Det er lett å bruke store ord, men det er strengt tatt ikkje mogleg å overdrive kor viktig Halo: Campaign Evolved var. Ikkje berre revolusjonerte spelet skytespel på konsoll, men det var så godt som eigenhendig ansvarleg for at Xbox blei ein suksess. Dette var spelet folk kjøpte ein konsoll for.
Spelet gav oss fantastiske kontrollar som føltest naturlege og intuitive, herlege våpen, store spanande område å utforske, og ufordrageleg smarte og uforutsigbare fiendar som aldri gjorde den same tingen to gongar.
På toppen av dette låg ei enkel, men fengslande forteljing om Master Chief, den grøne kjempa av få ord, og den pratsame kunstige intelligensen Cortana som fungerte som sparring partner heile vegen gjennom.
Halo er legendarisk, og no er det tilbake i ei ny, oppdatert utgåve med den kvassaste grafikken Unreal-motoren har å by på.
Tilbake igjen
Eg veit ikkje kor mange gongar eg har spel gjennom Halo, men det byrjar å bli ein del. Først på normal, så på hard, så på legendary, og vidare i fleirspelar saman med ein kamerat der ein gjerne gjorde sport av å plassere så mange granatar som mogleg under ein warthog-bil for å sjå kor langt vi kunne få den til å fly.
Eg kjenner dette spelet godt, og det er difor godt å kunne seie at 343 Industries, seinare omdøypt til Halo Studios har klart å bevare den gode Halo-kjensla. Alt følest riktig, sjølv om det er gjort endringar, og mange av dei. Du kan no sprinte, og du kan sikte med alle våpen. Sistnemnde stiller eg meg tvilsam til nødvendigheita av, og for det meste ignorerte eg funksjonen. Dette spelet går så fort, og det skjer ofte så mykje, at å snevre inn synsfeltet gjer meir skade enn godt.
Andre endringar er av eit nyttigare slag, og framstår som eit forsøk på å blande nytt og gammalt. Frå Halo 2 får vi til dømes rakettkastar som kan låse seg på køyrety, vi får og moglegheita til å plukke opp energisverd, og nyttegjenstandar som skjold og kamuflasje er no noko du aktiverer sjølv, i staden for at det skjer automatisk.
Eit par andre våpen får seinare spel har òg snike seg inn, samt moglegheita for å kapre eit køyrty, og det skadar ikkje. Det endrar litt av spelekjensla, men det må ein nesten berre forvente frå ei oppussing.
Det eg er mindre entusiastisk over er korleis eg sit igjen med ei kjensle av at det er meir ammunisjon og gode våpen plassert overalt. Spelet er ikkje enklare, men dei fleste Halo-veteranar kjenner kjensla av å endeleg få ei pumphagle sidan ammunisjon kan vere mangelvare, og konstant utskifting av våpen blir essensielt. Akkurat dette er nedtona, til fordel for nesten endelaus ammo.
Ei visuell overhaling
Det som først og fremst er nytt i Halo: Campaign Evolved er at spelet er bygd opp frå grunnen i Unreal-motoren. Det er absolutt eit lekkert spel, og den visuelle stilen har fått seg ei merkbar endring. Eg vil likevel ikkje kalle den stor, den er veldig i tråd med korleis spelets visuelle stil har utvikla seg opp gjennom åra, og eg synest Halo Studios har gjort ein svært god jobb med å gjere dei mange områda veldig lekre, men enkle å kjenne igjen.
Mange stader nyter veldig godt av oppussinga, og spesielt må eg trekke fram The Library, eit notorisk repetitivt nivå i tunge, brune tonar. No er det langt meir som skjer, og med herleg lyssetjing er det både stemningsfullt og til dels ganske ekkelt. Eg er av raringa som alltid hadde dette kaotiske nivået som ein favoritt, og no er det enda betre.
Eg er likevel ikkje heilt nøgd. Biletekvaliteten er ikkje heilt der den burde vere. Det er mykje støy i biletet, og ofte er det kornete som om det ligg eit filmfilter over det heile. Spesielt merkbart er dette når det skjer mykje på skjermen. Med mange fiendar og store eksplosjonar blir biletet raskt grovkorn med visuell støy, og det er tydeleg at ting skjer under lokket for å halde bildefrekvensen på eit akseptabelt nivå.
