25
Anmeldelse

Octopath Traveler 0

Det klart beste spelet i serien

Ein sjeldan gong er spel så gode at ein nesten får vondt inni seg.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Square Enix

Octopath Traveler er ein serie som aldri heilt greip meg, sjølv om det meste eigentleg var på plass. Gode rollefigurar, gode historier, god musikk, spanande kampar og ei god verd, alt var der. Problemet for meg har heile vegen vore denne fragmenteringa av historia. Vi møter ein haug ulike personar, og vi skal gjennom alle historiene deira i ei novellesamling som aldri heilt tek av.

No har derimot Square Enix gjort brutale inngrep i formelen. Borte er alle hovudpersonane, og tilbake står vi med ein, den du lagar, og fy pokker så bra det er.

Litt kjipt å kome heim til dette.
Øystein Furevik/Gamer.no

Endeleg!

Å starte opp eit nytt Octopath Traveler-spel er nesten litt skummelt. Klok av erfaring er det lett å forvente mykje av det same, og det blir det òg, men strukturen i Octopath Traveler 0 bryt fundamentalt med tidlegare spel.

Det første vi gjer er å skape ein figur. Du vel kjønn, utsjånad, namn og kva klasse personen skal ha, og så hiv du deg ut på eventyr. Der tidlegare spel har hatt åtte hovudpersonar med åtte ulike forteljingar, er det berre ei forteljing i Octopath Traveler 0. Det er forteljinga di, om ein landsby som blir jamna med jorda, og ditt kall for å bygge den opp igjen, samt ta hemn på dei skuldige.

Vi blir i starten presentert for fire ulike hovudoppdrag. Du kan velje å fokusere på å bygge opp byen, eller du kan rette merksemda di mot å ta hemn på dei tre skurkane som brann den ned. Dette er så nær vi kjem den strukturen tidlegare spel bydde på. Vi får ulike historier, men det er på ingen måte like fragmentert som før. Dessutan har vi heile tida reisa di som ein raud tråd som bindar alt saman.

Elles er mykje som før. Kvart område har eit anbefalt erfaringsnivå, og oppdraga viser tydeleg om du er klar for kva som ventar, eller om du kjem til å gå ei brutal oppleving i møte. Du er fri til å gå fram som du vil. Ein kan gå gjennom historiene nivåvis, eller du kan gå gjennom ei heil historie, så ta den neste, og den neste. Eg vil anbefale det siste. Då får du heilskapen i historiene, og den vil du ha. Om du derimot vil tvinge deg inn i situasjonar du eigentleg ikkje er klar for, er det fritt fram.

Her og der dukkar òg mindre forteljingar opp. Dei er gjerne korte, tek ikkje mykje tid, men er fine små historier, om alt frå bortkomne søner til den gamle fiskaren som slit med å finne nokon som kan ta over yrket hans.

Det er fint, smått, bygger opp verda og gjer den din.

Lang, lang rekke.
Øystein Furevik/Gamer.no

Hensynslaust brutalt

Om nokon skulle få det føre seg, ikkje kjøp dette spelet til tiåringen. Det er eit sjokkerande brutalt spel. Sjølv om det er søt pikselgrafikk og vakker musikk, er det forteljingar som sender deg i møte med sadistiske og sosiopatiske skurkar vi sjeldan ser makan til. Eg var nesten satt ut opp til fleire gongar gjennom møta med dei tre skurkane spelet tidleg kastar din veg.

Spesielt skodespelforfattaren Auguste bydde på ei historie så fæl at ein nesten kan byrje å lure på dei som skreiv den. Her er det politisk maktkamp, prostitusjon, slaveri, mord og drap – til og med på born – over ein lav sko.

Det kunne ha vore kvalmande i feil hender, men det er lenge sidan eg har vore så nagla til skjermen medan pikselkompaniet pratar. Det er sjølvsagt til stor hjelp at både skodespel og musikk er så meisterleg utført at ein kan bli svimmel.

Eg blir likevel slått av undring. Kvar er desse forfattarane når det verkeleg gjeld? Kvifor blir andre og meir påkosta Square Enix-spel fylt med tull, kleine anime-troper, fjas (eg ser på deg Chadley frå Final Fantasy VII Remake), fanservice og anna ræl når dette finnest? Ingen av dei kanskje mest forhatte tematiske elementa ved japanske rollespel er til stade her. Det er vågalt, vaksent og modig. Det er godt mogleg det er difor Square Enix tør lage dette, fordi det ikkje står mykje på spel.

