Feature

The Witcher 3: Wild Hunt

Dette spelet endra livet mitt

Eit av tidenes beste rollespel fyller ti år. Me ser tilbake på det revolusjonerande spelet.

CD Projekt RED / Natty Dread

I dag er det ti år sidan The Witcher 3: Wild Hunt kom ut. Sidan den gong har spelet seld over 50 millionar eksemplar verda rundt, og det er blitt kjend som eit av dei beste rollespela nokosinne.

Netflix-adaptasjonen av forfattar Andrzej Sapkowskis verk har gitt spela endå større rekkjevidd. The Witcher, eller Volveren på norsk, er blitt eit popkulturhistorisk fenomen.

For meg har det ei endå større betydning. Eg hadde ikkje hatt det livet eg har i dag, om det ikkje var for The Witcher 3: Wild Hunt.

På ein måte har eg bygd heile karrieren min på det polske rollespelet, men meir om det seinare.

Spesielt bakteppe

The Witcher har ei underleg historie.

Det heng tett saman med den noko uvanlege fødselen til utviklarselskapet CD Projekt RED, som kjem ut av morselskapet CD Projekt.

På ungdomsskulen selde polske Marcin Iwiński og Michał Kiciński piratkopiar av vestlege dataspel på den lokale marknaden i Warszawa.

Der kom også ideen til selskapet.

Marcin Iwiński er ein av dei to grunnleggarane av CD Projekt. Her fotografert på GDC i 2012.
Wikimedia commons

CD ROM-spela var opphavet til namnet CD Projekt i 1994, då dei starta bedrifta for å selje lokaliserte versjonar av internasjonale dataspel.

I 1999 kom det store, kommersielle gjennombrotet. Det var det lokaliseringa av Baldur’s Gate som sto for.

CD Projekt fekk deretter oppdraget med å lage ein PC-versjon av Baldur's Gate: Dark Alliance, men spelet blei dessverre kansellert.

Samtidig blei fundamentet lagt for å adaptere den polske kulturskatten, Witcher-serien, frå forfattar Sapkowski – som på den tida var ein slags polsk J.R.R. Tolkien i landet.

Totalt annleis

Etterspurnaden for lokaliserte spel dabba av utover 2000-talet. Dei måtte finne ein ny retning for selskapet, og leika med tanken om å lage noko sjølv.

Dei sat jo med rettane og kjeldekoden til det kansellerte Baldur’s Gate: Dark Alliance. Så kvifor ikkje gi eit forsøk?

Sapkowskis populære bokserie verka som det openberre valet for eit polsk spel, då fleire i selskapet hadde ein djup kjærleik for serien.

Dermed oppstod utviklarselskapet CD Projekt RED i 2002.

Eventyret var i gang.

Ein demo av det første Witcher-spelet blei klar same år. Det var noko heilt anna enn det spelarar fekk oppleve fem år seinare.

Den første demoen av The Witcher var totalt annleis får det spelarane fekk i 2007.
CD Projekt RED

Den første versjonen var utvikla som eit isometrisk rollespel i same stil som dåtidas Baldur's Gate.

Bøkene legg som kjend opp for eit punktum for Geralt og Yennefer, og derfor var ikkje Geralt protagonisten i spelet. I staden fekk spelaren lage sin eigen Witcher.

Krangla og starta på nytt

Skribentane, kunstnarane og programmerarane hadde totalt ulike visjonar for spelet, og spelmotoren var eit mareritt å ha med å gjere.

Heile spelet blei derfor droppa året etterpå.

Ein av dei originale utviklarane fortel historia i denne videoen:

Dei begynte heilt på nytt. Målet var, optimistisk nok, ei 2004-lansering med AAA-kvalitet.

Utviklarane kjøpte tilgang på Aurora-motoren frå Bioware, og stabla på beina ein demo etter sju månadar intenst arbeid med eit team på 15 mann.

Ambisjonane vaks – og utsetjingane kom diltande etter.

Dei la om heile historia. Geralt fekk hovudrolla, og forteljinga blei flytta til etter bokserien.

Spelet kom endeleg ut i 2007.

Då arbeidet starta med oppfølgaren, bestemte CD Projekt RED seg for å kaste Aurora-motoren og starte på sin eigen spelmotor; REDEngine.

Internasjonalt gjennombrot

The Witcher 2: Assassins of Kings lanserte i 2011 med ein heilt annan produksjonsverdi enn forgjengaren.

