Anmeldelse

Final Fantasy VII Remake

Eit spel du vil elske eller hate

Ver forsiktig kva du ber om, du kan få meir enn du ville ha.

Då var vi her. Det er nesten ein mannsalder sidan dei første stemmene heva seg over internettet og bad Square Enix få ut fingeren og lage Final Fantasy VII på ny. Det fekk vi ikkje. I staden fekk vi ein film, og ein haug andre spel i same univers, men til slutt, etter mange år med venting og ingenting, måtte Square Enix gi etter, og setje i gong med å lage det folket ville ha.

Spørsmålet er jo kva folk eigentleg vil ha. Veit vi det sjølv? Veit Square Enix kva vi vil ha? Ein kan byrje å lure når dei tek dei første timane av eit spel som totalt sett kunne rundast på 40 timar, og halar dei ut til å òg kunne vare i 40 timar. Det vi no får når Final Fantasy VII Remake har landa blant oss, er noko missvisande. Dette er ikkje Final Fantasy VII, det er berre ein del av det. Square Enix har vore opne om det, dei har sagt dette er del ein av noko større, men kor stort? Kor mange delar snakkar vi om her? Når kjem dei?

Eg veit ikkje med deg, men Midgar var aldri min favorittdel i dette spelet. Midgar var starten. Du blei kjend med dei viktigaste karakterane og lærte deg verda og systema før moroa verkeleg skulle setje i gong i det ein reiste frå den store byen. Heile Final Fantasy VII Remake utspelar seg i Midgar. Det seier seg sjølv at når ein skal ta seks til sju timar og hale det ut til noko fleire gongar så stort, må ein endre på ting.

Ein må endre på mykje.

Kvifor?

Slummen har endra seg sidan sist.
Øystein Furevik/Gamer.no

Spørsmålet eg sit igjen med er eigentleg kvifor. Kvifor var det naudsynt å lage eit heilt spel av det som skjer i byen Midgar? Eg ser ikkje noko som vitnar om at det var noko som berre måtte gjerast. Strengt tatt sit eg med ei kjensle av at denne avgjersla frå utviklarane si side har gått på helsa laus, og dei har gjort alt kva dei kunne for å dytte nok innhald inn i spelet til å kunne forsvare kvifor dei har gjort det dei har gjort. Koste kva det koste vil, og koste, det gjer det.

Resultatet er eit spel som blandar nokre heilt fantastiske scenario, personar og handlingsforløp, med ei solid dose reinspikka møl. Dei nye tinga Square Enix har lagt til er nesten alltid reint søppel. Vi snakkar nye karakterar, nye handlingsforløp, og nye former for uviktig tidsfordriv. Vi møter ein fyr som i nokons hovud sikkert var eit skikkeleg morosamt innslag, men som i realiteten berre blir ei flau påminning om at det ikkje er alle som forstår humor like godt. Vi møter ein fyr spelet vil vi skal bry oss om hardt, men som eg ikkje kunne brydd meg mindre om fordi eg nett møtte han, har viktigare ting å gjere, og dessutan har han teit hår. Vi har òg nye og dramatiske element som berre står som eit gigantisk og plagsamt spørsmålsteikn heilt til ein får kjipe svar.

Final Fantasy VII Remake er skikkeleg bra når spelet held handa di og dreg deg vidare gjennom dei lineære sekvensane der du spring frå den eine fiendegruppa til den andre og tek inn dei dramatiske historiesekvensane. Det er ikkje så rart eigentleg, det er her originale Final Fantasy VII tek styringa og bestemmer kva som skal skje. Men mellom desse herleg regisserte delane av spelet kjem tettstadane. Stadane der det bur ... folk, og du må roe ned litt, høyre på dei tyte om ting du ikkje bryr deg om, gjere oppdrag for dei, og møte det verste japansk speldesign har å by på.

Eg spelar ikkje Final Fantasy VII for å redde kattar. Eg spelar ikkje Final Fantasy VII for å gå fram og tilbake over store avstandar om att og om att berre fordi Square Enix ikkje har økonomi nok til å hyre inn nokon som kan å skru saman eit fornuftig sideoppdrag. Etter å ha spelt Greedfall i haust og slukt den fantastiske oppdragsstrukturen det spelet hadde å by på, har eg fått svært låg toleranse for bullshit. Final Fantasy VII Remake er stappfullt av bullshit. Det er kunstig og kynisk skvip melka ut av ei slakteferdig ku for å rettferdiggjere at eit spel er mykje lengre enn det har nokon rett til å vere.

