Nokre spel satsar på realisme, andre søker heilt andre ting. Ting som stemning, kjensler, og kanskje ei djupare meining.
Neva frå 2024 er eit av desse spela. Her møter vi ei kvinne og ein revekvelp som må ut på eit skummelt og utfordrande eventyr. Spelet blanda ein unik og sterk visuell presentasjon med plattform og action som både utfordra, frustrerte og gleda.
I år er utviklarane tilbake med ei lita utviding. Neva: Prologue utspelar seg før hovudspelet, og tek oss med på ei kort reise på ein eller to timar der hovudpersonen må redde reven Neva frå fleire skumle utfordringar.
Meir av det same
For å vere heilt ærleg er eg litt sikker på om Neva: Prologue var nødvendig. Miforstå meg rett, dette er ei fin oppleving som smett fint inn før spelet vi allereie har kosa oss med, men eg sit med ei kjensle av at dette hadde vore betre om det var bakt inn i hovudspelet frå starten av.
Det, eller at utviklarane kanskje heller kunne ha brukt tida på neste spel.
Neva: Prologue er ei fin oppleving, og kanskje hakket meir utfordrande enn det fulle spelet, men opplevinga framstår ikkje distinkt nok til at den kan kallast meir enn ekstrainnhald.
Det sagt, det vi får her vil absolutt glede fans av Neva.
Samspelet mellom musikken og det visuelle er som før storslagent. Det er ei enormt godt gjennomført stemning her, og berre måten kameraet trekk seg ut for å vise kor liten du er i denne verda, er uhyre effektivt.
Diverre er det litt vanskeleg å få det same engasjementet som i originalen. Grunnen er eigentleg enkel. Dette er ei veldig kort oppleving, og i staden for å gi kvart element nok tid til å skine, er det lett å sitje igjen med ei kjensle av at ingenting eigentleg får nok tid til å skine.
Få, men gode utfordringar
Det er i hovudsak to ting som gjer at eg ikkje er like gira på Neva: Prolgoue som eg var på Neva i 2024. Det første er at for å vere eit kort spel som kan rundast på rundt ein time, er det litt for mykje vandring. Når eg seier vandring, meiner eg vandring. Lange strekker av speling er berre du som spring gjennom eit område der musikken og den flotte kunsten er dine einaste vener.
Det følest litt tomt. Litt lite, og i ei allereie kort oppleving, er det litt skuffande at mykje av den går med til å berre springe. Det var ein del slikt i Neva òg, men det spelet var større, hadde fleire hendingar, meir historie, og fleire ting å vise. Vandring gav meir meining der når du tok inn bakgrunnar som i seg sjølv fortalde ei historie. Her er det berre litt natur medan du vandrar til neste utfordring.
Desse utfordringane er i seg sjølv svært gode, men tidvis frykteleg irriterande. Grunnen er enkel. Det er inga læringskurve her. Det blir forventa at du har finmotorikken frå Neva på plass som om du runda det i går, og no er klar for verre ting.
Det tok meg altså litt tid å bli varm i presisjonsmusklane, noko som bydde på mykje frustrasjon i spesielt eit område der timinga var så koko at eg måtte avslutte og starte på ny fleire gongar. Andre utfordringar, som der platå blinkar inn og ut av eksistens, er herlege, og det plattformeventyr er bygde på.
Kampane er likeeins. Det er inga læringskurve, og du blir kasta rett inn i det, og får gjerne litt pryl før ting sit som det skal. Ikkje at pryl ikkje har sin verdi, men eg hadde sett pris på ei litt fyldigare oppleving. Det hadde ikkje vore vanskeleg å til dømes fylle nokre av delane der du berre spring med ein kamp eller to.
Konklusjon
Om du er fan av Neva og elska den opplevinga, er det ingen tvil om at du bør spele Neva: Prologue. Det er ei kortare, men litt meir utfordrande oppleving enn hovudspelet, og det byr på meir av akkurat det som gjorde Neva så minneverdig.
Desse utviklarane kan å bygge gode utfordringar, og dei kan å blande dei med stemning, lyd og bilete. Få spel er så kunstneriske, og så vakre som dette.
Neva: Prologue er ei kort oppleving, og det er der problema oppstår. Sjølv om eg hadde mykje moro med dette, er det vanskeleg å riste kjensla av at utviklarane har prøvd å tøye det vesle som er her, for å dra ut ei kort oppleving. Du kan runde Neva Prologue på ein eller to timar, men kjensla er at du har brukt meir. Gåsekvensar er litt for lange, enkelte kampar er litt for lange, og eit par utfordringar framstår laga for at du skal feile mange gongar, og såleis dra ut speletida. Det kan vere greit nok det, men det er slikt som gjerne passar betre inn i lengre spel.
Det sagt, Neva: Prologue er ei god, stemningsfull oppleving med ei og anna utfordring du vil hugse ei god stund.
Neva: Prologue er ute på Xbox Series S/X (testa), PlayStation 4, PlayStation 5, Switch og Windows no.