25

Desse spela gler vi oss til i juli

Ein uvanleg travel juli månad med spel i alle sjangrar er i vente.

Ubisoft

Tida går fort, og enda ein månad er bak oss. Den har vi som vanleg fylt med spel, og det har vore litt variabelt nivå i juni. Star Fox leverte i ny drakt, men eventyret The Adventures of Elliot frå Square Enix levde ikkje heilt opp til forventningane.

Eit gjensyn mange av dei som har spelt ei stund har venta på var garantert Gothic 1 Remake, eit spel som leverte både spelglede og teknisk frustrasjon i like doser.

Vi runda like så godt av månaden med å lese ei god bok om Fatal Fury, og å spele det heilt suverene bordrollespelet Pirate Borg.

Men no, er det tid for juli.

Doom: The Dark Ages Revelations-trailer

Doom: The Dark Ages Revelations

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 7. juli

Det har blitt sagt at utvidinga Doom: The Dark Ages Revelations er som eit heilt nytt spel å reikne. Det betyr i klartekst mange nye timar med brutal gladvald. Sentralt i opplevinga står Chain Spear, eit heilt nytt våpen som kan oppgraderast og brukast til å stikke fiendar, eller hekte seg på demonar for så å snurre rundt dei og skape uante mengde bestialsk kaos.

Utvidinga byr på seks nye nivå fulle av utfordringar. Vi blir òg servert nivå frå dei klassiske gamle Doom-spela, og ein haug nye utfordringar. Det bør vere all grunn til å glede seg for Doom-fans. Då Doom: The Dark Ages blei lansert i fjor kalla vår mann Espen Jansen det eit bestialsk blodbad av beste sort. Vi får krysse fingrane for at Revelations held fram i same gate.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Doom: The Dark Ages Revelations

Assassin's Creed Black Flag Resynced-trailer.

Assassin's Creed Black Flag Resynced

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 9. juli

Pirateventyret Assassin's Creed IV: Black Flag er utan tvil blant dei mest populære Assassin's Creed-spela, og det er ikkje utan grunn at akkurat dette spelet no blir pussa opp. I spelet møter vi piraten Edward Kenway, og får utforske landjorda i klassisk Assassin's Creed-stil, men òg sigle på havet og angripe både skip of utpostar.

Spelet er meir enn berre eit nytt strøk måling, og byr på mange endringar. Kampsystemet har fått seg ei overhaling, korleis du snik deg rundt har blitt forbetra, og du kan hyre offiserar til skipet ditt, som no byr på enda fleire val i korleis det skal skruast saman. Som om det ikkje var nok byr spelet no på fleire nye historier med kjende piratar, samt ei utvida dykkeoppleving.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Black Flag Resynced

Echoes of Aincrad-trailer.

Echoes of Aincrad

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. juli

Echoes of Aincrad er eit nytt, stort actionrollespel i Sword Art Online-universet. Dette er eit spel i eit spel, der du spelar ein digital avatar i eit fiktivt VR-spel i eit fiktivt univers, og det er lett å bli litt svimmel av å prøve å forklare det. Dette lovar å bli det mest ambisiøse Sword Art Online-spelet så langt, og byr på vidstrakte område og kampar mot alskens beist. Vi har allereie kika på det, og likte det vi fekk spele:

«Eg har ikkje fått spele mykje av Echoes of Aincrad, men dei timane eg har spelt har vore ganske spredt over alt frå grotter til vidstrakte sletter og travle byar. Det eg sit igjen med er ei kjensle av at dette var moro, og eg gjerne vil spele meir. Kampane flyt godt, er kjappe, fulle av stilige animasjonar og effekter, og stemningsfull musikk legg eit fint bakteppe.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Echoes of Aincrad

Splatoon Raiders-trailer.

Splatoon Raiders

Plattform: Switch 2
Ute: 23. juli

Splatoon bygde seg opp som ein populær serie hos Nintendo ved å gi Nintendo-fansen ein heilt eigen fleirspelarskytar. Årets Splatoon Raiders blir noko heilt anna. Her er fleirspelarfokuset droppa til fordel for ein solokampanje for hovudsakleg ein spelar. Det sagt, det er mogleg å samarbeide med andre for å overleve eventyret.

I Splatoon Raiders tek vi på oss rolla som mekanikaren til musikktrioen Deep Cut, som har krasjlanda på Spirhalite-øyene. Der vi får kjempe mot mange fiskefiendar i jakta på eit mylder av skattar som er spreidde over mange ulike øyer. Som andre actionspel får du stadig tilgang på nye våpen og oppgraderingar. Spelet vil òg by på ei rekke ulike kostyme ein kan kle seg i.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Splatoon Raiders

Halo: Campaign Evolved-trailer.