Verre blir det av at desse tettstadane er så lite overbevisande at ein kan lure på om folka som har laga dei nokon gong har bevegd seg utanfor Akibaharas hippaste strøk. Joda, slummen ser rimeleg forfallen ut, og hadde det ikkje vore for folka som bur der hadde eg sikkert kjøpt det Square Enix prøvar å fortelje meg. Men det er desse folka. Kven har designa desse folka? Samtlege fattige folk i slummen ser ut som om dei er hyra inn frå eit modellbyra for å vere statistar i ei potensiell Donald Trump-oppsetjing av Les Miserables. Dei har skinande nyklipt hår, den same, meisla beinstrukturen, og har alle handla klede frå den same butikken. Høyr her Square Enix, det hjelper ikkje å hive skit på designerklede for å sjå fattig ut, det er framleis designerklede, og alle kan sjå det.

Alle personar i dette spelet som ikkje har i viktig rolle og skal vere med i filmsekvensar framstår som ein ettertanke. Det er som om to team har jobba med spelet. Dei som veit kva dei driv med har jobba med dei viktige folka, medan eit anna team med folk som ikkje veit kva dei driv med har gjort alt det andre. Til og med stemmene er heilt på jordet. Du høyrer stemma til det som høyrest ut som ein liten krokete raring, men så er det ein rakrygga ung mann med buzzcut som står der og deler si naud.

Sterke motsetningar

Sidan når fekk Joe & the Juice ein filial i Midgar?
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er mykje eg ikkje likar med Final Fantasy VII. Eg blir nesten provosert oper kor idiotisk mykje av det nye innhaldet er, og det er så pinleg tydeleg kor mykje betre alt frå originalen er enn det nye. Hadde Square Enix droppa denne idiotiske tanken om å lage eit heilt spel av Midgar, og sløyfa alt dei har dikta opp for å rettferdiggjere dette påfunnet, hadde dette vore ei mektig oppleving. Square Enix har for det meste nagla dei viktige figurane. Hovudpersonane er tru mot seg sjølv og har godt skodespel, sjølv om Barret blir ein litt vel slitsam karikatur til tider. Jamt over har eg uansett svært lite å utsetje på korleis Square Enix har fornya elementa som er direkte henta frå orginalen.

Det som skulle skurre blir likevel fullstendig overskugga av ein veldig spesiell person. Aerith er, i eitt ord, perfekt. Eg trur aldri eg har møtt ein meir umiddelbart elskverdig person i spel, film eller noko anna medium. Ho har ein sjarme og eit vesen som glir inn under huda på deg og gjer deg glad. Berre glad. I ho, i livet, i spelet. Ho er eit sånt vinnande vesen som sjølv om du kan sjå ho ber på tunge ting, smiler, og held motet oppe og gjer alt for at dei rundt ho skal ha det bra.

Cloud kan vere tørr, teit, og litt for tøff for sitt eige beste, men saman med Aerith blir det berre vakkert. Han ser olmt på verda, og Aerith finn seg ikkje i det, ser rett gjennom han, og peikar kursen vidare, for sånn er det. Den harde krigaren Cloud er sjanselaus mot ho. Samspelet deira er umiddelbart, det er ekte og det er så ufatteleg vemodig. Kvar gong Aerith opnar munnan, kvar gong ho seier noko til Cloud er det så fint, men det er nettopp det som gjer det så vondt. Eg veit kva som kjem. Og det får det til å stikke i brystet kvar gong eg smiler.

Eg var ikkje ein av dei som tok dei dramatiske vendingane i Final Fantasy VII så tungt, men dette er noko anna. Eg kvir meg til fortsetjinga. Eg vil lukke auga og late som den ikkje kjem.

Så bra som ein kan håpe

Kampane er fantastisk underhaldning.
Square Enix

Før Square Enix viste fram kampsystemet i Final Fantasy VII Remake i fjor, var dette eit av dei aller største spørsmåla knyta til denne nyversjonen av Final Fantasy-klassikaren. Mange håpa på det same turbaserte kampsystemet, men dei fleste skjønte nok at det var eit tynt håp. I dag handlar det meste om action, og det viser seg i Final Fantasy VII Remake òg. Det er kjapt, intenst og actionfylt, men det er samstundes så taktisk som ein på nokon måte kan håpe at eit kampsystem skal kunne vere i dag. Kampsystemet i Final Fantasy VII Remake er kort sagt den perfekte kombinasjonen av sanntid og turbaserte kampar.

Sjølv om spelet teknisk sett ikkje er turbasert, og du må angripe manuelt som i eit vanleg actionspel, kan du når som helst hente fram ein meny som pausar spelet og let deg velje kva du vil gjere som i eit klassisk turbasert spel. Herifrå kan du velje mellom ein haug ulike angrep og magi, og den vil kjapt bli brukt like flittig som ein ordinær meny i eit turbasert spel. Det fungerer nydeleg, og eg har ingen problem med å sjå at ein del actionfans kan bli interesserte i å teste ut nokre turbaserte spel etter ei god runde med Final Fantasy VII Remake.

