25
Feature

Yngvill lagar spel til ære for faren som tok livet sitt

Havspeilet fortel historia om oppveksten med ein sjuk forelder.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

I barndommen kunne Yngvill Hopen legge seg i gitarkassa og sovne på det fløyelsmjuke belegget mens pappa spelte.

Han var ein virtuos.

Å spele gitar og skape musikk var det Alf Thon levde for.

Yngvill fekk gitar av faren då ho var fire. På ein måte har ho bygd bildet av farens identitet rundt instrumentet; pappa var han med gitaren.

Dei gongane han sleit og ikkje kunne vere der for ho, kom saknet.

I 2005 tok han sitt eige liv.

Yngvill og utviklarane i Underling Games jobbar med eit spel basert på opplevingane hennar.

Forsvann

Alf kom inn og ut av livet til Yngvill gjennom oppveksten. Plutseleg kunne han forsvinne, og ingen i familien høyrde eller såg noko til han på lang tid.

Med åra fekk ho ei større forståing for kvifor han ikkje makta å vera der.

I periodar heldt alkoholen han unna. Han var redd for å skuffe familien og bli ei byrde, og hadde ikkje samvit til å vere der for dei.

Likevel var det alltid pappa Yngvill ringde først med gode nyheiter.

Privat

Ho kunne sitte til langt på natt og spele gitar hos han.

Musikksmaken hans smitta over, og all musikk var bra musikk, så lenge det var god musikk, hos Alf. Men det gjekk mest i progrock og tungrock.

Den store helten hans var Ozzy Osbourne.

– Eg fann ein konsertbillett til Black Sabbath i lommeboka hans etter at han døydde, fortel Yngvill.

Opprørsk sjel

Yngvill er både spelutviklar og bildekunstnar. Alf lærte ho kor viktig det er å få lov til å vere kunstnar, viss det er det ein føler seg som.

Heile slekta er full av musikarar, kunstnarar og teaterfolk. Og for Yngvill kjem mykje av det kunstnariske frå faren.

Ho har også lært av feila hans kom kunstnar. Det å vere kontorrotte var ikkje noko for Alf, han var heller ein rebell, fortel Yngvill.

Yngvill Hopen har i mange år vore ein markant stemme i norsk spelutvikling.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Sjølv har eg forstått at det å ha forretningsteft og vere ein lagarbeidar er viktig for å kunne gjennomføre og leve av kunsten.

– Det hjelper ikkje å tene masse pengar om eg ikkje kan ta vare på folka rundt meg og dei som ikkje har det bra. Det har eg lært av situasjonen med pappa.

– Mange vonde følelsar

Foreldra gjekk frå kvarandre då ho var liten, og slik fekk Yngvill ein viss distanse til far sine vanskar.

Likevel kasta problema hans lange skuggar over barndommen hennar.

– Han levde med depresjon og angst frå han var liten. Det å ikkje ville leve er noko ein måtte forhalde seg til, for det blir snakka om, seier ho.

– Sjølvmedisinering med rus og alkohol blir det same. Sjølv om me ikkje var inni det, fekk me eit forhold til det. Og det var vanskeleg å late som det ikkje skjedde.

Yngvill Hopen har delt opplevingane sine rundt farens psykiske vanskar offentleg. Det har vore ei stor hjelp for henne.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Då Alf valde å ta sitt eige liv i september 2005, var Yngvill 24 år gammal. Med ein gong handla alt om å passe på dei yngre søskena.

– Me var tre søstrer som mista far vår. Mamma hadde mista far til sine barn og skulle ta vare på den 15 år gamle dottera til far. Alle hadde vore gjennom traume. Det var mange vonde følelsar og vanskelege situasjonar, noko som fort kan splitte opp ein familie, men i staden knytte det oss tett saman.

Kva hjelper?

Yngvill meiner mora skal ha æra for korleis dei klarte å handtere dødsfallet.

– Ho styrte oss ut av dei djupaste gropene og var limet i familien. Det er hennar forteneste at det har gått så bra med oss, og at me kom oss gjennom dette.

Dødsfallet skulle ikkje bli noko som definerte dei negativt. Dei skulle jobbe seg gjennom traumet og vekse på det.

– Eg merka fort at det er frykteleg mykje stigma rundt tema som rus, alkohol og sjølvmord. Det skal ein ikkje snakke om. Men det er jo det som hjelper mest: Å snakke om det.

Yngvill er gift og har to barn. Eldstesonen har også lyst til å bli spelutviklar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Familien blei einige om at dei ikkje skulle skamme seg over kva som skjedde.

– Det er ein del av oss og dei me er. For oss blei det eit referansegrunnlag for å snakke med andre menneske, og då skal ein ikkje late som noko ikkje skjer. Det var me bevisste på.

Kunsten blei svaret

Yngvill brukte kunsten til å takle følelsane.

Barnerommet hos mor flaut over av skisser, teikningar og måleri. Draumen var alltid å bli bildekunstar, men på mors kontor stod også ein antikvarisk datamaskin.

Spela bestod ikkje av meir enn nokre grøne strekar og bobler. Likevel lokka dei henne inn til eit heilt nytt univers.

– Då eg var seks år gammal, tok ei rik tante meg med i leikebutikken og eg fekk kjøpe det eg ville. Slik fekk eg meg ein Nintendo.

Ho kunne ligge og spele til langt på natt. Men det var først då spelet Myst kom ut i 1993, at Yngvill oppdaga korleis ho kunne kombinere dataspel og kunst.

