Dagen etter at Valve drog sløret av Steam Machine i november, kom selskapet dbrand med ei nyheit som vekte stor oppsikt.
Dei ville lage ein versjon av Steam Machine forma som ein «companion cube» frå Portal-spela.
No viser det seg at dbrand aldri spurde Valve om lov til dette, og måndag droppa dbrand heile prosjektet.
– Me gjorde ideen vår til ein realitet utan å spørje Valve om me kunne. Me kjem til å angre på det valet i lang tid, skriv dbrand på reddit.
Advokatmat
Dei skriv at dei har brukt tusenvis av timar på prosjektet.
Då dei lanserte produktet 22. juni, opplevde dei enorm etterspurnad. Kort tid seinare tok Valve sine advokatar kontakt, som understreka at «companion cube» er Valve sin immaterielle eigedom.
Dbrand spurde om dei kunne få rettane, men Valve sa nei.
Det blei slutten på visa.
– Me laga noko mange blei gira for, og torpederte våre eigne sjansar til å få det på marknaden. Det har vore ein tøff lærdom å lære offentleg, skriv dbrand.
Legg seg flate
Dbrand har no kansellert alle ordrane.
– Valve har ikkje gjort noko gale her. Dei har laga ein spelserie som mange elskar, og dei aleine bestemmer korleis den kan brukast, skriv dbrand.
Selskapet beklagar at dei ikkje spurde om lov først.
Ikkje overraskande frå dbrand gjennomgå i kommentarfeltet på reddit.
– The cube is a lie, heiter det i den mest populære kommentaren – ein referanse til sitatet «the cake was a lie» frå Portal.