Bitmap Books har over ei årrekka gjort ein iherdig innsats for å bevare vår felles spelhistorie. Med store, tunge bøker har dei presentert alt frå gamle eventyrspel, til den unike visuelle stilen på konsollar som Super Nintendo og NeoGeo, samt historia til dei japanske rollespela.
Fatal Fury/Garou Densetsu: The Ultimate History tek føre seg historia til Fatal Fury-serien, og dette er ein 3 kg tung murstein av ei bok laga for fans av slåstespel. Stor, tung og solid innbunden med flotte fargerike sider trykt på solid papir, samt med eit trådbokmerke for å hjelpe deg med å hugse kvar du var.
Om du har berre ei lita interesse for spelhistorie, er denne boka gull verdt.
Først, litt historie
Dei første omlag 40 sidene av boka fortel historia om Fatal Fury. Her går forfattar Robert Jones i detalj om ikkje berre korleis spela blei til, men òg forteljinga gjennom dei mange spela i serien.
Det er god, og spanande lesing. Om du ikkje visste det, var Fatal Fury det eigentlege Street Fighter II, laga av dei same folka som laga det første Street Fighter-spelet for Capcom, før dei hoppa av og gjekk over til konkurrenten SNK.
Street Fighter II og Fatal Fury hadde derimot vidt forskjellig fokus, der Street Fighter II satsa på å ha mange kampkjemper for å legge til rette for konkurransespeling, medan Fatal Fury i utgangspunktet hadde eit større fokus på å fortelje ei historie, og var bygd for at spelaren skulle kjempe mot maskina.
Boka gjer eit poeng ut av at dette nok var ein stor grunn til at Street Fighter II blei ein langt større suksess, og gjekk vidare til å bli blant dei største og best kjende slåstespelseriane i verda.
Forfattaren skapar ei spanande historie der utviklinga av spela, ispedd anekdoter frå utviklarane sjølve, blir blande med handlinga frå det eine spelet til det andre. Det er god, engasjerande lesing, og om du skulle ville ha enda meir frå utviklarane, byr boka på eit par intervju bakerst i boka.
Først og fremst ei biletbok
Over 400 av boksa 468 sider er via spela. Eit etter eit får vi presentert elleve spel, frå det første Fatal Fury-spelet frå 1991, og heilt fram til fjorårets Fatal Fury: City of the Wolves.
Det er enormt med biletemateriale på utstilling. Heile sider er via blyantskisser som viser korleis figurane har utvikla seg frå idèstadium til ferdig produkt, storyboards viser planlegginga av arenaene ein fekk spele på, og eit og anna promobilete får breie seg over to heile sider.
Naturlegvis får vi òg servert skjermbilete, og det er her boka briljerer mest. Mange sider viser to skjermbilete per side, medan andre blir spreidde ut over to, så ein kan studere pikselkunsten i detalj.
Andre sider viser alle animasjonane til figurar frå spela, så ein kan sjå alle spirtene som blei teikna.
Kvart bilete kjem med ein kort tekst som forklarar innhaldet, eller kjem med litt informasjon om kva du ser på. Det kan vere ei forklaring av ei viktig hending som blir avbilda, eller noko så enkelt som ei forklaring på kva ein tekst på skjermn betyr, eller korleis komboar blir utført.
Det heile er gjort på ein måte som gjer boka spanande ikkje berre for ein slåstespel- eller retrospelentusiast, men gjer den til ei interessant spelhistoriebok.
Konklusjon
Fatal Fury/Garou Densetsu: The Ultimate History er ei bok som fortel heile historia om Fatal Fury, frå starten i 1991, til der den er no, med fjorårets Fatal Fury: City of the Wolves, eit spel som framleis får nytt innhald.
Det er ei spanande bok som gjennom ein grundig gjennomgang fortel historia både i spela og om utviklinga av dei, samt viser den har endra seg med tida via bilete og ord.
Det er dene siste biten som er den absolutte atraksjonen. Over 400 sider med nydelege bilete som viser utviklinga av ikkje berre Fatal Fury, men òg pikselkunst, og den eventuelle overgangen til 3D.
Om du er hardbarka slåstespelfan, interessert i spelhistorie, eller berre likar gode biletbøker er denne boka absolutt på må ha-lista.