25
Anmeldelse

Dragon Quest I & II HD-2D Remaster

Nydeleg eventyr av gamlesorten

Square Enix serverer ei nydeleg oppussin av to gamle klassikarar.

Øystein Furevik
Spillredaktør

Det er rart korleis samfunnet utviklar seg. Ein gong var dei store forteljingane våre om det gode mot det vonde. Kampen der våre heltar ofra liv for å nedkjempe vonde makter som ville oss vondt. Ikkje nødvendigvis av ein kompleks grunn, dei berre var vonde, det var alt vi måtte vite for å forstå kampen.

Så skjedde det noko. Alt skal målast i grå tonar. Helten skulle ha sider, den vonde skulle ha sider og nyansar. Helst skal vi sympatisere litt med skurken, forstå han, og helst skal det vere noko gale med helten òg. Kven er eigentleg problemet her?

Det blir mykje slikt, spesielt frå Disney etter at dei slutta med teiknefilmar og heller valde å kjøpe alt rundt seg.

Å spele Dragon Quest I & II HD-2D Remake minnar meg på kva vi har mista. Kor essensiell kampen mellom godt og vondt er. Verda kan vere kompleks den, men vi treng heltar. Det er heltane som får oss til å strekke oss etter eit ideal betre enn oss. Om heltane ikkje lenger er heltar, kva gjer det med oss?

I Dragon Quest får vi heltar. Vi får heltar og prinsesser, vonde trollmenn og blodtørstige drakar. Komgedøme som står for fall og prinsar som må løfte det igjen. Det er ein grunn til at slike historier har overlevd i tusenvis av år; dei er tidlause.

Det er litt godt å sjå ein klassikar som helten og prinsessa igjen.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det enkle er det beste

Eg skal innrømme tankane mine kanskje er høgre enn Dragon Quest I & II ynskjer å vere, men det var slikt som surra gjennom hovudet mitt då eg funderte på kvifor eg kosa med slik med denne forteljinga. Kvifor det å berre få lov til å vere ein helt som berre gjer godt, berre vil gjere godt, og berre må kjempe mot vonskap – ikkje mot dei som tvilar på motiva hans – treff meg så djupt.

I Dragon Quest I & II HD-2D Remake får vi eit gjensyn med dei to første spela i Dragon Quest-serien. Dei kjem eit år etter Dragon Quest III fekk same behandling, og eg merkar eg kosar meg meir i år. Mykje meir. Eg er usikker på kvifor. Spela er veldig like, og om du likar det eine bør du like det andre, men det heile dreg meg meir i gong i år.

Sjølv om dette er det første og andre spelet i serien er det fjorårets Dragon Quest III som utspelar seg først. Dragon Quest I startar milennia etter hendingane i Dragon Quest III forma verda, og legenda om helten frå det spelet heng tungt i lufta. I dette spelet får du berre styre ein figur, og det kjem med fordelar og ulemper. Alt går mykje fortare, men ein må òg vere mykje meir taktisk, sidan ein har berre seg sjølv til hjelp.

Eg må seie eg likar det. Dragon Quest I er japansk rollespel av gamlesorten, der du faktisk må jobbe litt. Det er kanskje lett heilt i starten, men før du får sukk for deg hamnar du i kampar der du febrilsk prøvar å halde helsa god nok før neste slag kjem, medan du håpar å få inn eit slag mellom turane til fastlegen. Dette er eit spel som fort kan hoppe i vanskegrad, og tvinge deg til å springe litt i ring medan du bygger deg opp, men det er moro, og eg likar det.

Kampane er turbaserte, som seg hør og bør.
Øystein Furevik/Gamer.no

Må det vere slik?

Eg likar mindre dei små irritasjonane ved det erketradisjonelle og turbaserte kampsystemet. Fiendar har det med å stikke av, alt for ofte. Eg kan møte fem fiendar, og om eg har skikkeleg uflaks kan du banne på at alle stikk så fort dei har fått eit slag på seg, og eg får null erfaringspoeng. Så ille er det heldigvis sjeldan, men det skjer, og ofte nok til at eg må nemne det.

Ein annan irritasjon er korleis fiendar blir grupperte i kamp. Står tre fiendar av same sort på rad kan du angripe alle saman med våpen som treff fleire fiendar, eller magi som gjer det same. Står det ein annan fiende mellom dei, vil desse tre like fiendane bli delt i to grupper, som må angripast individuelt. Du kan ikkje angripe to ulike fiendetypar samtidig med unntak av med nokre få former for magi. Det er litt tungvindt, og kampar kan enten vere enkle å handtere fordi fem like fiendar dukkar opp, eller keitete og langdryge fordi fem ulike fiendar dukkar opp.

