Tidlegare i år presenterte vi ei oversikt over gode spel for å kome i gong med bordrollespel. Hadde Pirate Borg si nye startpakke vore ute då, hadde den glatt glidd inn i dei rekkene, for dette er eit av dei mest umiddelbare og gledesspredande rollespel eg har vore ute for.
Dette er eit spel med reglar så enkle at bøkene er fulle av visuell design berre for å fylle dei med noko, men det betyr på ingen måte at dette er eit mangelfullt spel.
Som teksten sjølv seier: Følg spelaranes glede, og Pirate Borg legg til rette for dette på alle punkt.
Splitte mine bramsegl!
Pirate Borg har frykteleg enkle reglar, og det tek deg ikkje lang tid å høvle over dei. Delar av dei kan minne om Dungeons & Dragons, men det er grovt forenkla. Eigenskapar som styrke og smidigheit gir deg eit bonustal, til dømes +3, og når du triller din tjuesida terning for å sjå om du lukkast med noko, legg du berre til talet for din aktuelle eigenskap. Tangerer du, eller går over talet 12, har du klart det.
Så enkelt er spelet, men det er ikkje i mengda med reglar moroa ligg, den ligg i alle dei absurde situasjonane som oppstår, og akkurat her er Pirate Borg-startpakka eit genialt stykke arbeid.
I pakka får vi eit komprimert regelhefta som gir deg berre det du treng, inkludert tabellar for å lage piratnamn og for å sjå kva som skjer om piratane prøvar seg på aske, spelets eige narkotiske stoff.
Settinga er Dark Caribbean, ei velkjend piratverd, med piratar, monster, og dei fleste fraksjonar vi kjenner frå vår eiga pirathistorie.
Det medfølgjande eventyret Trapped in the Tropics er kort, men kan lett halast ut. Spelet sjølv påstår dette kan gjerast på tre kveldar, eller kanskje så lite som ein om du er effektiv, men med min gjeng med galne piratar som kledde seg ut for anledninga(ne), blei denne mengda raskt dobla.
I motsetning til mange andre rollespeleventyr er det ikkje mykje å lese her. For kvart punkt eller område får du minimalt med tekst som berre fortel deg det du treng vite; kvar er vi og kva kan skje her?
Utover det er spelleiaren fri til å gjere det som måtte passe, og det er ein enorm fridom som gjer det veldig lett å improvisere, og la alt som måtte skje, skje. Dette er ikkje eit eventyr med lange sider fulle av tekst ein helst skal hugse mest mogleg av for å ikkje gå seg vill i eige eventyr.
Why are pirates so cool?
Startpakka byr som startpakkar flest på alt ein treng for å spele. Vi får rolleark for å lage stadig nye rollefigurar. Dette trengs, for dette er eit spel der folk vil døy på banale måtar. Vidare finn vi spelebrikker for å visualisere både fiendar og spelarar, samt fleire kart, terningar, og kort for å hjelpe spelleiaren med å halde kontroll på til dømes spelleiar-styrte figurar.
Umiddelbart er spelarane frie til å gå dit dei vil. Vi starta in medias res på ei aude øy der spelarane blir jaga av ein ukjend fiende, og allereie i første kamp kan død inntreffe. Dette er ein glimrande start som viser spelarane at ja, dette spelet kan vere farleg.
Vidare herifrå får spelarane utforske øya, med eit kart som hjelpemiddel for å visualisere kva som er synleg. Første mål er å finne ein båt så ein kan kome seg bort frå øya, men vegen dit kan vere lang, og full av improviserte aktivitetar som alt frå bregnesamling fordi bregner brått kan bli nødvendige, nakendansing på stranda for å forføre ein britisk kaptein, til rituell brenning av nonner.
Når ein først har funne ein båt, legg turen vidare ut på det opne hav, der hendige tabellar viser kva piratane kan møte på, før turen går til ei øy med ein pirathatande hamneby, og vidare til ein brått aktiv vulkan der ein skatt ligg og ventar.
They just are
Startpakka er den openbere staden å starte om du er nyfiken ikkje berre på akkurat dette spelet, men rollespelgenerelt. For den som vil ha meir, er det ikkje mykje, men likevel litt å velje i.
Den første stoppen er naturlegvis den fulle regelboka. Ein fin detalj med den, er at regelheftet i startpakka er berre dei viktigaste sidene nappa rett ut frå regelboka. Når du er klar for meir, byr den fulle regelboka på mykje meir innhald, hjelp til å skape eigne eventyr, mange tabellar for å skape ting på skarpet, og to bokmerkeband for å halde kontroll på viktige sider.
I vår kom også den nye boka Down Among the Dead. Denne boka byr på nye reglar, nye husreglar som å la spelarar drikke rom for å sleppe enkelte terningkast, tre nye eventyr, samt nokre nye rolleklassar for å gi spelarane enda meir å leike seg med.
Det boka ikkje har, er naturlegvis fysiske hjelpemiddel som kart, og det er sjølvsagt heilt naturleg, men likevel eit sakn, sidan karta får uhyre mykje å seie i dette spelet.
Konklusjon
Det er ein grunn til at vi samlar ein gjeng vener, benkar oss ned rundt eit bord, og spelar rollespel; det er ufyseleg moro.
Aldri har eg observert slik rein glede over eit spel som eg har gjort som spelleiar for seks kveldar med Pirate Borg. Den vanvittige entusiasmen dette spelet med sin makelause startboks full av alt ein kan trenge, har skapt, forbløffa meg.
Spelarane møtte opp i kostyme, tok initiativ, laga eige piratflagg, og drog med seg rekvisittar for å gjere stemninga enda betre. Kanskje var det lynet som slo ned, og noko slikt vil aldri skje igjen, men Pirate Borg er blant dei aller beste rollespelopplevingane eg har hatt.
Det er mykje takka vere ein fantastisk mannskap, men og fordi Pirate Borg, og spesielt startpakka verkeleg legg til rette for at ein kan ha det moro, at spelarane kan gjere som dei vil, og at det ikkje finnest grenser for kva som er mogleg når ein legg frå seg kvardagen, og lar fantasien ta over.