– Det var eit a-ha-augeblikk for meg, nesten ei religiøs oppleving. Eg elskar spel, eg elskar kunst, og plutseleg kunne eg gjere begge deler.

Gåtespelet Myst inspirerte Yngvill til å bli spelutviklar.
Cyan Worlds

Eit par år etter dødsfallet malte ho eit portrett av faren. Penselen kunne formidle det ho ikkje heilt klarte å sette ord på.

I bildet slit han seg gjennom ein endelaus tjæresjø, ein som aldri slepp laus.

Foto: Yngvill Hopen
Yngvill Hopen

Det blei også utgangspunktet for spelet Havspeilet.

For Yngvill starta det med ein kort gåsimulator som skulle visualisere kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje er villig til å ta imot hjelp.

– Dei som ser på seg sjølve som ei byrde, og ikkje forstår at dei kan få hjelp, korleis kan du eigentleg hjelpe dei? Det var der ideen til Havspeilet kom frå.

Spelet handlar ikkje nødvendigvis om sjølvmord, men viser korleis det er å gradvis miste nokon. Litt og litt.

Havspeilet er ein måte å hugse Alf på for Yngvill.
Yngvill Hopen

– Det er ikkje noko du kan fikse. Det berre skjer. Alle har opplevd å miste nokon eller at eit forhold går i oppløysing. Då sit du igjen med eit hol i deg.

Ho syns det er bakvendt at det skal vere så vanskeleg å snakke om noko som er så universelt menneskeleg.

– Ikkje redd

Etter dødsfallet merka ho at folk ikkje heilt visste kva dei skulle seie til ho. Yngvill prøvde å vere direkte.

– Det er tøft å snakke om dette, men det er mange fleire som har opplevd dei same tinga enn kva ein trur.

Ho merka korleis openheita senka terskelen for å stille spørsmål. Folk tok kontakt om delte sine eigne opplevingar, og lurte på om ho hadde råd.

Arbeidet med Havspeilet har rippa opp i ein del gamle minne, men det har også vore ein måte å bearbeide følelsane.
Yngvill Hopen

Yngvill har tidlegare fortald om faren hos både Bergens Tidende og NRK.

Tilbakemeldingane har utelukkande vore positive.

– Menneske vil vere opne og snakke om det som er vanskeleg, og eg er ikkje redd for å gjere det. Sjølv kan eg uttrykke meg godt kunstnarisk, og spel har blitt eit språk for meg.

– Det finst ingen andre medium som er så interaktive og gir ei slik innlevingsfølelse, der du kan ta del i og forstå opplevingane, som spel.

– Altfor risikabelt

Også i spelbransjen har ho fått kontakt med andre utviklarar som har vore gjennom liknande traume.

– Det har ført til gode samtalar om korleis ein kan formidle desse tinga gjennom spel, utan at spelaren skal føle seg deprimert av spelet, seier ho.

Yngvill jobbar kontinuerleg med nye, visuelle prototypar for Havspeilet.

Underling Games sitt arbeid med Pode og Pode 2 har gjort at Havspeilet har blitt eit slags hobbyprosjekt for Yngvill, men det skal lanserast ein eller annan gong.

Spelet har hatt fleire arbeidstitlar sidan Yngvill starta arbeidet. Det er nok enno lenge til det blir lansert.
Yngvill Hopen

Norsk filminstitutt har gitt Underling Games 2,3 millionar kroner til utvikling av Havspeilet. Selskapet har også fått rundt 900.000 kroner frå mediefondet Zefyr.

– Spelet er veldig nisje. Det er nesten umogleg å finne ein utgivar og investor til det. I alle møta fekk eg tilbakemelding om at spelet var dødskult og at eg måtte lage det, men at det er eit altfor risikabelt prosjekt til å investere i.

Langt fram?

Yngvill er sjefen for Underling Games på Kokstad i Bergen.

Det viktigaste for henne som sjef, er å ta vare på kollegaene, og å sørge for at dei andre føler seg verdsette og trygge.

– Alle skal få vere kreative og ha sine lidenskapsprosjekt, også meg, men først må me ha mat på bordet og straum i stikkontakten.

Derfor blir det enno ei stund til verda ser noko av Havspeilet. Først skal dei lansere Pode 2.

Håpet er å kome til eit punkt der dei kan sikre investorinteresse for Havspeilet ein gong i framtida.

– Det hjelper ikkje å lansere eit prosjekt om me blir sjuke på vegen. Crunch skal ikkje me ha. Målet vårt er å ha det bra på stien dit, å ha tid til familien og hobby, det som gjer at me kan gå på jobb og føle oss inspirerte.

– Det prøver me å minne kvarandre på heile tida.

Treng du nokon å snakke med?

Det finst ei rekkje lågterskeltilbod for dei som treng hjelp:

  • Hjelpelinja: Hjelp i samband med penge- eller dataspel. Ring 800 800 40 eller chat på hjelpelinjen.no
  • Mental Helse Hjelpetelefon: Ring 116 123 eller skriv på sidetmedord.no
  • Mental Helse Ungdom: Hjelp for dei mellom 18 og 35 år. Ei chatteteneste på www.mhu.no open kvar dag frå 18-21
  • Spillavhengighet Norge: Ring 4770200 eller kontakt [email protected]
  • Kirkens SOS: Ring 22400040, chat på soschat.no eller meldinger.kirkens-sos.no
  • Treng du augeblikkeleg hjelp? Ring 113 når det står om liv, eller legevakta på 116117 for hjelp no

Siste fra forsiden