Fint er det likevel at du kan byte utstyr midt i ein kamp utan at det stel tid frå deg. Du kan til dømes byte frå eit våpen som angrip berre ein fiende, til eit våpen som angrip fleire, avhengig av kva situasjonen krev.

Dragon Quest I er reisa til ein einsam helt, men i Dragon Quest II får vi eit selskap på fire heltar, ein meir enn i originalutgåva. Her får alle heltane definerte roller, og fell inn under kjende paraplyar som krigar og magikar. Det eg kanskje likar best akkurat her er at spelet gir deg mykje kontroll over korleis kampane skal utspele seg.

Du kan detaljstyre alt om det er slik du vil ha det, men du kan og velje å automatisere ein del. Kvar helt kan jobbe ut frå bestemde ynskje, og kan gå på med alt han har, spare magipoeng, eller fokusere på helsemagi. Vidare kan du styre kva eigenskapar og magi dei skal kunne bruke i kamp. Merkar du at ein helt kastar litt for mykje av ein dyr magi som ikkje er like nyttig kvar gong, kan du fjerne den. Små, praktiske ting som dette gjer spelet fornøyeleg å spele.

Det er lite som slår eit godt, gammaldags verdskart.
Øystein Furevik/Gamer.no

Verda for dine føter

Samanlagt er Dragon Quest I & II HD-2D Remake ei langt betre oppleving enn Dragon Quest III HD-2D Remake. Ein skulle kanskje tru det var omvendt, all den tid Dragon Quest III er eit nyare spel, men nei.

Dragon Quest I & II framstår langt meir vitalt, som om utviklarane har kosa seg, hatt det moro, og laga noko dei verkeleg hadde lyst til. Det er to leikne og lystige spel som fortel dramatiske historier på ein nydeleg måte, med pompøst Shakespeare-språk, og godt skodespel når det ein og annan gong dukkar opp.

Eg må òg nemne musikken som er spesielt fin i desse spela. Dragon Quest har alltid hatt sin eigen stil, med musikk som slektar meir på dei klassiske komponistane, enne moderne musikarar. Her er alt framført av orkester, og det er fine tonar. Har eg eit ankepunkt er det at spela godt kunne hatt fleire og lengre musikalske spor, men det er prisen å betale for gamle spel i ny drakt.

Det er tydeleg at utviklarane har teke seg større fridom under utviklinga av desse to spela, og mykje er endra, og nye ting er tilført. Det vi endar opp med er to engasjerande eventyr med svært god driv som dyttar deg vidare. Tempoet er høgre, det er lett å vite kvar du skal. Du kjem stadig til ein ny stad, møter nye fiendar, får nye våpen, nytt utstyr, og nye eigenskapar. Det står aldri i ro.

Det blir mange kampar, men dei er ikkje like masete som i Dragon Quest III HD-2D Remake. Dei dukkar framleis opp på tilfeldige tidspunkt, men lengda mellom kvar er fin. Du får tid til å springe rundt litt, tid til å utforske dei mange underjordiske grottene. Tid til å kose deg.

Det er stemningsfulle spel, dette.
Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

Det var her det starta. Med Dragon Quest I. Det var dette spelet som i 1986 så godt som skapte den japanske rollespelsjangeren. Året etter kom Final Fantasy, og resten er historie. Ein sjanger blei til, og årevis med spelmoro var i vente.

Med Dragon Quest I & II HD-2D Remake har Square Enix revitalisert to eldgamle rollespel, gjeve dei nytt liv, og gjort dei lett tilgjengelege for dagens publikum. Med det meiner eg ikkje at dei har strippa bort og modernisert, nei, dei har gjort det spelbart på alt av plattformer, med nydeleg grafikk og musikk attåt.

Dette er to perler frå spelhistoria, og alle som likar japanske rollespel – og spesielt gamle japanske rollespel – bør gi desse spela tida dei fortener. Det er småting å plukke på, men minna ein sit igjen med er av herlege eventyr der ein kjempa mot draken, redda prinsessa, og levde lukkeleg alle sine dagar.

Dragon Quest I & II HD-2D Remake kjem i sal for PlayStation 5, Switch, Switch 2 (testa), Xbox Series S/X og Windows 30. oktober.

0
Dragon Quest I & II HD-2D Remake
To flotte og viktige innslag frå spelhistoria.

Siste fra forsiden