Få TV-seriar har fengsla meg meir enn kva Battlestar Galactica gjorde då den gamle serien frå slutten av 70-talet stod opp frå dei døde i 2003.
Eg har alltid likt sci-fi, men dette var nytt. Dramatisk, jordnært nesten. Borte var laserpistolar og automatiske dører, og inn kom telefonar med kabel, slitne skip, og eit mannskap som var så levande at det hoppa ut av skjermen.
Å følgje ei flåte med skip som er på konstant flukt frå ein fiende som alltid er to steg foran, var ei utruleg spanande reise, og no, berre 23 år seinare får du prøve deg på om du kunne gjort ein betre jobb enn William Adama og hans nestkommanderande ven Saul Tigh.
Til døden tar oss
Battlestar Galactica: Scattered Hopes er ei blanding av drama, eventyr, forteljing, rougelite og strategi. Det er eit spel som i all hovudsak utspelar seg i to fasar. Den eine er i kamp mot den uendelege fienden cylon, medan den andre er pausene mellom slaga. Det er dette som vil ta opp det meste av tida di, for her skjer det mykje.
Ikkje berre må du sende ut mannskap for å skaffe ressursar og drivstoff slik at du kan handtere framtidige utfordringar, men du må handtere akutte problem som oppstår i flåten. Ofte får du eit val der nokon ber om til dømes mat eller medisin, og du kan seie ja og gjere dei glade, eller du kan seie nei fordi du ikkje har råd til å gi dette akkurat no.
Det er grei matte, har du ikkje mat å gi, får du uansett ikkje blidgjort dei svoltne mekanikarane som trur alle har det betre enn dei, og moralen stuper.
Synk moralen nok blir det dårleg stemning om bord, og då kan utrivelege ting skje. Problem kan oppstå på skipa, og dei kan krevje tid og ressursar du eigentleg ikkje har. Alt medan du prøvar å førebu deg på neste hopp med raskare-enn-lyset-fart, i det fienden endeleg har funne deg.
Det er uhyre frustrerande, og spelet har gjort ein god jobb i å formidle til akkurat meg at eg er veldig glad for at eg ikkje har kommandoen over ein flåte skip i ein prekær situasjon. Ingen ser ut til å forstå kor alvorleg alt er, bortsett frå deg.
No kjem dei!
Alt du vel å gjere i den rolege fasen, om det så er å løyse situasjonar eller sanke ressursar tar tid, og før eller seinare er du tom for akkurat det; tid.
Då kjem cylon-fienden og du må i kamp. Dette er ei ganske grei affære, men det blir veldig raskt tydeleg at dei vala du gjer etter kvart får mykje å seie for framtida.
Romskip får erfaringspoeng når dei blir brukt, og det same får pilotar som er stasjonert i dei. Korleis du vel å oppgradere får mykje å seie når du møter farlegare fiendar med kraftigare skip som gjere uventa ting.
Kampsystemet i seg sjølv er enkelt, men artig. Nede i venstre hjørnet ligg flåten din, og i motsett hjørne ligg fienden. Cylon-hæren vil konstant sende skip mot deg, og det er opp til deg å stasjonere ut nokre få skip som tek seg av det meste av jobben.
Du sender ikkje ut enorme skvadronar her, men i staden er kvar skvadron illustrert med eit enkelt fly. Desse flya kan du styre fritt for å angripe dei fiendane du vil, men dei kan og stasjonerast og automatisk angripe alt som kjem nær nok.
Du får òg utruste baseskipet ditt med ei rekke våpen, og dei sivile skipa rundt kan òg oppgraderast, blant anna med våpen som skyt ned missil som kjem for nær.
Spelet gjer ein god jobb i å vise at kampen blir farlegare og farlegare før du til slutt må kalle inn alle skvadronar før neste destinasjon er plotta inn, og det er klart for hopp.
Om du ikkje overlev ein kamp, er det over og ut. Du får med deg nokre permanente oppgraderingar, og så må du starte eit nytt forsøk på å overleve, med nye skip og nytt mannskap.
Stilfull presentasjon
Battlestar Galactica: Scattered Hopes baserer seg på den visuelle stilen som blei etablert i 2003. I opninga får ein òg servert musikk frå serien, men utover dette er det ingen overlappande element. Vi får riktig nok eit og anna kjent namn, men etter kvart som vi blir introdusert for ein eller annan cylon i menneskeham, er det ingen kjende ansikt å spore.
Spelet gjer i staden si eiga greie, innanfor kjende rammer.
Vi får ei litt snodig blanding av pene protrett som illusterer mannskap og samtalepartnerar, enkel 3D-grafikk når vi er i kamp, og stilfull pikselgrafikk når vi går til ulike fasilitetar på skipa.
Det er ei litt snodig blanding, og ein skulle kanksje ikkje tru den ville funke, men det synest eg den gjer. Dei ulike stilartane hjelper òg til med å skilje dei ulike delane av spelet. Saman med god musikk, bygger det heile ei god stemning som er velkjend, men likevel annleis for alle som har sett Battlestar Galactica-serien ein gong eller ti.
Konklusjon
Battlestar Galactica: Scattered Hopes er eit godt, om enn ikkje grensesprengande spel som blandar harde taktiske val og strategisk krigføring i ei rougelite-blanding der du må prøve å overleve lengst mogleg, eller starte heile kapteinkarrieren på ny.
Det er eit underhaldande spel, og eit der det kontinuerleg er så mange ting å gjere at tida går veldig fort. Første kveld eg spelte det hadde det brått gått fire timar utan at eg heilt forstod kva som skjedde.
Eg merka likevel at motivasjonen for å starte opp igjen ikkje var den heilt store. Dette er absolutt eit engasjerande spel, men når ein først har feila etter så mange timar sit det eit lite stykke inne å starte på ny.
Det sagt, Battlestar Galactica: Scattered Hopes er eit underhaldande spel som kan benke deg framfor skjermen i fleire timar om gangen, og som formidlar det uendelege dramaet i flukta frå cylon på ein fin måte.
Battlestar Galactica: Scattered Hopes er tilgjengeleg på PC no.