Monster Hunter Stories er litt som den stygge andungen å rekne. Det vesle spelet som kunne, men aldri heilt sette alle klutar til. Eit japansk rollespel i Monster Hunter-universet er på alle måtar eit freistande konsept, men dei to spela som så langt har blitt lansert i serien, har ikkje heilt levert på abimsjonane.
Det vi har fått er trivelege, lettbeinte, fargerike eventyr som har tatt var på nokre essensielle element frå Monster Hunter-universet, men lite anna.
Akkurat det ser ut til å endre seg dramatisk med Monster Hunter Stories 3, eit spel som løftar abimsjonsnivået dramatisk, for å skape eit stort, nesten ope rollespel med monster i sentrum.
Eimen av monster
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection følest som Monster Hunter, og det er vel kanskje det som umiddelbart er den største kontrasten til tidlegare spel. Sjølv om vi får servert animegrafikk, sjølv om den er hakket meir moden no, og kosenamn som monsties om monster som kan brukast som ridedyr, er det meir her av Monster Hunter slik vi kjenner det.
Vi får til dømes store område å utforske, i staden for relativt smale lineære område. Vi får ein base i form av ein by rundt eit slott der diverse verksemder står til disposisjon. Du kan gå til smia med alle monsterdelane dine, og lage nytt utstyr, eller forbetre det du har.
Den store forskjellen er naturlegvis at dette er eit turbasert rollespel, i staden for eit actionrollespel med fokus på timing og planlegging.
Planlegging blir det likevel tid for. Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection nyttar det same kampsystemet som tidlegare, om enn med nokre endringar. Her skal du angripe fiendar i tur og orden, om må velje mellom tre angrepstypar som alle er svake mot noko, og sterke mot noko anna, i velkjend stein, saks, papir-form.
Det ballar likevel fort på seg med monster du kan byte mellom, våpen som kan bytast mellom for å best mogleg kunne knuse monsterdelar.
Ei heilt ny forteljing
Du må på ingen måte må spele dei to føregåande spela i serien for å forstå kva som skjer i Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection. Dette er ei sjølvstendig historie. Nummer to i serien sleit litt med dette, der det heile tida blei snakka om helten frå det første spelet, eit 3DS-spel ikkje så alt for mange enda opp med å spele.
Her får vi i staden ein heilt ny hovudperson, og denne får du til ei viss grad lage sjølv. Du får velje kjønn, hår, og diverse anna, før det ber ut i eit nytt eventyr som raskt viser at Capcom siktar mykje høgre denne gong.
Monster Hunter Stories 3 held framleis på den anime-prega grafikken, men alt er større no. Større område, større visuelle prestasjonar, og mykje meir å leike seg med.
Den store stjerna i dei første timane eg har spelt er definitivt den nye verda. Vi møter eit stort og ope landskap, der midtpunktet er eit slott omkransa av ein stor innsjø fyllt med farlege beist. Eg føler meg inspirert til å utforske, om så berre for å sjekke om eg kan finne bra egg i monsterhulene
Frå dette sentrale området finnest det eit mylder av avstikkarar som leiar til nye område eg ser fram til å utforske, men det meste av dei første timane har gått med til å utforkse dette området, og gjere diverse sideoppdrag før eg verkeleg brynar meg på det store eventyret spelet byr på.
Det som er heilt sikkert, er at det er mykje moro i å ri på forskjellige monster, og sigle gjennom lufta på ein Ratha er blant dei betre transportmetodane der ute.
Konklusjon
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection lovar godt. Det er eit langt meir modent spel enn sine forgjengarar, og vitnar om at no meiner Capcom alvor, og dei vil du skal ta dette spelet på alvor og.
Eg har ikkje fått smake mykje på historia enno, mest fordi eg er svak for distraksjonar, men den og vitnar om at dette er eit hakket meir vaksent spel enn dei tidlegare spela i rollespelserien.
Korleis det vil utvikle seg framover blir spanande å sjå, men det er moro med spel i dette universet som har hakket meir fokus på historie, samt eit kampsystem som faktisk krev at du tenkjer litt, og ikkje berre kan hamre på utan mål og meining.
Monster Hunter Stories 3: Twisted Reflection kjem i sal på Steam, PlayStation 5 (testa), Xbox Series S/X og Switch 2 13. mars.