Etter godt over 20 år med ein-mot-alle-spel frå Tecmo Koei, er det eit etablert faktum at Warriors-spela ikkje er for alle. I desse spela kjempar du mot horder av fiendar i spel mange vil meine fokuserer på stil over substans. Det får så vere. Det er ikkje utan grunn serien framleis held det gåande, og det er heller ikkje utan grunn at vi no får det tredje spelet i serien basert på Nintendos Zelda-univers.
I Hyrule Warriors: Age of Imprisonment er det igjen Breath of the Wild-verda vi reiser til. Der Hyrule Warriors: Age of Calamity var ei tilleggshistorie for Breath of the Wild som gav oss eit breiare bilete av hendingane før det spelet, er Age of Imprisonment eit tillegg til Tears of the Kingdom.
Vi følgjer prinsesse Zelda på ei ferd tilbake i tid, der ho møter eit heilt anna Hyrule, i det riket for første gong møter den utspekulerte og vonde Ganondorf.
Gi meg styrke
Eg likar historia. Eg må seie det. Den er god, spanande, med godt portretterte figurar, godt skodespel, stor dramatikk, og kanskje viktigast av alt; ufordrageleg god musikk.
Eg forstår ikkje dette heilt. Musikken i Breath of the Wild kjem på fem CD-plater. Openbert er det musikk der, men når eg tenker tilbake til det spelet er det som dei fleste andre opa verd-spel; stille. Så stille at ein kan høyre om eit grasstrå bøyer seg litt for hardt mot dei andre.
Ikkje i Hyrule Warriors. Her får du all den musikken du saknar i dei nyare spela, og meir til. Det er herlege, pompøse, dramatiske, stemningsfulle og ikkje minst forteljande musikalske verk i dette spelet. Melodiar som i Zelda-eventyra berre er piano i ein landsby er her omarrangerte til dramatisk kampmusikk, og eg elskar det.
Det er verdt å seie ein gong til: Eg elskar det.
Musikk har så mykje å seie for opplevinga, og kan ta noko ordinært og gjere det ekstraordinært. Det er nettopp det som ofte skjer i Hyrule Warriors: Age of Imprisonment. Ein jagar etter fiendar i hopetal, slår dei i bakken, og det til noko av den beste musikken Zelda-spela har sett sidan, vel, førre Hyrule Warriors-spel.
Gratulerer, alt er som før
Har du spelt eit Warriors-spel, har du spelt dei alle, og det høyrest kanskje ikkje så positivt ut, men tenk deg om litt. Ein kan seie det same om dei fleste skytespel, men folk spelar Fortnite åtte år seinare, kjøper Call of Duty kvart år, og det er ikkje reint få som spelar EA Sports FC kvart år heller. Folk spelar ikkje desse spela fordi dei manglar alternativ, dei spelar fordi dei kosar seg, veit kva dei vil ha, og veit kva dei får.
Årets Age of Imprisonment er ikkje noko unntak. Det er velkjent staffasje dette her, i alle fall for alle som har spelt eit Warriors-spel før. Det som gjer dette spelet unikt er sjølvsagt Zelda-innpakninga. Her møter vi ein heil haug med figurar frå Tears of the Kingdom, og vi får styre dei sjølv. Zelda, kogn Raur, ein mystisk konstruksjon, ein korok, ein rito, og ein heil haug med fleire heltar som alle har sine unike måtar å kjempe på. Eg meinar unike. Å byte frå det eine til det andre i dette spelet er sjeldan ein til ein, ofte er det ein fundamentalt ny måte å kjempe på.
Utover det er spelet eit hektisk actionspel der du spring rundt på små og store kart med berre eitt mål for auget; å drepe flest mogleg fiendar medan teljaren går opp og når 100, 200, 300, 1000, og kanskje til og med meir.
Det seier nesten seg sjølv at kvar enkelt fiende ikkje byr på mykje utfordring. Ofte står dei berre og ser på, men dette er ikkje den typen spel der det har mykje å seie. Det er mengda som er fokuset her. Dei små fiendane som kjem i flokkar på fleire dusin er berre mat for våpenet ditt, medan dei store fiendane er attraksjonen som kan by på utfordring.
Mykje utfordring blir det likevel ikkje. Warriors-er stort sett det motsette av Soulslike. Her skal du i kvart einaste slag kjenne kor kraftig du er, og det gjer du. Du har ein haug med spesialtriks i ermet, og i Age of Imprisonment er arsenalet større enn nokon gong.
Våpen for eit kvart klima
Hyrule Warriors: Age of Imprisonment byr på dei fleste kjende Warriors-bautaer. Vi har målarar som fyller seg opp for kvart slag du slår, og når dei er fulle kan du denge laus med eit ekstra kraftig angrep, eller du kan slå deg saman med ein nær alliert for eit samarbeidsangrep der kreftene til to ulike heltar blir blanda til eit nytt og større kaos.