Spelet fekk ikkje den skalaen CD Projekt RED såg for seg, då fleire område blei kutta før lansering.

Spelet skil seg ut med ei annleis tilnærming til historieforteljinga frå både forgjengaren og etterfølgaren.

Der det første og tredje spelet er meir figurdrivne eventyr, er storpolitikk kjerna i The Witcher 2: Assassin's of Kings.

Slutten kan få det til å verke som eit slags mellomkapittel.

The Witcher 2: Assassins of Kings er eit langt meir lineært spel enn etterfølgaren, og har ikkje tolt tidas tann like godt på grunn av spelmekanismane, men forteljinga er framleis strålande.
CD Projekt RED

Likevel blei det ein kritikarrost, kommersiell suksess.

The Witcher 2: Assassins of Kings tok CD Projekt RED og Witcher-merkevara inn på den internasjonale marknaden, og faktisk var det nettopp eit eksemplar av spelet og to av bøkene statsminister Donald Tusk overleverte til Barack Obama då den amerikanske presidenten kom på besøk i 2011.

Obama måtte rett nok innrømme at dataspel ikkje var hans greie, og han har nok ikkje spelt det.

Barack Obama skryt av The Witcher 2 for internasjonal presse.

CD Projekt RED planla originalt å lansere det tredje spelet kort tid seinare, men det skulle altså gå fire år før det siste spelet kom ut.

Ekstrem hype

Oppvarminga til The Witcher 3: Wild Hunt var ein meisterklasse i marknadsføring.

Eg har verken før eller etter kjend på hypekjensla i same skala. Steike ta.

Forventningane rundt spelet nådde stratosfæriske nivå, og eg må innrømme at eg blei svært skuffa av den siste utsetjinga.

Me kan ikkje gløyme all murringa om den visuell nedgraderinga, men den enorme merksemda tok uansett utviklarane på senga.

Eg er ingen stor fan av musikken til Ben Howard, men Oats In The Water har vore fast inventar på mang ei speleliste i ettertid, eine og aleine på grunn av inntrykka frå denne traileren.

Då spelet først kom ut 19. mai 2015, sat eg og venta på ei Collector's Edition-utgåve.

Dette har eg skrive om før, men eg var fem dagar unna eksamen i forskingsmetode og prøvde mitt beste for å unngå freistinga til å kjøpe eit digitalt eksemplar.

Viljestyrken min var ikkje all verda.

Eksamenskarakteren blei E, men eg fekk fortape meg i reisa til Geralt og venene hans.

Eg hadde gjort nett det same i dag.

Livet snudd på hovudet

Då Gamer.no-grunnleggar Tor-Steinar Nastad Tangedal ein gong definerte kva dei ulike karakterane i spelomtalane våre står for, skreiv han noko slikt som at 10/10-spela var dei som gjorde oss til speljournalistar i utgangspunktet.

The Witcher 3: Wild Hunt er spelet som tente den gneisten i meg.

Det var kulminasjonen av kvaliteten på tvers av oppdraga, figurane, verdsbygginga og den overordna historieforteljinga som overtydde meg om at spel kunne utklasse alle andre kulturuttrykk.

Dette var spelet som sparka liv i lysta mi til å skrive.

I The Witcher 3: Wild Hunt har Geralt fått tilbake minnet sitt, og er på leit etter adoptivdottera CIri.
CD Projekt RED

Hadde det ikkje vore for The Witcher 3: Wild Hunt, hadde eg aldri sett meg ned og skrive ein klossete og heller amatørmessig søknad til Gamer.no i 2016.

Av uforståelege grunnar, når eg ser tilbake på den teksten, gav dei meg tillit og også ein fot i døra i journalistikken.

Eg kom inn som kritikar hos Stavanger Aftenblad, fekk jobb som vikar og trefte draumejenta i redaksjonen. Jobben blei også eit springbrett til fast stilling i mediebransjen hos Sandnesposten.

Slik sett har The Witcher 3: Wild Hunt snudd livet mitt på hovudet.

Alt fordi eg valde å bruke dei timane i 2015 på å spele, i staden for å lese.

Valets kvalar

Det å velje er essensen i The Witcher-spela.

Sapkowski skriv mykje om fordommar og balansen mellom godt og vondt. Ein sentral tråd gjennom bøkene – og spela – er at ting kan sjeldan delast inn i to, for det er alltid nyansar.

