25
Anmeldelse

Echoes of Aincrad

Druknar i eigne ambisjonar

Det nyaste Sword Art Online-spelet er farleg nær å vere ein suksess, men feilar på vitkige punkt.

Øystein Furevik
Spillredaktør
Bandai Namco

Sword Art Online er ein anime- og manga-serie der tusenvis av spelarar blir fanga i eit massivt rollespel. Om dei prøvar å logga av, vil NerveGear-VR-settet dei brukar for å spele spelet ta livet av dei, og om dei døyr i spelet, døyr kroppen i den verkelege verda òg. Den einaste måten å kome ut levande på, er ved å nå spelets høgste nivå.

Det er kanskje ikkje berekraftig å ta livet av spelarane sine, men det er i alle fall dette som er utgangspunktet Sword Art Online er bygd på. Echoes of Aincrad er det nyaste spelet basert på denne verda, og det er på alle måtar det mest ambisiøse.

Her får vi lage vår eigen rollefigur, og gå gjennom det same som hovudpersonen frå serien har gjort.

Dette er eit nydeleg og veldig stemningsfullt spel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Stort, vakkert, spanande

Echoes of Aincrad er eit stort spel, og det blandar digre område med animestetikk på ein måte som ofte får det til å sjå ut som om vi er midt i ein film.

Verda er nydeleg og byr på alt frå vidstrakte sletter til sumper og stemningsfulle skogar. Detaljnivået er enormt, og det er nokre av dei mest overbevisande landmassane eg har sett på ei stund. Utfordringa kjem delvis gjennom nivådesignet som eg ikkje er ein fan av.

Som nemnt er dette eit stort spel, og med det meiner eg at det tar alt for lang tid å kome frå ein stad til ein annan, enten på eit kart, eller i historia. Kvart kart du kjem til er delt inn i soner, kvar av desse sonene er fulle av vegar å gå, skattekister å finne, og ei trygg sone som låser opp kartet for den aktuelle sona.

Før den er låst opp får du ingen hjelp frå kartet, og i eit spel som på mange måtar er ein kontinuerleg labyrint, er det eit problem. Sjølv når ein vandrar i ei fjellside må du rekne med å måtte navigere opp, ned, under, over og mange turar fram og tilbake fordi du ikkje skjønar korleis du skal kome deg fram til destinasjonen din.

Personleg blir eg veldig metta av slikt. Spesielt sidan områda ikkje byr på noko særleg med meiningsfylt innhald. Det er fult av fiendar, men det er dei same fienande heile tida, og det er eigentleg alt. Det skjer ingenting i denne verda, det er ingenting å oppdage, anna enn ein portal i andre enden av kartet, som tek deg til neste by.

Det er lett å bli metta. På eit punkt tenkte eg at no må eg har spelt i nærare 30 timar, men nei, eg hadde berre spelt 13.

Spelet er vakkert, men kunne hatt litt meir innhald.
Øystein Furevik/Gamer.no

Alt som kunne ha vore

Dette er eit spel eg har veldig lyst til å like, og tidvis gjer eg det. Når ein kjem inn i flytsona er dette spele gull. Periodevis er utforskinga svært stemningsfull. Når områda unngår sine mest labyrintaktige fakter, når fiendane byr på ei underhaldande utfordring og du kjenner på framgang, kosar eg meg.

Positivt er og ei god historie, men den kunne godt fått langt meir merksemd og kjærleik. Det kan gå timar mellom kvar gong historia går vidare, fordi du brukar såpass med tid på å kome deg gjennom dei store områda krydra med tilfeldige fiendar.

Kampane er likevel eit høgdepunkt, i alle fall når vanskegrada sit som den bør. Vi får eit mylder av våpen å velje mellom, og alle fungerer på ulike måtar. Vi har små og raske sverd og økser, og store, tunge sverd og økser.

Alle våpen kan oppgradedrast og skruast på etter smak gjennom ein smed som fungerer temmeleg godt. Gjennom synese kan du ta eigenskapar frå eit våpen og overføre til eit anna, og såleis lage ditt ideelle våpen. Slikt elskar eg.

Klassisk Echoes of Aincrad-situasjon. Det er berre å snu.
Øystein Furevik/Gamer.no

Kunsten å utføre slakt

I kamp møter vi eit smidig system med fokus på komboar, spesialangrep, og unnabyksing og parering. Gjer sistnemnde bra og du kan utføre eit motangrep. Du har òg alltid med deg ein partner som kan bidra med eigne triks.

Jamt over fungerer det veldig godt, og sjølv om vanskegrada kan hoppe litt vel mykje, er det dei vanskelege kampane som er dei artige.

Igjen gjer spelet likevel dumme ting, og først og fremst gjennom å aldri førebu deg på ei utfordring. Dette er eit spel som ikkje har ei einaste akseptabel vanskegrad. Om eg spelar på hard vil eg at alt skal vere merkbart vanskelegare. Dette spelet er så umiddelbart barnemat at eg måtte skru opp vanskegrada etter første kamp. Vanskegrada blei etter kvart maksa for å unngå ein situasjon der eg kunne drepe fiendar ved å sjå stygt på dei. Eg veit eg har eit blikk som kan drepe, men det får no vere måte på.

Dette leier likevel til ein ny frustrasjon. Sjølv om alt du møter i terrenget er lett å hamle opp med, kan enkelte sjefskampar vere eit sjokk for systemet. Utviklarane har laga eit spel for folk som ikkje likar soulslike, berre for å gjere det soulslike så fort ein sjef dukkar opp. Spelet trenar deg ikkje opp i dei tinga du må terpe på, og det er eit gigantisk feilgrep.

Ekstra irriterande blir det når du ikkje får lov til å endre vanskegrada andre stadar enn i ein by. Du må altså ta ei pause i oppdraget. Heilt meiningslaust.

Konklusjon

Om du er fan av Sword Art Online og likar store spel med høgst variabel utfordring, er Echoes of Aincrad som skapt for deg.

For min eigen del kjenner eg at eg har fått nok, og kjem ikkje til å minnast dette spelet som noko anna enn eit spel som kunne ha vore ein sommarfavoritt om det hadde gjort nokre svært enkle grep. Balanser vanskegrada, og fikse nivådesignet. Halve spelet kunne ha vore makulert, med fordel.

Større er ikkje alltid betre. Det smanliknbare spelet Granblue Fantasy: Relink som i desse dagar kjem ut i nyversjonen Endless Ragnarok demonstrerer dette veldig godt med mindre område som likevel skapar inntrykket av storleik.

Det er likevel mykje å like her. Kampsystemet er underhaldande, historia er god nok til at eg ville vite kva som skjedde vidare, og verda er utruleg stemningsfull å vandre rundt i.

Echoes of Aincrad lanserast på PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Windows 10. juli.

0
Echoes of Aincrad
Stort og flott, men tregt og einsformig.

Siste fra forsiden