Jaudå, det blir fyrverkeri her òg.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kamp til tusen

Om det er ein ting som aldri har vore eit problem for Octopath Traveler-serien, er det kampsystemet. Frå start har det vore blant dei beste i sjangeren, og det er ikkje utan grunn. Som i tidlegare spel i serien får vi eit turbasert kampsystem, og det etter kvart velkjende Break/Boost-systemet er tilbake. Om du er ny, er konseptet enkelt. Etter kvar tur får kvar rollefigur ein prikk, og kvar prikk representerer ein ekstra tur.

Ved å samle opp desse, kan du to-, tre- eller firdoble angrepet ditt. Eine og aleine er dette artig nok, men kombinert med seriens fokus på å svimeslå fiendar ved å angripe såre punkt, er det gull. Alle fiendar har nokre våpen eller trolldom dei er svake mot. Slår du dei nok gongar på desse, blir dei sårbare for alle angrep, sjølv dei som elles vil slite med å kome gjennom.

Det er eit enkelt konsept, men det er uhyre moro, og i Octopath Traveler 0 er det enda betre enn før. All dødtid er så godt som borte, og grunnen er enkel; du har no heile åtte heltar i gruppa di.

Det kan kanskje høyrest mykje ut, men det er smidigare enn ein skulle tru. Kvar helt har ein partner valt av deg, og med eit knappetrykk kan du når som helst byte kven som står framfor, og kven som står bak. Alle på bakre rad er immune mot skade, og får i tillegg tilbake helse, medan dei i front er dei einaste som kan utdele skade.

Eg har vanskeleg for å finne andre ord enn «genialt».

Litt om litt blir byen til.
Øystein Furevik/Gamer.no

Å bygge ein heim

Det som utan tvil er det største nye elementet i Octopath Traveler 0 er heimstaden din Wishvale. Den blir brend ned tidleg i spelet, og du brukar resten av spelet på å bygge den opp att.

Dette er ein heil eigen del av spelet. Når du er på vandring vil du møte mange ulike folk, og nokre av dei kan du invitere med deg til Wishvale. Prosessen er ikkje den same kvar gong, sjølv om den sjeldan byr på store utfordringar. Du må finne dei rette folka, prate med dei og kanskje overbevise dei om å snakke med deg før du kan invitere dei til å flytte. No og då må du ut på små eventyr for å få folk med deg.

Når folk først har flytta, må dei ha ein stad å bu, og då er det veldig greit at du frå verdskartet kan teleportere til alle stadar du allereie har vitja. Å kome seg tilbake til Wishvale tar berre få sekund, og der kan du bygge nye fasilitetar etter kvart som historia går sin gong.

I starten får du berre bygge hus folk kan bu i, men etter kvart får du lage ei kro, ein åker og ein gard der du kan avle fram dyr. Landsbyen veks sakte opp frå grunnen igjen, men det kunne kanskje ha gått litt fortare. Eg vil bygge no, men det tar lang tid. Etter 30 timar hadde eg berre nokre få klynger med hus, og langt fleire folk enn hus å putte dei i.

Ein merkar òg kjapt at alt du puttar ned kostar. Ikkje berre ressursar, men plass. Du kan berre plassere så mange ting, og det betyr at ting som tre, busker, benkar og andre ting som gjer lansbyen pen og koseleg, gjerne må vike til fordel for fleire hus.

Eit av dei beste kampsystema i sjangeren.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det fine med Octopath Traveler-serien er at du i stor grad veit kva du får. Den er no slik Final Fantasy-serien ein gong var; trufast. Du veit du får gode historier, du veit du får pikselgrafikk og du veit sånn cirka korleis kampane vil bli.

Det du ikkje veit er kvar reisa vil ta deg. Kva du vil oppleve, og korleis du vil reagere på det.

Octopath Traveler 0 er utan tvil det beste spelet i serien, og det høyrest nesten rart ut når vi tar inn over oss at dette er ein bearbeida og utvida versjon av eit mobilspel. Det til tross, kampsystemet har aldri vore betre, og historiene i dette spelet er fantastiske, og sjølv gjennom små pikselfolk er dei meir truverdige og såre enn det meste sjangeren har bydd på i lang, lang tid.

Det er berre ein ting som verkeleg irriterar meg. Nesten all musikken er gjenbruk frå tidlegare spel. Den er fantastisk, og betre enn så og seie all anna musikk som har kome ut sidan det første Octopath Traveler-spelet, men likevel, vi høyrde den i det første Octopath Traveler-spelet.

Octopath Traveler 0 kjem i sal for PlayStation 4, PlayStation 5 (testa), Switch, Switch 2, Xbox Series S/X og Windows 4. desember.

0
Octopath Traveler 0
Octopath Traveler på sitt aller, aller beste

Siste fra forsiden