Kommentar

Ciri i The Witcher 4

Den dummaste kontroversen

Det ligg ingen politisk agenda bak å ha Ciri i førarsetet av The Witcher 4. Debatten viser kvifor det sjeldan er vits i å ta sorgene årevis på forskott.

CD Projekt RED (Montasje: Gamer.no)

«woke»
«woke»
«woke»

Replikkane hagla i kommentarfeltet under Twitch-sendinga av The Game Awards-traileren til The Witcher 4. CD Projekt RED har, som dei fleste forventa, gitt Ciri hovudrolla i den komande trilogien.

Eg tok meg i å le då eg såg kommentarane, for eg trudde folk tulla. Men nokon har tydelegvis fått det for seg at valet av Ciri faktisk er «woke».

No har dette igjen blitt aktuelt. Geralt-stemmeskodespelar Doug Cockle gjekk ut på YouTube og avfeia «woke»-kritikken, og debatten rasar til og med i våre eigne kommentarfelt.

Er det «woke» å sette Ciri i hovudrolla?

Må ta «woke»-debatten på alvor

Det er ingen tvil om at veldig mange kjenner på ein frustrasjon over at popkulturen ikkje reflekterer verdiane deira lenger.

Det er sjølvsagt eit heilt legitimt syn.

Eg forstår også dei som meiner media ikkje har tatt denne debatten på alvor, og eg syns ikkje me her i Gamer.no har vore flinke nok til å dekke begge leirar.

I lys av dette var eg interessert i å sjå på kva folk faktisk meiner er «woke» med med å plassere Ciri i hovudrolla av The Witcher 4.

The Witcher 4 er framleis nokre år unna lansering, men har skapt stort engasjement sidan traileren i fjor.
CD Projekt RED

Som journalist er ein del av jobbskildringa å ha eit ope sinn, men ei faktabasert orientering i arbeidet er alltid det viktigaste.

For ei knapp veke sidan skreiv eg om kor mykje The Witcher 3: Wild Hunt har betydd for meg, og eg skildra lidenskapen min til både spelserien og bøkene.

Og noko av problemet med å krangle på internett, er at det er lett å hive ut påstandar utan at ein veit noko særleg om det ein pratar om.

Det ber debatten om Ciri sterkt preg av.

God natt, Geralt

Det har lenge vore ganske openbert at Ciri skulle ta over for Geralt som protagonist.

I utvidinga Blood and Wine legg Geralt witcher-sverdet på hylla og pensjonerer seg på vingarden Corvo Bianco.

Sjølv om Geralt er populær, ville det ikkje vore naturleg å lage nye spel med han. Noko anna ville vore grådig i fansen sine auge, det hadde vore å mjølke pengekua.

I det dei fleste tolkar som «kanon»-slutten (i spelet) tar Ciri over adoptivfarens yrke og lever som ein vandrande witcher.

Ho har rett nok bibelske krefter på slutten av spelet, men med ei lita nedgradering ligg verda for føtene hennar.

Tar stafettsverdet vidare

Ciri har ikkje gjennomgått det livsfarlege ritualet som trengst for å bli ein witcher kroppsleg sett. Ho er witcher av yrke, ikkje av natur.

I bøkene er ritualet tapt til tida, og det blir også sett på som barbarisk av dei rundt ho.

Likevel blir ho både i spela og bøkene omtalt som ein witcher.

Dei magiske evnene hennar, og ferdigheitene med sverdet, gjer at ho i praksis kan gjere jobben likevel.

Ingen kvinner har gjennomgått The Trials of The Grasses, men bøkene seier heller ingenting om at kvinner ikkje kan ta ritualet.

Ciri er også like mykje hovudpersonen i boksagaen som Geralt. Det er først i dei to siste bøkene at ho verkeleg tar plass som protagonist, men frå starten av sagaen i Alveblod og utover ser me Ciri sin historie gjennom auga til protagonist Geralt.

Slik sett er ho den naturlege arvtakaren for ein ny trilogi. Alternativet er å la spelarane lage sin eigen Witcher, men CD Projekt har visst at dei skulle satse på Ciri lenge.

Når skaparar møter kritikk for «woke» i popkulturen, handlar det gjerne om å "modernisere" eit manus eller å skifte kjønn, hudfarge eller kva det måtte vere på ein eksisterande figur.

Det er ikkje tilfelle her. I staden snakkar me om å vidareføre forteljinga om Witcher-merkevara gjennom personen som heile tida har vore tiltenkt denne rolla.

Ingenting av dette ber preg av «woke».

Dette er heller narrative grep basert på universets interne logikk, og det er også det denne diskusjonen eigentleg handlar om.