Det er likevel eit vakkert og stemningsfullt spel, og det står litt i kontrast til den 25 år gamle musikken som har blitt remastra, men ikkje noko meir. Det skal vere sagt, eg kan vere skeptisk til nyinnspelingar av klassisk musikk då ein gjenre kan miste noko i overgangen, men akkurat i dette høve kunne Halo Studios godt funne eit godt orkester til framføre den mest bombastiske musikken, om ikkje anna.
Med ein moderne presentasjon skurrar det berre litt når gamle, digitale strykarar framfører den elles klassiske musikken frå spelet.
Noko nytt attåt
Ved sidan av det originale spelet i ny drakt byr Halo: Campaign Evolved på ei ny historie i tre delar. Denne går føre seg omlag eit år før historia i Halo, og her møter vi Master Chief og sersjant Avery Johnson som reiser på oppdrag i lag. Det er moro, sjargongen mellom Chief og Johnson er god, om enn kanskje litt vel karikert, men det er ei fin blanding av alvor og humor, litt øydelagt av ei surmaga dame som dukkar opp midtvegs og berre er negativ.
Å spele gjennom desse to til tre timane er ei litt blanda oppleving. Det er litt gjenbruk av korridorar og romskip frå Halo-kampanjen, og som regel endar du opp i ein slags arena med fleire inngangsparti der pulje etter pulje, etter pulje med fiendar vandrar inn. Det framstår litt uoppfinnsamt, og som ein litt giddalaus måte å kunstig hale ut tida til spelare på.
For all del, det er likevel moro å spele Halo, sjølv om nivådesignet er litt banalt er gjer den stadig finurlege kunstige intelligensen sitt for å alltid variere kva som skjer. Med våpen som den latterleg kraftige Needle-rifla, gjer ein i tillegg kort prosess på det meste. Eg set og pris på at Johnson er ein nyttig digital partner, som gjer litt ut av seg.
Eg likar og spesielt godt korleis brutane har blitt handtert denne gongen. Dei er blodtørstige vesen, berre kontrolert via ein medaljong påp brystkassa, og om ein skyt denne går dei berserk, og angrip alt rundt seg. Det er ein artig idè som både kan skape kaos og redde deg ut av mange kniper.
Eit sakn mange som tok med seg Xbox under den eine armen og TV under den andre for å gå på Halo-lan er at det ikkje er nokon fleirspelarmodus her utover samarbeid. Dette spelet handlar utelukkande om kampanjen, men den kan no til gjengjeld spelast med fire spelarar, mot originalens to.
Konklusjon
Sjølv med dei små spelmekaniske endringar som er gjort i denne oppussa versjonen av Halo: Combat Evolved, er det fascinerande å sjå kor godt dette 25 år gamle spelet framleis held seg. Det har verkeleg ikkje skjedd så mykje på alle desse åra, og det seier sitt om kor hardt dette spelet slo ned då det først kom. Bungie nagla det på første forsøk.
Halo: Campaign Evolved er såleis først og fremst ei visuell overhaling som dreg denne perla av eit spel inn i moderne tid, gjerne for eit nytt og yngre publikum som kanskje rynkar litt på nasa over å spele den visuelt forelda originalversjonen som er lett tilgjengeleg via Halo: The Master Chief Collection.
Det sagt, har du spelt Halo: Combat Evolved opp og ned, fram og tilbake dei siste 25 åra er det lite nytt her. Den korte ekstrakampanjen som følgjer med er ikkje aleine verdt inngangsprisen, og sidan dette utelukkande er ein kampanje, men med samarbeid for opp mot fire spelarar, er det ingen vidare fleirspelarmoglegheiter her.
Det er ikkje alle som bryr seg om det, og om det viktigaste for deg er første reis med Master Chief, enten aleine eller i herleg samarbeidsmoro, er Halo: Campaign Evolved ein god måte å oppleve eit essensielt stykke spelhistorie på.
Det nesten makelaust kor godt eit så gammalt spel står seg, og om du enno ikkje har spelt Halo, er det jaggu på tide.
Halo: Campaign Evolved lanserast 28. juli på PlayStation 5, Xbox Series S/X (testa), Windows og Game Pass. For dei som kjøper Premium Edition er det tilgjengeleg no.