25
Sniktitt

Echoes of Aincrad

Seriens største spel

Dette kan raskt bli det einaste viktige spelet i Sword Art Online-universet.

Bandai Namco

Sword Art Online er ein populær manga- og animeserie der hovudpersonane blir fanga i ei virtuell spelverd. Alle spelarar koplar seg på denne verda via ein NerveGear-hjelm som forar alle sansar, og såleis får kroppen til å tru den verkeleg er i denne virtuelle verda.

Her er alt berre fryd, gammen og samarbeid om oppdrag heilt til skaparen av spelet brått fortel at alle no er fanga i spelet. Om ein døyr på oppdrag, vil den verkelege kroppen utanfor spelet også døy. Om nokon prøvar å kople av NerveGear-hjelmen vil det òg medføre den visse død.

Den einaste måten å kome seg levande ut på er ved å overleve alle av spelverda Aincrads 100 nivå.

Å hogge av kroppsdelar er viktig taktikk.,
Øystein Furevik/Gamer.no

Null stress

Det har blitt laga mange Sword Art Online-spel opp gjennom åra, men ingen kan seiast å vere like ambisiøse som Echoes of Aincrad. Dette ser ut til å bli eit massivt og omfattande actionrollespel med langstrakte sletter, store byar, og mange detaljerte system å setje seg inn i.

Vi har fått tidleg tilgang for å prøve ut ulike område i spelet, og det må seiast at dette ser lovande ut, sjølv for ein som ikkje akkurat kan kallast Sword Art Online-fan.

Det første du må gjere er å lage ein rollefigur, og akkurat dette kunne godt ha vore litt meir detaljert. Det er litt vanskeleg å styre unna teit hår og alt for barnlege ansikt.

Deretter ber det ut i verda.

Sjølv om Sword Art Online handlar om folk som spelar eit massivt nettspel saman, er det ingen fleirspelarmous å hente i Echoes of Aincrad. Dette er eit solospel som berre latar som om det har fleirspelar.

Dette viser seg først gjennom venesystemet der du kan legge til folk du møter gjennom spelets forteljing. Du kan lage deg ei stadig større liste med vener, og blant desse kan du ta med deg ein om gangen som får bli med på tokt.

Kampane er kjappe og underhaldane, men skru opp vanskegrada.
Øystein Furevik/Gamer.no

Dette har du gjort før

Kampsystemet i Echoes of Aincrad er i utgangspunktet ganske tradisjonelt. Ein brukar lette og tunge angrep som kan lenkast saman til komboar. Ein kan rulle unna angrep, parere, og gå til motangrep om ein parerer bra.

Her kan partneren bli viktig. Du kan sjølv velje kor aktiv rolle partneren din skal innta, og om den er aktiv vil den kunne vere med på større angrep når du timar angrep skikkeleg. Ein kan også aktivt utøre både eigne spesialangrep og angrep saman med partner.

Det heile flyt godt. Det er kjapt, smidig og utviklarane har bygd opp eit godt og presist kampsystem eg trur kan tene god nytte i det som ser ut til å bli eit omfattande evetyr. Det er ikkje frykteleg avansert, men det byr på rikeleg med ulike funksjonar.

Spørsmålet er likevel kor godt det heile vil halde seg over tid.

Store, flotte område, men er det nok å gjere på?
Øystein Furevik/Gamer.no

Stort, kanskje for stort?

Echoes of Aincrad byr – etter det eg har sett – på mange vidstrakte område. Frå sletter til byar er det skapar spelet raskt ei kjensle av omfang.

Eg blei òg positivt overraska over kor mange folk som vandra rundt i byane. Desse er ikkje folk du kan prate med, men kor mange gongar har ein ikkje spelt –spesielt japanske – rollespel med tomme byar blotta for liv som ein likevel skal tru på er aktive metropolar? I dette spelet er det fleire stadar stinn brakke, og ein må nesten presse seg gjennom folkemengda for å kome seg fram.

Om det er eit punkt eg er litt kritisk, er det til korleis historia blir fortalt. Det er fine og gode filmsnuttar her og der, men det har blitt litt vel mykje prating frå sidefigurar.

Det blir litt rart, spesielt når rollefiguren din er stum. Lange samtaler der der ein følgjesven pratar meir til seg sjølv enn nokon rundt seg blir noko rart når du aldri seier eit einaste ord.

Ein sjeldan folksam by i eit japansk rollespel.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Etter ei rekke noko lunkne spel i Tales of-serien byrjar eg endeleg å kjenne på litt optimisme for eit nytt actionrollespel frå Bandai Namco.

Eg har ikkje fått spele mykje av Echoes of Aincrad, men dei timane eg har spelt har vore ganske spredt over alt frå grotter til vidstrakte sletter og travle byar.

Det eg sit igjen med er ei kjensle av at dette var moro, og eg gjerne vil spele meir. Kampane flyt godt, er kjappe, fulle av stilige animasjonar og effekter, og stemningsfull musikk legg eit fint bakteppe.

Eg er litt skeptisk til ustoppeleg prating frå følgjesvener, og eg har ein liten mistanke om at det kan bli store område tørste etter meir innhald, men eg håpar eg tar feil.

Echoes of Aincrad blir lansert på PlayStation 5, Xbox Series S/X og Windows (testa) 10. juli.

Siste fra forsiden