Monster Hunter er blant Capcoms største og viktigaste seriar. Gjennom over 20 år har det japanske studioet invitert spelarar med på monsterjakt i stadig meir ambisiøse spel sentrert rundt eit kjernetema; å jakte massive, livsfarlege, mannevonde monster.
For nesten ti år sidan prøvde dei å utvide serien med Nintendo 3DS-rollespelet Monster Hunter Stories. Dette var eit tradisjonelt japansk rollespel, med turbaserte kampar. I staden for å berre jakte monster som i andre Monster Hunter-spel, kunne vi avle dei, ri på dei, og gjere dei til venene våre.
Det var ikkje eit spel som snudde verda på hovudet, og sjølv om oppfølgjaren var eit underhaldande, men enkelt rollespel, var det lite der som vitna om at det skulle kome eit tredje, langt meir ambisiøst spel som skulle løfte Monster Hunter Stories-serien opp så den kunne stå skulder til skulder med Capcoms beste seriar.
Det eit Monster Hunter-rollespel burde vere
Det viktigaste først, du treng ikkje spele dei tidlegare spela i Monster Hunter Stories-serien for å spele dette. Det er ingen referansar til tidlegare spel, og vi får i staden ei isolert historie om to kongedøme i konflikt grunna ei snikande økologisk katastrofe. Større og større delar av verda blir krystallisert, og monster som blir smitta av dette, blir ville, spesielt farlege, og raserer økosystemet rundt seg.
Med dette som utgangspunkt får du lage din figur. Visse ting er gitt. Du er avkomet til kongen, men utover det får du velje kjønn og utsjånad. Historia er derimot låst. Dette er ikkje eit stort, fritt rollespel med dialogval og konsekvensar. Spelet hentar mykje inspirasjon frå moderne rollespel, men historieforteljinga er godt planta i japanske rollespeltradisjonar. Den er lineær, låst, men engasjerande og tidvis ganske spanande.
Det er derimot verda som har hovudrolla i dette spelet, og det kan gå timevis mellom kvar gong nokon snakkar om noko som helst. Det er veldig enkle grunnar til det. Capcom har skapt eit uhyre engasjerande spel som heile tida har noko det vil du skal gjere.
Konseptet er enkelt. Du reiser rundt i store område fulle av monster, og kjempar mot dei. Akkurat som i andre Monster Hunter-spel. Det stoppar likevel ikkje der. Strødd rundt i områda vil du finne monsterhi du kan plukke egg frå, og med desse egga kan restaurere leveområda til monstera. Du kjempar mot monster, finn egg, set dei ut igjen, og endrar verda rundt deg.
Etter kvart som nye monster kjem til, betyr det fleire monster å sanke ressursar frå, og ikkje minst moglegheita for å finne mutasjonar og sterkare monster når du sankar egg. Det siste er viktig, for det er frå egga du klekker ridedyra dine.
Livet på monsterryggen
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection handlar om monster. Det burde ikkje kome som eit sjokk, men dette er eit rollespel laga av folk som har hatt tjue år på å meistre nettopp kunsten det er å skape monster.
Det merkast.
Det er noko heilt unikt og herleg med å ferdast i denne verda. Alle monster i spelet kan brukast som ridedyr, og dei er alle litt forskjellige. Nokre er slanke og kjappe, kan grave gjennom jorda eller klatre opp fjellsider. Andre kan svømme, sprute eld, eller fly.
Alt har si nytte, men det kanskje aller beste for ein monsterglad mann som meg, er dei små detaljane i korleis monstera oppfører seg i verda. Å ri på ein drake, medan du spring ned ein bakke, er nydeleg på ein måte som berre må opplevast. Kjem det ein stein i vegen vil draken hoppe lett av seg sjølv, slå ut vengene, og dempe fallet. Beista i dette spelet oppfører seg som om dei verkeleg er ein del av verda rundt dei.
Det er likevel lite som slår kjensla av å kaste seg ut frå ein topp, og gli gjennom lufta på ein drake. Det er som The Legend of Zelda: Breath of the Wild på steroidar.
Eg elskar denne verda. Eg elskar å utforske den. Eg elskar å springe rundt, oppdage grotter bak fossar, finne nye område, nye monster, og nye utfordringar. Det er utruleg lett å bruke time etter time i denne verda berre på å springe rundt og utforske.
Turbasert, taktisk og uforutsigbart
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection er eit av fleire spel dei siste åra som stolt held den turbaserte rollespeltradisjonen i live.
Dette spelet gjer derimot ting på svært andre måtar enn dei fleste andre spel med turbaserte kampar.
Hovudprinsippa er dei same som i tidlegare Monster Hunter Stories-spel. I sentrum finn vi eit stein-saks-papir-system der raske angrep, kraftige angrep, eller tekniske angrep brukast mot kvarandre. Dette er derimot berre starten på moroa. I kamp er det fire krigarar på ditt lag. To av dei er menneske, og dei to andre er ridedyra deira.
Du kan ha med deg åtte monsterridedyr, og kvar tur kan du byte fritt mellom dei. Om du treng eit som gir raske angrep, hent det inn. Treng du noko som kan kaste eld på eit monster som ikkje toler akkurat det, byt inn.
Hovudpersonen har på si side sine unike funksjonar. Du har alltid med deg tre ulike våpen, og kva du brukar av desse er uhyre viktige for å øydelegge monsterdelar. Eit livsfarleg monster kan bli kua dramatisk om du øydelegg riktig kroppsdel, og her kjem det taktiske elementet inn for alvor. Du må bruke riktig våpen, riktig angrepstype, og å gjere feil her kan få fatale konsekvensar.
Spelet er likevel ikkje av det usympatiske slaget. Døyr du i kamp blir du berre sendte tilbake til siste sjekkpunkt, og du mistar aldri noko du har tent inn.
Etter kvart som du blir sterkare kan du òg berre slå bort svakare fiendar, men likevel sanke erfaringspoeng og ressursar for å lage nytt utstyr. Denne prosessen med å lage utstyr er ikkje like avansert som i andre Monster Hunter-spel, men det er fint at den er her.
Konklusjon
I mitt yrke er det litt kardinalsynd å gå inn i eit nytt spel med forventningar, men eg skal vere ærleg å seie eg hadde det her. Eg hadde forventningar om at dette ville bli mykje det same som før. Eit fint spel med mange fine kvalitetar, men ikkje noko som ville fengsle meg i det lange løp.
Så feil kan ein ta. Fleire titals timar seinare må eg berre bøye meg i støvet for det Capcom har skapt. Dette er eit spel som har fengsla meg i timevis, dag etter dag. Det er stort, engasjerande, spanande, og gjer utruleg mykje riktig.
Sjølv om dette er eit på mange måtar tradisjonelt japansk rollespel med dei troper og idear det medfører, blandar det sjangeren med det unike Monster Hunter-universet på eksemplarisk vis. Det er akkurat slik eit Monster Hunter-rollespel bør vere. Det er stort, vakkert, fullt av monster, og grenselaust engasjerande. Eg mistenker at til og med folk som ikkje likar japanske rollespel kan finne mykje å kose seg med her.
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection kjem i sal for PlayStation 5 (testa), Switch 2, Xbox Series S/X og Windows 13. mars.