Store fiendar må bankast i fleire stadium, på nøyaktig same måte som i Age of Calamity, men det er eit ekstra element her no, bokstavleg talt. I Age of Imprisonment får vi bruke Zonai-utstyr, og dei byr på mykje moro. Vi har fontener som spyr ut eld, vind, is eller vatn, samt bomber, rakettar, surfebrett og kanonar.
Det er mykje å leike seg med, og det er veldig tydeleg at både Nintendo og Tecmo Koei vil du skal sjå på dette spelet som ein leik. Kva elles skal vi kalle det når helten surfar på ein rakett, og hoppar av rett før den når målet? Der du i Tears of the Kingdom leikar med å bygge ting, leikar du her med korleis du går fram for å drepe ting.
Elementfontenene kjem med eit tydeleg strategisk, vel, element. Fiendar kjem i mange former, og nokre av dei kan vere dekte i is, gjørme, eld og meir. Då er det berre å ta i bruk fontenene. Flammar smelatar is, vatn vaskar bort gjørme, og du får fjerna ekstra lag med beskyttelse medan du jobbar deg mot fiendens svake punkt, noko som vil la deg utføre eit målretta angrep mot fiendens svake punkt.
Som du skjønar er det mange ting å halde styr på her, men spelet gjer det lett. Det er som regel tydeleg kva du bør gjere, og tydelege indikatorar viser når forskjellige spesialangrep kan utførast. Igjen, det er ikkje store utfordringa her. Age of Imprisonment handlar om å ha det moro medan ein blir stadig mektigare.
Og no, verda!
Age of Imprisonment er bygd på så og seie nøyaktig same lest som Age of Calamity. Det er eit spel med ei rekke hovudoppdrag som er fulle av historie og fine filmsnuttar, og det er desse som er hovudattraksjonen. Dei byr på store kart der ein i tradisjonell Warriors-stil må ta over basar, før ein jagar vidare mot fleire fiendar.
Bortsett frå desse byr spelet på eit digert verdskart som låser seg opp meir og meir for kvart oppdrag du tek på deg. Du spring ikkje rundt i ei opa verd her, men vel ei hending frå kartet, går dit og kjempar mot nokre fiendar, før du returnerer til kartet igjen. Frå dette kartet kan du oppgradere krigarane dine med ressursar du samlar inn frå oppdrag, samt oppgradere våpen.
Det er nok å bryne seg på her. Kanskje for mykje. Det er mange fylloppdrag som eksisterer berre for at du skal sanke ressursar for å oppgradere ting, og dei går det lett å bli litt mett på. Dei fleste er berre eit lite utsnitt av eit anna kart, med eit par horder fiendar og ein sjef eller to. Det er greit i mindre doser, men når du har gjort slike i ein time merkast det at kroppen er klar for større ting.
Viktigaste for Age of Calamity-veteranar er likevel at dette spelet er Switch 2-eksklusivt, og det kjem med nokre fordelar. Dette er eit mykje penare spel enn sin forgjengar, og sjølv om den moderne Zelda-stilen Nintendo har gått for i snart ti år er noko grell i mine auge, kjem den mykje betre fram her, enn den gjorde på Switch. Dette er det aller første Switch 2-eksklusive Zelda-spelet, og såleis kunne lista godt ha vore noko høgre.
Vi får fin biletekvalitet og stabil biletefrekvens, noko som er eit stort hopp opp frå Age of Calamity. Det gjer mykje med opplevinga, og reduksjon i biletefrekvens var knapt merkbart før eg testa samarbeidsmodusen på delt skjerm.
Konklusjon
Hyrule Warriors: Age of Imprisonment er i stor grad meir av det same vi fekk i Hyrule Warriors: Age of Calamity. Det er eit beint fram actionspel med hundrevis av kampar der du kjempar mot enorme mengder fiendar, daskar dei hardt, og sender dei til dei evige jaktmarker.
Det sagt, dette er eit veldig godt Warriors-spel. Det er knakande god moro, lett å kome i gang med, lett å forstå, og det er strengt tatt lett å meistre og. Dette er spelverdas fast food. Nokon elskar det, andre hatar det, men om du likar å berre slappe av litt, kose deg med noko som er på grensa til hjernedaudt, og leve litt i ei fin verd med herleg musikk, er Hyrule Warriors: Age of Imprisonment eit steike godt alternativ.
Om du er på jakt etter eit eventyr med utforsking, grotter og praktiske utfordringar som kiler dei små grå, er ikkje dette spelet for deg, men om lettbeint action i Zelda-universet høyrest bra ut, er Hyrule Warriors: Age of Imprisonment blant dei beste i klassen.
Hyrule Warriors: Age of Imprisonment er ute på Switch 2 no.