Rett i kjernen

I traileren til det nye spelet har Ciri tilsynletanade vore gjennom ritualet, noko utviklarane sjølv har stadfesta.

Seinare har det kome fram at traileren er eit stykke uti spelet. I eit intervju med kinesiske Gamersky er spelregissøren sitert på at spelarane vil få oppleve at Ciri tar ritualet.

Det er essensen i den narrative diskusjonen. Sjølv om CD Projekt RED ikkje treng å avsløre dette, lærer me her at me skal få svar på kvifor ho går gjennom ritualet.

Ein tråd i det siste spelet er korleis Geralt må la Ciri ta sine eigne val. Det er derfor ikkje usannsynleg at ho vel å ta Witcher-ritualet. Bøkene seier også at sjølv om det er tapt til tida, vil det ikkje vere vanskeleg å lage eit nytt ritual.
CD Projekt RED

I bøkene og spela er det alltid nokon som er ute etter Ciri på grunn av blodet og ætta hennar. Ritualet gjer deg steril, og det kan fort hende at ho vel å gjennomføre det for at ikkje nye generasjonar gjer det same.

Det blir spennande å sjå korleis utviklarane brukar dette i historia, sjølv om det også er meiningslaust å spekulere årevis før spelet lanserer.

Men det å automatisk kople dette til eit «woke»-motiv, er ei logisk kortslutning.

Stinkar populisme

Det heile blir tragikomisk når den eine etter den andre drar fram korleis Ciri ser ut.

Det går rykte om at det har gått 20 år sidan forgjengaren, noko som plasserer Ciri i 40-åra.

I realiteten anar me ikkje.

Geralt såg annleis ut i dei første trailerane til The Witcher 3: Wild Hunt også, og det høyrer med til leksa at dette er eit univers sett til mellomalderen der folk døyr før dei blir 30.

AOkP7C0WrkU

Når det ropast «woke» på eit så syltynt grunnlag, luktar det flokkmentalitet og populisme lang veg.

Der gjer kritikarane seg ei bjørneteneste.

«Woke»-ropa om Ciri bidrar berre til å grave endå djupare skyttargraver, og å skape endå fleire stråmannkranglar.

The Wokecher

Før me rundar av, vil eg ta eit lite steg til sida. Noko som ikkje er kome fram i debatten, er at The Witcher alltid har vore tufta på progressive verdiar.

Nedbryting av fordommar, rasisme og undertrykking av minoritetar er tema i både bøkene og spela – spesielt i The Witcher 2 og 3.

I kommentarfelta blir det problematisert at CD Projekt RED har ein eigen mangfaldstrategi.

Det er verken nytt eller overraskande.

Verdien av mangfald er ein av dei sentrale bodskapane i The Witcher. Spel som Baldur's Gate 3 og The Witcher 3: Wild Hunt viser også at dei fleste gir blaffen i «woke» så lenge spelet held høg kvalitet.

Utsjånaden til Ciri skapar debatt. Spelet kjem sannsynlegvis 13 år etter forgjengaren, og er utvikla på ein ny grafikkmotor.
CD Projekt RED

Utsegna om mangfald på nettstaden til CD Projekt RED fell openbert innanfor definisjonen av «woke», og dei ser på det som eit konkurransetrinn både i eigen skaping og for å tiltrekke seg arbeidskraft.

Det er vanleg i vestleg arbeidsliv.

Men det betyr ikkje at dette har noko som helst å gjere med valet av Ciri som protagonist, slik nokon hevdar.

Det er det absolutt ingenting belegg for å hevde.

Heilt feil

Derfor er inntrykket mitt at heile denne «woke»-kontroversen er bygd på rein populisme.

Geralt er ferdig som witcher, mens Ciri er den openberre kandidaten til å ta universet vidare.

Kommentarfelta ber preg av at mange hiv seg på ei populistisk bølgje om å kalle gud og kvarmann for «woke». Det kjem av ein kombinasjon av at folk verken har spelt, lese eller forstått spela og bøkene.

Valet av Ciri handlar om narrativ og logikk i speluniverset.

Me veit ikkje korleis CD Projekt RED kjem til å løyse Ciri sin historie enno, og derfor er det meiningslaust å irritere seg over dette før spelet i det heile tatt er lansert – i alle fall årevis i forkant.

For all del, «woke»-kritikarane må takast på alvor. Men den heller svevande diskursen rundt Ciri og The Witcher 4 slår fullstendig beina under rørsla og bidrar berre til å grave skyttargravene endå djupare.

Me kan gjerne diskutere valet av protagonist, men det har då absolutt ingenting med å vere «woke» eller ikkje å gjere.

Siste fra forsiden