjusteringar, og ein må sjå litt nærare for å finne ut kva som er gjort, der ei lågare oppløysing og låste 30 bilete i sekundet er dei mest openbere trekka.

Final Fantasy VII Remake Intergrade siglar lett inn som eit av dei lekraste spela på Switch 2, kanskje det aller lekraste.

Det er sjølvsagt eit hopp opp til PlayStation 5- eller PC-versjonen, og det skulle berre mangle, men det hoppet er ikkje så stort at ein blir plaga av å farte rundt i Midgar på Switch 2. Å kunne ta spelet med seg på farten er òg kjekt, for dei som ikkje har Steam Deck eller liknande.

Utover det er Final Fantasy VII Remake Intergrade nøyaktig det same spelet mange har spelt før.

Final Fantasy VII Remake Intergrade er i sal for Switch 2 og Xbox Series S/X 22. januar.

0
Final Fantasy VII Remake Intergrade
Blant dei lekraste spela på Switch 2.

Siste fra forsiden