CD Projekt RED

Kva spelaren og Geralt vel å gjere i desse vegkryssa, definerer også kva som skjer med figurane og verda i The Witcher 3.

Det var i Thronebreaker at CD Projekt RED verkeleg perfeksjonerte denne typen dynamisk historieforteljing, men også i Witcher 3 møter du dilemma der konsekvensane av handlingane dine er vanskelege å spå.

Rollespel før The Witcher 3 trefte sjeldan på dette.

Løgn, depresjon og elende

Det no smått legendariske oppdraget om The Bloody Baron er det beste caset for å undersøke og forstå kvalitetane i The Witcher 3: Wild Hunt.

Oppdraget er eit mikrokosmos av heile spelet.

Geralt er på leit etter adoptivdottera si, Ciri. Nokre timar inn i spelet, eller titals timar, alt etter kor mange sidespor du har gått, hamnar Geralt i hjartet av det heller utrivelege området Velen.

Baron Philip Strenger, kjend som The Bloody Baron, ber Geralt om hjelp til å finne kona og dottera hans.

Baron Philip Strenger møter Geralt som ein jovial og hyggeleg type, men gjennom oppdraget Family Matters blir lag etter lag av figuren skrelt av.

Geralt brukar dei forsterka sansane sine til å undersøke åstaden, soverommet til Strenger, og oppdagar raskt at noko skurrar.

Baronen laug.

Spelaren lærer at baronen er ein alkoholisert mann som slit psykisk etter tida som soldat, og at han har mishandla kona si.

Dottera stakk av, kona er kidnappa. Alt er tilsynelatande baronen sin feil.

Kvaliteten i manuset skin igjennom i korleis spelaren likevel får sympati for baronen, trass hans mange feil.

Han er eit slags forvridd spegelbilde av Geralt. Begge har tung bagasje, og begge er villige til å gjere alt for familien sin.

Det eigentlege spelet

Geralt sine undersøkingar, og kva du vel å gjere med informasjonen, kan føre til totalt ulike skjebnar for baronen og familien hans.

Det påverkar ikkje berre dei og oppdraget der og då, men også kva som skjer med heile Velen på sikt.

Slik er verda i The Witcher.

Geralt avgjer kva som skjer med Strenger og familien. Vala hans får konsekvensar for heile Velen.

Men det er først når ein ignorerer det overordna oppdraget og begynner å vandre rundt i dei vêrharde landskapa, at spelet verkeleg opnar seg.

For nokre år sidan spelte eg gjennom The Witcher 3 for femte gongen. Sjølv då overraska det meg med historier eg ikkje hadde opplevd.

Det meistrar den vanskelege balansen med å ha ei stor, open verd, og samtidig fylle det med interessante og unike oppdrag - sett at ein ignorerer dei meiningslause nedgravde skattane som heile Skellige er stappa full av.

Sorg

For The Witcher 3: Wild Hunt har nok av slike skavankar.

Det er på ingen måte perfekt.

Kampsystemet er kanskje den aller største svakheita, for uansett kva vanskegrad eg set spelet i, blir det kjedeleg å møte fiendar etter å ha sett dei same drapsanimasjonane om og om igjen.

Eg er spent på korleis CD Projekt RED løyser The Witcher 4. Det kan fort bli ei rein Dark Souls-klone.

Men det er også fleire år til me får sjå neste kapittel i historia til Ciri og Geralt.

Det rike figurgalleriet er eit av dei fremste styrkane til spelet. Gratulerar med dagen, The Witcher 3: Wild Hunt!
CD Projekt RED

Den første gongen eg såg rulleteksten i The Witcher 3: Wild Hunt, følte eg meg heilt tom. Det var litt som å miste ein ven.

Dei sentrale figurane i spelet kjem til live gjennom omstendig figurutvikling, velskrivne dialogar og tett samhandling med Geralt og spelaren.

Det var først då Blood and Wine kom, som lar Geralt får eit slags punktum som vinbonde i pittureske Toussaint, at eg følte at noko av det tomrommet forsvann.

Eg tar enno meg sjølv i å plystre på den eminente musikken frå spelet i tid og utide. Slik sett vil spelet alltid vere med meg på ein eller annan måte.

Kanskje er det på tide med ein sjette runde snart. Det hadde vore eit fint gjensyn.

Siste fra forsiden