Halo: Campaign Evolved

Plattform: PlayStation 5, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 28. juli

Legendariske Halo: Combat Evolved var spelet som nesten eine og aleine gjorde Xbox til ein suksess. Det klassiske skytespelet moderniserte for 25 år sidan skytespel på konsoll, og verda blei aldri den same. Spelet har dukka opp i ny drakt før, i Halo: Combat Evolved Anniversary Edition, men denne gong har utviklarane hos Halo Studios bygd det heile opp frå grunnen av.

Det betyr moderniserte kontrollar som inkluderer nyvinningar frå serien opp gjennom åra. Spelet lovar samarbeid for to på delt skjerm, eller fire spelarar over nett. Stemmer er spelt inn på ny, musikken har fått ein finpuss og det er laga tre nye nivå som er sett før hendingane i originale Halo: Combat Evolved. Blir dette den ultimate Halo-opplevinga, eller vil originalen alltid vere best?

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Halo: Campaign Evolved

Avatar Legends: The Fighting Game-trailer.

Frå avatarslåsting til dinosaur med sverd

Det er ein travel månad i vente, noko som er uvant for juli. Det som tradisjonelt har vore det vi ein gong kalla speltørka er no like travelt som året elles.

For fans av teikneserien om Avataren kjem Avatar Legends: The Fighting Game, eit slåstespel med figurar frå både Avataren og Legenden om Korra.

Meir action blir det i Denshattack! som eigentleg skulle ut førre månad, men blei utsett i siste liten. Dette er eit triksespel i høg fart med eit tog i hovudrolla. Enda meir galskap får vi i Rhythm Paradise Groove frå Nintendo der du får testa rytmemuskelen.

Vi skal halde oss til farge og kaos som tema ei lita stund til. Ascend to Zero er eit action-roguelike der du kan fryse tida for å overmanne fiendane dine. Å overmanne fiendar blir eit essensielt tema i Dinoblade også. I dette soulslike-spelet spelar du ein spinosaurus med eit digert sverd mellom tenna som små krige mot andre sverdsvingande dinosaurar.

Fleire dinosaurar blir det i Theropods, eit peik og klikk-eventyr der forteljinga blir formidla utan eit einaste ord.

For dei som treng litt lagbasert action er det eit par lovande alternativ i juli. Mistfall Hunter er ein «extraction»-skyter med mørk fantasy-drakt. I The Mound: Omen of Cthulhu skal du forme eit lag med utforskarar for å jakte skattar blant okkulte monster i ein farleg jungel.

Det blir hakket koselegare i Go-Go Town!, eit fargerikt bybyggespel. Eventuelt kan du prøve deg på livet som vampyr i Moonlight Peaks, eit spel der du skal dyrke, lage trylledrikkar og skape venskaplege band.

Dinoblade-trailer.

Fargerik sommar

Det er mange fargerike spel denne månaden. Blant anna ser museeventyret Moss: The Forgotten Relic til å by på grenselaus sjarme.

Eit av spela som derimot tonar ned fargepaletten litt er D-topia, eit eventyr som tek oss med til ei verd styr av ein kunstig intelligens som prøva å maksimere lykke.

Culdcept Begins er eit turbasert strategispel der ein spelar på eit virtuelt brett og brukar kort for å utføre handlingar. I motsett retning finn vi Disagea Mayhem, eit spel som forkastar seriens traidsjonelle turbaserte taktikk til fordel for intens action.

Vidare finn vi nokre spel som kjem til nye plattformer denne månaden.

Granblue Fantasy Relink: Endless Ragnarok tek spelet til Switch 2 i ei utvida utågåva, medan dei som har spelt på PlayStation 5 eller PC kan oppgradere til den nye versjonen.

Fleire spel er på veg til Switch 2. Digimon Time Stranger, Xenoblade Chronicles 2 og Final Fantasy X/X-2 HD Remaster er alle på veg til Nintendos maskin.

Til slutt kan vi ta med at Pókemon-inspirerte Palworld omsider ser seg ferdig med Early Access, og går for full lansering denne månaden.

Det var alt for juli, god speling, og nyt sommaren.

Splatoon Raiders (Nintendo Switch 2)

Beste priser

Halo Campaign Evolved (PlayStation 5)

Beste priser

Halo Campaign Evolved (Xbox Series X)

Beste priser

Siste fra forsiden