Som i originale Final Fantasy VII lærer du deg nye eigenskapar ved å bruke materia, små kuler du kan dytte inn i våpen og utstyr. Desse fungerer som før, og blir gradvis oppgraderte til å tilby kraftigare versjonar av kva magi eller teknikk dei byr på. Den eine store forskjelle frå korleis originalspelet handterte materia i forhold til no, er eigentleg mengda med materie. Det er kanskje litt for mykje materia å velje i. Enkelte vil sikkert fryde seg med valfridomen, men når eg spelar, likar eg å finne noko som fungerer godt, og ikkje nødvendigvis skifte ut kva eigenskapar eg har for kvar andre kamp.

Final Fantasy VII gjer dette litt vanskeleg. Ikkje berre møter du heile tida varierte fiendar som kan gjere materiaen du har i bruk heilt ubrukeleg, men det er så utruleg mange materia-typar som varierer i kor nyttige dei framstår. Eg har fått kasta «Silence» på meg ei handfull gongar i løpet av spelet, treng eg ein eigen materia for å beskytte meg mot dette? Mykje materia blir veldig spesifikt, og det er ikkje alltid like lett å sjå nytten i alt. Spelet hadde hatt godt av om det blei stramma inn litt på utvalet, slik at det du hadde var hakket lettare å sjå verdien i.

At Final Fantasy VII er vakkert, er det ingen tvil om.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ein fest for sansane

Om det er ein ting få, om nokon, kan seie noko på, er det korleis spelet er presentert. Dette er utan tvil eit av dei vakraste spela eg nokon gong har sett. Figurane og områda er til å få hakeslepp av, og kampane er eit fyrverkeri utan like. llusjonen brest litt når ein går inn i område fulle av uviktige statistar, men det som verkeleg betyr noko er imponerande. Final Fantasy VII Remake byr på mange ikoniske område, og om du har Final Fantasy VII ferskt i minne vil du sjeldan lure på kvar du er. Alle område er velkjende, men samtidig utvida og tilrettelagt for ein konsoll som kan vise kor stor denne byen verkeleg er.

For stor er den. Midgar i Final Fantasy VII var alltid meint å vere ein stor by, men det vi fekk sjå var veldig små bitar av den. I Final Fantasy VII Remake får vi verkeleg sjå kor ufatteleg massivt det heile er.

Bakteppet for det heile er ein modersinert versjon av Nobuo Uematsus velkjende musikk frå originalen. Uematsu sjølv er diverre ikkje med på laget utanom ei ny låt over rulleteksten, men teamet som har stått for musikken har gjort ein god jobb. Det er stort, mystisk og dystert. Gamle tonar glir gjennom den nye innpakninga, og det heng ei tung og intens stemning over spelet.

Eg saknar likevel Umetasu, han har ein eigen teft for melodi og lyddesign som få kan matche, og noko har forsvunne i overgangen.

Konklusjon

Midgars storleik kjem endeleg fram.
Øystein Furevik/Gamer.no

Final Fantasy VII Remake er på sitt beste alt vi kunne ha håpa på. Det er ei fantastisk gjenforteljing av eit klassisk spel, modernisert på ein genial måte for å dra nye spelarar inn i si fascinerande verd. Eg skulle ynskje eg kunne stoppe der, men diverre har Square Enix funne ut at å berre pynte på grafikken ikkje var nok. Dei har ikkje berre tilrettelagt historia, dei har forandra den, utvida den, og gjort merkelege ting med den eg ikkje heilt veit kva eg skal meine om fordi eg enno ikkje heilt forstår kva som har skjedd.

Det einaste eg er heilt sikker på er at eg er frykteleg skuffa. Eg er skuffa over at Square Enix såg seg nøydde til å ta det som burda ha vore ei enkel historie om å kjempe mot overmakta før ein rømmer åstaden, og gjere den om til metafysisk skvip som skal eskalerast i det endelause heilt til du sit igjen som eit forvirra nek og lurer på korleis i alle dagar historia skal halde fram etter dette.

Meir er ikkje alltid betre. Denne gong er meir verre. Det ligg eit fantastisk bra spel inne i denne pakka. Det kjem fram kvar gong spelet utelukkande fokuserer på dei og det som er henta rett ut av originalspelet. Diverre blir denne knakande gode historia feita opp med uinteressant fyllmasse, utbrodering av ting som var betre sagt med få ord, og ikkje minst svært kunstig inkludering av ting som eigentleg skal kome seinare i historia.

Det er vanskeleg å vite kva ein eigentleg skal seie. Det er mykje bra her. Ei flott historie kjem fram som aldri før, og kjemien mellom Cloud og Aerith er ein draum. Kampane er fantastiske og det er eit sjukt nydeleg spel.

Hadde Square Enix nøgd seg med å levere dette, og ingenting meir, hadde dette vore alt vi hadde håpa på. Men vi får meir, mykje meir, og no er eg berre sliten, og er glad det er lenge til fortsetjinga.

7
/10
Final Fantasy VII Remake
Final Fantasy VII Remake er på sitt beste alt vi kunne ha håpa på.

Siste fra forsiden